Dan faderlause Guten

(Dikt, 1867)

Av Olav Lofthus


Tone. Stille Nat, o sænk dig blid


Fader du var meg so kjær,
kjær du var og kjær du er.
Eg so braadt laut missa deg,
du som skulde leida meg.
Kven skal no meg raada?
Kvart eg enn vil skoda
ser eg Vandar liggja paa min Veg.


Kven skal byrja Tonen no,
naar me syng til Helgarro?
Kven skal bidja Gud um Fred,
naar um Kveld me legg oss ned?
Kven skal upp oss vekkja?
Kven skal Høyet stekkja?
Herre Gud, til deg um Tröyst eg bed!


Kor kan eg i Far sin Stad
byrja Tonen, bidja glad?
Kor kan eg vel raada meg
fram paa Livsens vande Veg?
Alt eg ser er Villa;
Ingen Fred og Stilla
kan eg sjaa kvarhelst eg vender meg.


Faderlaus dat braatt eg vardt.
Verdi ligg so tung og svart.
Saknad er so saar og tung,
naar ein er so veik og ung.
Men i dina Hender
Gud! mi Sorg eg sender;
du kan gjera dimma Natti bjart.


Eg vil vona at eg vinn
fram og Fader atterfinn
upp i Himmelen hjaa Gud,
dar han sit som Jesu Brud.
Hjelp meg Gud i Verdi
paa dan vanda Ferdi
at eg tolug kjempar Striden ut!
 
 

Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. Laugardagen dan 30de Marts 1867. No 12
og 13.II. Aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad