Song til Bjørgvin

(Vise, 1870)

Av Henrik Krohn

Sungen paa Klosterhaugen i feststemna 17de mai 1870.
Tone: I rosenlund under sagas hal.

Me sjaa eit langskip, som ligg i hamn 
imillom ubygde strender;
men Olav Kyrre stend fram i stamn, 
mot land han augat vender.
Han ser paa vang og nes og fjord, 
han ser til alle sider,
han ser i tanken byen stor
innunder grøne lider.

Han ser dei hus i bakkehall, 
som upp or jordi stiga,
og kyrkjespir og konungshall 
fram fyre augo siga;
han ser dei kvite segl i rad
inn etter fjorden hasta,
han høyrer skip fraa framand stad 
med song sitt allkjer kasta.

Og framsynt konung er ei sein, 
paa verket legg han handi;
so ber han sjølv dan fyrste stein 
til B j ø r g v i n upp aa strandi. 
Hans tanke er som friske fræ, 
um vaaren lagt i jordi.
Og byen veks som mergfullt tre: 
Langt ganga frægdar-ordi.

No treet aatta hundrad aar 
stod under grøne lider,
fekk ofta hogg og skadesaar 
og røynde myrke tider.
Men fram skaut nye blad og kvist
so fagert voks dess kruna, 
og etter Eidsvolldagen visst 
dat fekk sin beste bunad.

Ja Olavs tanke voks seg stor
og sterk aat alle leider.
Sjaa Bjørgvin no kring fager fjord, 
kor vænt han ut seg breider! 
Men tanken er ei fullførd enn,
dat er so mangt at gjera,
og med vil alle Bjørgvinsmenn
i konungsverket vera.

 


Frå Skrifter av Henrik Krohn med fyreord av Kristofer Janson utgjevne av Vestmannalaget. Hovud-Kommissionær Kr. Madsens Bokhandel, Bergen, 1909. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad