Ivar Aasen

(Dikt, 2002)

Av Henrik Krohn

Fræge Mann av Bondastand!
Nettupp du oss kunde gjegna
og um beste Arven hegna,
fria trælkat Fosterland.

At du elskar Folket ditt
og ditt Land med Fjell og Dalar,
høyrest paa kvart Ord du talar,
skin or milda Augat ditt.

All din ypparlege Dug
offrar du aat Fedralandet.
Til at løysa Framandbandet
stend din Tanke og din Hug.

Og du starvar utan Staak.
Med dan retta Mannamilde
alltid fara fram du vilde;
gjeng so Vegen utan Braak.

Men du stig so stødt og beint
imot stride Faavits-Straumen
og mot høge Fordoms-Flaumen,
og du vinna maa um seint.

Hav daa Takk, som atter gav
meg dat slengda Barnamaalet;
no dat skin som bjarta Staalet,
du hev gnikat Rusti av.

Gjeve Gud deg Traatt og Tol
til ditt land at lenge gagna;
smaatt um senn skal Dansken tagna,
giva Rom vaart Bondamaal.

Fremst millom frilyndte
Flokkarne gakk du;
gilde og gjævaste
Guten i Noreg!
Fegne i Faret
me fylgja deg etter,
aukast i Evle
lik ofsaleg Skrida.

[Note:]
Gjegna: høva, gagna


Frå Jostein Krokvik: Henrik Krohn. Bergen: Norsk bokreidingslag 2002. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad