Borgund Kyrkja

(Dikt, 1869)

Av Henrik Krohn

Millom høge Fjell paa grøne Vollen
ligg den myrke Kyrkja bygd av stav,
retter Spirar yver Dølens Grav;
vesall ser du ut mot digre Kollen.
 
 
Men du veld, at sterkt mitt Hjarta bankar,
farne Minne fraa den forne Tid!
Bod du ber, at midt i all sin Strid
hadde mine Feder fagre Tankar.
 
 
Aalvorsamt du ned til Ætti talar
med ditt væne, heimelege Snid,
manar henne vera norsk i Sed,
som det høver Folk i norske Dalar.
 
 
Litle Kyrkja, du kann Tjodi læra,
at ho atter verda maa seg sjølv;
difyr me kvar Stav, kvar Spon, kvar Fjøl,
verja maa og halda deg i Æra.
 
 
Attved digre Stav eg stend og drøymer
meg i Framtid inn, daa enn ein Gong
Herrens Ord og Folksens Salmesong
paa vaart eiget Maal i Kyrkja strøymer.
 
 

Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson. Bergen, Forlagt av Ed. B. Giertsen, 1869. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad