Marit Kaldhol

Marit Kaldhol, lyrikar og barnebokforfattar med internasjonalt gjennomslag. Kaldhols særmerke er biletbøker for barn og poetiske forteljingar for unge. Ho har i tillegg gitt ut lyrikk, noveller og romanar for vaksne.

Marit Kaldhol
Marit Kaldhol (foto: Øyvind Eide)

Kaldhol er fødd 13. april 1955 i Ålesund og bur same staden. Ho har lærarutdanning frå 1977, grunnfag i kristendomskunnskap frå 1978, årskurs i moderne dans frå 1979 og mellomfag i nordisk frå 1991. Ho tok dessutan grunnfag i spansk/latinamerikanske studiar i 1998. Kaldhol har undervist i grunnskulen og den vidaregåande skulen og held skrivekurs for lærarar, kunststudentar og andre.
Ho var med på å danne Møre og Romsdal Forfattarlag i 1983 og var leiar av laget i fleire år. I Det litterære rådet i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere var ho nestleiar 2001–2003 og leiar 2003–2005.
Marit Kaldhol debuterte i 1983 med diktsamlinga Lattermilde laken. Barneboka Farvel, Rune har oppnådd fleire internasjonale barnebokprisar, Premio Europeo Pier Paolo Vergerio i 1987 og Deutsche Jugendliteraturpreis i 1988. I 2001 fekk ho Samlagsprisen. Kaldhol fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Kino (2006) og for Søkeord: ayotzintli (2010), og Nynorsk barnelitteraturpris 2015 for boka Zweet.

Farvel, Rune
Biletboka Farvel, Rune (1986, illustrert av Wenche Øyen) er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangeren. Boka skildrar sorga til ei småjente som misser leikekameraten sin ved ei drukningsulykke. Boka er omsett til over tolv språk og utgitt i mange land, mellom anna Japan, USA og Canada. Dette er den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.

Enkelt om det innfløkte
Sidan debutboka har Marit Kaldhol skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom. Det er bøker for små barn med tekst og bilete, lettles-bøker og bøker for større barn og ungdom. Ho har òg skrive for barnetimen for dei minste i NRK.

Ungdomspoesi
Kaldhol skriv lett tilgjengelege og psykologisk gjenkjennelege tekstar for ungdom, samtidig som ho bryt kvardagsrealismen og fabulerer i ukjende fantasiland. Ungdomsromanen har du peiling på fisk? (1999) handlar om ein ung gut på evig leiting etter ein far som kanskje omkom i ei bilulukke før han var fødd. Guten kolliderer med sykkelen, misser livet og kjem til himmelen, der han møter John Lennon og Ivar Aasen.
Diktboka Ho som ror (2007) er eit høgdepunkt i ungdomslitteraturen til Kaldhol. Dikta fortel om ei ung jente som grip årene og ror. Vi blir med på ein rotur gjennom tida, der ungjenta sansar og utforskar, drøymer og lengtar.
Kino (2006) er ei samling kloke og vare noveller for ungdom om vaknande erotikk og pubertet, ambivalens, lyst og begjær.

Bøker for vaksne
Kaldhols spesielle evne til å skildre barndom pregar også vaksenbøkene. Dei handlar ofte om barn og barndom eller skifter mellom minnestoff og notid. I romanen Blondene gir seg ikkje (2006) kjem barndommen og oppveksten til syne som glimt og hemmelege rom i sanselandskapet. Gjennom poetiske bilete kan barndomsinntrykka få kome til uttrykk og bli arbeidde med gjennom dei fantasifulle og groteske hemnmanøvrane i ettertid som språket gjer mogeleg.

Frå Sigrid Bø Grønstøl: "Marit Kaldhol", Allkunne.no, sist oppdatert 1.11.2016 [lesedato 29.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.