Solundkjeringa

(Lesestykke, 1930)

Av Olav Jakobsson Høyem

Etterat de stodat berre ei kjørkje på Bynesse, måta de så til eingong, at "mannen på Lauseta" var medhjelpar in med Steinskjørkja. Ein julmorgo reid han heiman noko tidleg for å vårrå tidsnok til steds og stelle til reide førre preika. Men da han kom opi Solunden, visste han ikkje orde tåv, før ei jarndør sprang op i slette bergveggja. Han sjer til sides og bli vare ei lita kjering, som står i døren og sei: "God morgo" åt honom. "Du må da ikkje ride forbi døra mi, utan at du småkå på julskjenken min," sei ho. Ja, han fin seg i dette og staner hesten sin. Og ut kom kjeringja med eit glupst sølvstaup; de var både stort og skjinandes; og fult var de av vin, som de tyktes. Han tok tå henne staupe og meita til og skulde drikke, men slo det som ti var atover hovue sit og la til flekkjings åt kjørkjon med staupe. Ein dråpå draup ned pa hestbakjen; og han brænte utåv håra der han kom!

No vart ho rasandes gælen og ropa etter honom: bi, bi, bi, til eg får på meg tvillebrokja mi. Og med de så la ho til ini bergje og hadde på seg brokja si. Men han fek slikt førresprang, at han var nedmed kjørkja, da ho kom frampå Langlotrøene. De fortaste han kunde laup han nedi kjørkja og løyste kjørkjeklokkone, for han visste så vel de, at ho ikkje tålte å høyre dem. Og først at klokkelåten nådde øyrom hennar, stupa trolle og gik for de!

Solunden er tryg for trol seda. Men ænno den dag idag kan folk høgt op i eit flaug der finne eit mangedelt og romelegt berghol etter henne! No har kjørkja staupe; og ikkjeno vondt har makt med det meir; for klokkemalmen tok velde av trollom.


Frå Olav Røkke: Olav Jakobsson Høyem. Norsk folkelesnad II. Nidaros: Nidaros folkeskriftnemnd 1930. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad