Om oplesing

(Artikkel, 1865)

Av Olav Jakobsson Høyem
 
 
No for tida blir det ikkje berre utgjeve avisor, men ogso bøker, både små og store, som tydeleg nok gjer rekning på å bli lesne, likso vel i lægre som i høgre samfundslag. Men det er ei so velkjend sak, at storparten av folket vårt treng fleire gonger so lang tid til å lesa nokre spaltor i ei avis eller nokre blad i ei bok enn dei treng som er godt opøvde i lesing. Og difor går det òg tungt og seint med å eigne åt seg innhaldet av det dei les. Det er då ikkje underleg at folk jamnast fylgjer so dårleg med tida i dette stykket d. v. s. at dei les få eller ingen bøker, når ein reknar frå deim som dei etter beste evnemålesa, og at det enno høyrer til det vanlege at bøker for ålmugen ikkje kjem stort ut millom vanleg folk og enno mindre blir lesne med noko vidare vinning. Det er vel kjend at vanlege folk legg ]ite merke til bokmeldingar og lysingar av nye bøker frå bokhandlarar, og slett ikkje tenkjer dei på å rå seg til ei lita god boksamling for huslyden. Det er då vanleg at dei ser på slikt "verdsleg" bokstell som noko som ikkje kjem deim ved, men som berre dei lærde må stelle med. Og det er no overlag om huset har nokre fleire "religiøse" bøker enn dei høgst naudsynlege.
 
 
Men når ein minnest at det i grunnen er fyrst i dette hundraåret at det norske folk har vedteke den loven som byd ålmugen å lære å lesa, og at det endå i slutten av førre hundraåret var presten som sa føre katekisma for konfirmantane so lenge til dei kunde det, og at det dermed var nok, - so finn ein seg lettare til rette med det som det no er, endå det er eit dårleg stell.
Det går likevel framover. Og etter kvart som målet i blad og bøker blir meir likt ålmugen sitt, vil det gå endå mykje betre og fortare fram. Målsoga i dei siste 25 år syner oss greitt det.
Dersom ein no reknar med alt dette og dessutan hugsar på at ålmugemannen serleg i dei siste åra har vorte nedlagt med hardt kroppsleg arbeid frå morgon til kveld, so må ein gå med på at det må bli lite tid og høve til å koma nokon veg med å fylgje med tida i bokheimen, endå dei prøver på det i sume heimar, anten med å lesa kvar for seg eller det er ein som les høgt om kveldane for heile huslyden, og det er sjølvsagt at slike oplesingar ofte blir so som so, både når det gjeld bokval og lesing, og difor blir dei ikkje til so stort gagn som dei kunde ha vorte. Ein blir då nøydd til å vedgå at ålmugemannen enno for ein stor del har lite gagn av bokheimen vår.
Difor må ein glede seg over å sjå at ålmugemannen prøver so godt han maktar å nytte ut dei boklege hjelperåder, anten med å kjøpe bøker eller låne i boksamlingane. Like eins må ein vera takksam mot dei mennene som held foredrag over nyttige og lærerike emne og soleis verkar opsedande og gjev ålmugen oplysning. Men det er noko som enno står att, og som tvillaust vilde vera til stor signing, dersom det var teke op for fullt ålvor og gjort på ein skynsam måte. Eg meineroffentlege oplesingar av den nyare bokheimen vår, slikt som bøkerne åt våre folkelege bokmenner, folkelivsskildringar og lettare dikt av notidsdiktarane våre, reiseskildringar av ymse slag o. m. a,[sic] når berre målet var slik at dei som er mindre komme i bokleg daning kunde fylgje lett med. For elles vilde ein ikkje nå det ein tenkte, og åhøyrarflokken bli burte. Her vilde i fullaste meining bli so at "hugen må draga lasset".
 
 
Og med dette bed eg då alle deim som på ein eller annan måte kan ha høve til å gjera noko for å hjelpe denne saka fram og stydje tanken best mogeleg, slike som forretningstyre, skulestyre, prestar, lærarar; og kvifor kan ikkje kommunestyra både i by og bygd hjelpe til?
Det er vel og bra å ha det annvint med å arbeide mot tom og fårleg moro; men det er ei gamal røynsle, at det er lite gagn i å seiea, når ein ikkje seierbog. Det er berre for ein åugneblink det er gagn i å rope: tak ikkje, smak ikkje, rør ikkje! Dersom ein ikkje kan gje vedkomande noko betre i staden og leggje dette fram på ein slik måte at det gode hos deim går ved at dette er meir verdt enn det andre, - då gjer ein omlag det same som om gartnaren berre sletta til jorda og jamt plukka ugraset or hagesengene, men let vera å så i deim.
Men gjev folk høve til god og opsedande ånds- og hjartedanande moro, so kjem han burt av seg sjølv lysten til rå og åndstom moro.
 
 

Frå Olav Røkke: Olav Jakobsson Høyem. Norsk folkelesnad II. Nidaros: Nidaros folkeskriftnemnd 1930. Artikkelen vart opphavleg prenta i Trondhjems Adresseavis 7. desember 1865. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad