Olav Høyem
Olav Jakobsson Høyem, lærar frå Byneset som gav ut skulebøker i si eiga landsmålsform. Han kjempa for eit skriftspråk som låg nær talemålet i Trøndelag.
![]() |
Olav Høyem |
Høyem var ein ihuga opplysingsmann som ville gjere både verdslege og religiøse emne lettare tilgjengelege for folk. Difor skreiv han mykje i avisene, engasjerte seg for folkehøgskulane og venstrepolitikk og gav ut fleire bøker. Høyem syntest Aasen-målet var for stivt, og han la tekstene sine nærmare den daglege dialektbruken i Trøndelag og på Austlandet.
Dei viktigaste bøkene hans er Barn-lærddomen eller den litle katekjesen(1873) og Den helige saga og kjørkjesaga(1881), Høyem skreiv også bøker som Bondehjelpar i ny mynt, mål og vegt (1876) og Tysk gjort let ved norsk bygdamål og landsmål (1889).
Frå Per Halse : "Olav Høyem", Allkunne.no, sist oppdatert 22.3.2017 [lesedato 29.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.
Publisert av Siri Beate GjerdePublisert
Bjønnen og Gaustadkallen
(Lesestykke, 1930)
Bondehjelpar i ny mynt, mål og vegt, i tidelingsrekning o.m.m.
(Innleiing, 1876)
Draggalten
(Forteljing, 1893)
Hyllsteinen
(Lesestykke, 1930)
Om oplesing
(Artikkel, 1865)
Solundkjeringa
(Lesestykke, 1930)
Svensken på Høyem
(Lesestykke, 1930)
Svensken på Stein
(Lesestykke, 1930)
Til Island
(Dikt, 1901)