Blad frå ein austleg hage

(Dikt, 1965, utdrag)

1
 
Er det eit visna blad
som flyg attende til greina?
Nei-
eit fivreld!
 
2
 
Fullmånen
Ei einaste kule
av bleik
kulde
 
3
 
På vandring
med min sjuke kropp
Utpå visna marker
spring mine draumar
 
4
 
Natta fell
over denne vegen
der ingen går
 

Frå Paal-Helge Haugen:  Blad frå ein austleg hage. Det Norske Samlaget 1965. Side 31-32.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.