Pilegrimsferdi

(Omsetjing, 1868)

[Omsett av Georg Grieg]
 
Som eg gjekk igjenom Ulendi i denne Verdi, kom eg til ein Stad, der det var ein Heller, og der lagde eg meg til at sova, og medan eg sov, drøymde eg og tyktest sjaa ein Mann klædd i Larvar; han stod med Andlitet snutt fraa sitt eiget Hus og heldt ei Bok i Handi og hadde ei stor Byrd paa Ryggen. (Esai. 64, 6. Luk. 14, 33. Salm 38, 4.) Eg saag honom opna Boki og lesa i henne, og som han var aat og las, daa gret han og skalv, og daa han ikkje var god til at halda fram lenger, tok han til at klaga seg høgt og ropade: "Kvat skal eg gjera?" (Ap. Gj. 2, 37.)
 
I dette Hugføret gjekk han heim, men tvingade seg so lenge han vann, at ikkje Kona hans og Borni skulde merka hans Sorgmøde; men han kunde ikkje tegja seg lenge, for hans Kvida vardt jamt større. Daa opnade han umsider sitt Hjarta fyre Kona og Bornom og talade so til deim: "Aa, kjære Kona  mi," sagde han, "og de, Borni mine, eg er reint raadlaus fyre den Byrdi, som tyngjer paa meg, og so er det sagt meg fyre visst, at denne vaar Bustad skal verda brend av Eld fraa Himmelen, og i denne Umveltingi skulo me tynast harmelega, baade eg og du, Kona mi, og de, kjære Smaaborni mine, soframt me ikkje kunna hitta einkvar Frelsesveg, som eg endaa ikkje ser." Folket hans undradest myket paa detta, ikkje av di dei trudde paa det han sagde, men av di dei tenkte, at einkvar Galenskap hadde sett seg i hans Hovud. Og daa det leid mot Natti, skundade dei seg med at faa honom i Seng, og vonade, at Svevnen skulde bøta paa hans Vit. Men Natti var honom lika tung som Dagen, og i Staden fyre at sova, laag han i Andvarp og Taaror. Daa Morgonen var komen, vilde dei vita, kor det gjekk med honom. "Verre og verre," sagde han, og so talade han atter til deim; men dei toko til at forherdast og tenkte at driva burt hans Uluna med Haad og Hardende; ymist logo dei aat honom elder skjelte paa honom, stundom brydde dei seg slett ikkje um honom. Difyre hadde han seg undan og gjekk inn i si Stova og ynkade deim og bad fyre deim og klagade seg fyre si eigi Naud. Stundom reikade han einsaman ut i Marki, ymist lesande elder bidjande, og paa den Maaten leid det nokre Dagar.
 
Ein Gong saag eg honom reika i Marki og lesa i Boki som vanlegt; daa var han myket hugsjuk, og i di han las, gret han og ropade: "Kvat skal eg gjera, so eg kann verda frelst?" (Ap. Gj. 16, 30.) Eg saag ogso, at han skodade til ymse Sidor, lika som han tenkte at flya; men han stod still, av di han, som det syntest meg, ikkje visste kvart han skulde taka Vegen. Daa saag eg, at det kom ein Mann til honom, som heitte Naadelærar, og han spurde honom: "Kvi ropar du?" Han svarade: "Eg ser av denne Boki, som eg held i Handi, at eg er dømd til at døya og deretter koma fyre Domen, (Hebr. 7, 27.) og eg finn meg ikkje viljug til det fyrste (Job 16, 21. 22.) og ikkje før til det sidste." (Esek. 22, 14.) Daa sagde Naadelærar: "Kvi vil du ikkje døya, naar det er slik Vesaldom i dette Liv?" Mannen svarade: "Av di eg ræddast, at denne Byrdi, som ligg paa meg, skal søkkja meg djupare en i Gravi, og eg skal falla i Djupet; (Esai. 30, 33.) og er eg ikkje før til at ganga i Fengslet, so er eg helder ikkje før til at ganga til Domen og derifraa til Refsingi, og desse Tankar var det, som fekk meg til at ropa." Daa sagde Naadelærar: "Naar det er so voret med deg, kvi stend du daa her?" Han svarade: "Av di eg ikkje veit kvart eg skal ganga." Daa gav Naadelærar honom ei Brevrulla, og der var det skrivet dei Ordi: "Fly den komande Vreiden." (Matt. 3, 7.) Mannen las det og saag helder hugsjuk paa honom Naadelærar og sagde: "Kvart skal eg flya?" Daa sagde Naadelærar og visade med Fingren ut yver ei stor Vidd: "Ser du Porten der burte?" (Matt. 7, 13. 14.) Mannen svarade: "Nei." Daa sagde hin: "Ser du det skinande Ljoset?" (Salm 119, 105. 2 Petr. 1, 19.) Han svarade: "Eg tykjest sjaa det." Daa sagde Naadelærar: "Fest Augat paa dette Ljoset og gakk beint dit, so fær du sjaa Porten, og naar du bankar paa, daa verd det sagt deg kvat du skal gjera."
 
Daa saag eg i Draume, at Mannen tok til at springa. Men han var ikkje komen langt fraa si Husdyr, fyrr en Kona hans og Borni merkade det og toko til at ropa etter honom, at han skulde snu atter. Men han stakk Fingrarne i Øyro og sprang frametter og ropade: "Liv, Liv, ævelegt Liv!" (Luk. 14, 26.) Han saag seg ikkje i kring, men flydde til dess han var komen midt ut paa Sletta. (1 Mos. 19, 17.) Grannarne komo og ut og vilde sjaa honom springa; (Jer. 20, 10.) sume hædde honom, andre trugade, og nokre ropade etter honom, at han skulde snu atter. Med deim, som det gjorde, var det tvo Menner, som vaaro fast raadne til at føra honom heimatter med Vald. Den eine heitte Traalynd, og hin heitte Lettlynd. Mannen var no komen eit godt Stykke i Fyrevegen, men dei hadde sett seg paa at forfylgja honom, og so naadde dei honom snart atter. Daa sagde Mannen: "Kvi ero de komne, Grannar?" Dei sagde: "Me vilja telja deg til at snu atter med oss." Men han sagde til deim: "Det er ugjerande. Dykkar Heim er Tjonsstaden, der som eg og er fødd, det veit eg; men naar de ein Gong døya der fyrr elder sidar, daa søkka de djupare en i Gravi, i den Staden, som logar av Eld og Brennestein. Late etter, gode Grannar, og fylgje med meg."
 
"Kvat?"sagde Traalynd, "me skulde skiljast fraa vaare Viner og alt vaart Hyggje?"
 
"Ja," svarade Kristen (det det var hans Namn) "for alt, kvat de forlata, er ikkje liknande med den minste Ting av det, som eg freistar at vinna, (2 Kor. 4, 18.) og vilja de fylgja meg, so skal det same ganga yver oss alle, for paa den Staden, som eg gjeng til, er det riklega nog. (Luk. 15, 17.) Kome med meg, so kunna de faa røyna Sanningi av det, som eg segjer."
 
Traalynd.Kvat Ting er det daa, som du leitar etter, sidan du vil skiljast fraa all Verdi til at finna deim?
 
Kristen.Eg leitar etter ein uøydeleg og fullkomen og uforgjengeleg Ervelut, som er gøymd i Himmelen, (1 Petr. 1, 4. Hebr. 11,1 6.) at han paa si Tid skal verda gjeven alle deim, som med Aalvora leita etter honom. Du kann lesa det, um du vil, i denne Boki.
 
Traalynd.Berre Vas! Burt med di Bok! Vil du snu atter med oss elder ei?
 
Kristen.Nei ikkje eg, for eg hever lagt mi Hand paa Plogen. (Luk. 9, 62.)
 
Traalynd. Kom daa, Granne Lettlynd, lat oss snu atter og ganga heim utan honom. Det er ei heil Mukka av desse vitlause Narr, som hava slike Grillor og i sine eigne Augo tykjast visare en sjau andre, som hava rette Vitet. (Ordkv. 26, 16.) 
 
Daa sagdeLettlynd:"Lat oss ikkje hæda honom. Soframt det er sant, som den gode Kristen segjer, so ero dei Ting, som han leitar etter, betre en vaare, og eg kunde vel vera hugad paa at ganga med Grannen min."
 
Traalynd.Kvat? Endaa fleire Narr? Far du etter mi Raad og gakk heim atter. Kven veit, kvart slik ein vitsjuk Selle vil føra deg. Vend um, vend um, og ver klok.
 
Kristen.Kom med meg, Granne Lettlynd. Der er det slike Ting at faa, som eg talade um, og dertil myki onnor Velsemd. Men trur du ikkje meg, so les her i denne Boki, og Sannleiken av alt det, som er skrivet i henne, er stadfest med hans Blod, som hever gjort henne. (Hebr. 9, 17-26.)
 
Lettlynd.No vel, Granne Traalynd, eg etlar meg til at fylgja denne gode Mannen og vaaga paa det med honom. Men, gode Lagsmann, veit du Vegen til denne ynkjelege Staden?
 
Kristen.Eg er rettleidd av ein Mann, som heiter Naadelærar, at eg skulde skunda meg aat ein liten Port, som er framfyre oss, og der skulo me faa Visende um Vegen.
 
Lettlynd.Kom daa, gode Granne, lat oss halda fram.
 
Og so gingo dei baade av Stad.
 
"Og eg," sa Traalynd, "vil ganga heim atter; eg vil ikkje slaa Lag med slike ørskefulle Sellar."
 
No saag eg i Draume, at daa Traalynd gjekk heim atter, gingo dei Kristen og Lettlynd og talade saman ut etter Sletta. Dei byrjade Samtalen soleides:
 
Kristen.No, Granne Lettlynd, kor stend det til? Eg er glad, at eg fekk deg til at ganga med meg. Hadde berre Traalynd kjent Krafterna og Rædslorna av det, som endaa er useet, so som eg hever kjent det, so hadde han ikkje snutt oss Ryggen so snøgt.
 
Lettlynd.Vel, Granne Kristen, sidan det er ikkje fleire en me tvo her, so seg meg nokot meir um dei Ting, som me leita etter, og kor me skulo njota deim.
 
Kristen. Eg kann betre fata deim med Hugen en tala um deim med Tunga; men sidan du ynskjer at faa vita det, so skal eg lesa um deim i mi Bok.
 
Letlynd.Trur du, at det er sant, det som stend i Boki?
 
Kristen.Ja i Vissa; for han, som hever gjort Boki, kann ikkje ljuga. (Tit. 1, 2.)
 
Lettlynd.Godt og vel. Kvat Ting er det daa?
 
Kristen.Det er eit uendelegt Kongerike og eit ævenlegt Liv, som verd oss gjevet, so at me faa bu i dette Riket i Ævelengdi. (Esai. 45, 17. Joh. 10, 27-29.)
 
Lettlynd.Vel, og kvat meir?
 
Kristen.Der ero Ærekrunor, som verda oss gjevne, og Klæde, som gjera oss skinande som Soli paa Himmels Festingi. (2 Tim. 4, 8. Op. 3, 4. Matt. 13, 43.)
 
Lettlynd.Det er yndelegt. Kvat meir er der?
 
Kristen.Der skal ikkje vera nokon Graat meir, elder Sorg; for han, som eig denne Staden, skal turka alle Taaror av vaare Augo. (Esai. 25, 8.; 35, 10. Op. 7, 16. 17.; 21, 4.)
 
Lettlynd.Kvat Samlag skulo me der hava?
 
Kristen. Der skulo me vera med Serafer og Kjeruber, Skjepnor, som med sin Glans dimma di Syn, naar du skodar paa deim. (Esai. 6, 2.) Der skal du og finna Tusund, ja tio Tusund av deim, som hava gjenget fyre oss til den Staden; ingen av deim er slik, at han gjerer nokon uglad, men alle ero kjærleiksfulle og heilage, og kvar ein gjeng fyre Guds Andlit og stend framfyre honom og er honom tekkjeleg. (1 Tess. 4, 16. 17. Op. 5, 11.) Stutt at segja, der skulo me sjaa Samlingarne med sine gylde Krunor, (Op. 4, 4.) dei heilage Møyar med sine gylde Harpor; (Op. 14, 1-5) der skulo me sjaa deim, som hava her i Heimen voret sunderhogne, brende i Eld, uppetne av ville Dyr, støypte paa Havsens Botn, fyre sin Kjærleike mot Herren paa denne Staden. (Hebr. 11, 33-40. Joh. 12, 25.) Der ero dei alle vel bergade og iklædde Udaudlegskap som ein Klædebunad. (2 Kor. 5, 2-4.)
 
Lettlynd.At lyda paa detta er nog til at gledja ein i Hjartat. Men ero desse Ting havande? Og kor kunna me faa Lut i deim?
 
Kristen.Herren, som styrer det Landet, hever lyst det i denne Boki, og Mergen av henne er, at um me i Sanning vilja hava det, so vil han giva oss det fritt. (Esai. 55, 1. 2. Joh. 6, 37.; 7, 37. Op. 21, 6.; 22, 17.)
 
Lettlynd.Vel, gode Lagsmann, eg er myket glad ved at høyra um desse Ting. Lat oss no skunda paa.
 
Kristen.Eg fær ikkje ganga so fort som eg vilde, fyre den Byrdi, som ligg meg paa Rygge.
 
 
 
No saag eg i Draume, at rett som dei hadde endat denne Samtalen, vaaro dei komne aat eit Dike, som var midt paa Sletta, og daa dei ikkje agtade seg, dotto dei baade braadlega nedi. Namnet paa Diket var Vantrøyste. Her vodo dei no ei Stund og vordo fælt utskvette av Sauren, og Kristen, som hadde Byrdi paa Ryggen, tok til at siga ned i Dyet.
 
Daa sagdeLettlynd: "Aa, Granne Kristen, kvar ero me no?" "Sant at segja," svarade Kristen, "so veit eg det ikkje." Daa tok Lettlynd til at vreidast og sagde til sin Lagsmann: "Er detta den Sæla, som du heile Tidi hever rødt um? Naar me hava slik Uheppa paa fyrste Handi, kvat maa me daa ei venta, fyrr me hava naatt fram? Kann eg koma meg undan med Livet, so skal du fyre meg faa havadet hæve Landet einsaman." Og dermed gjorde han nokre Ovtak og kom seg upp or Søyla paa den Sida aat Diket, som var næst hans Hus; so gjekk han sin Veg, og Kristen saag honom ikkje meir.
 
No vardt Kristen einsaman atter og baskade i Vantrøystes-Diket; han røynde seg daa til at vinna fram til den Sida aat Diket, som laag lengst fraa hans eiget Hus og nær den tronge Porten; men so kunde han ikkje koma uppor fyre Byrdi, som laag paa hans Rygg. Daa saag eg i Draume, at det kom ein Mann til honom, som heitte Hjelpar, og spurde kvat han gjorde der.
 
"Herre," sagde Kristen, "ein Mann, som heiter Naadelærar, baud meg ganga denne Vegen; han visade meg og til Porten der burte, so eg maatte sleppa undan den komande Vreiden, og paa Vegen dit datt eg nedi her."
 
Hjelpar.Men kvi saag du ikkje etter Fotafaret?
 
Kristen.Otten dreiv meg so hardt, at eg flydde stuttaste Vegen og datt nedi.
 
Daa sagde Hjelpar: "Rett meg Handi." Kristen rette henne upp, og Hjelpar drog honom daa upp aa faste Marki og baud honom halda fram paa Vegen. (Salm 40, 2. 3.)
 
Daa gjekk eg fram til den, som hadde dreget honom Kristen upp, og sagde: "Naar Vegen fraa Tjonsstaden til den tronge Porten ligg yver dette Lendet, kvi bøta dei daa ikkje dette Stykket, so at arme Ferdamenner maa koma dit uskadde?" Han svarade meg: "Dette søylutte Diket er slikt, at det er reint ubøtande. Det er den Grovi, der all den Sauren og alt det Sorpet jamt renn ned, som fylgjer med Yvervitning um Syndi, og difyre verd det kallat Vantrøystes-Diket; for naar Syndaren vaknar ved sitt fortapade Tilstand, daa ris det jamt upp i hans Saal myken Otte og Tvil og tunge Tankar, som alt renn saman paa denne Staden; detta er Grunnen til at Jordvegen her er so vond. Men Kongen vil ikkje det, at denne Staden skal jamt vera so vond; (Esai. 35, 3. 4. 8.) difyre hava hans Verkmenner etter Bod fraa hans Umbodsmenner i meir en sekstan hundrad Aaar *) syslat med dette Lendet, um det var gjerande at faa bøtt det. Og det veit eg," sagde han, "at her hever det voret nedsøkkt minst tjugo tusund Kjerrelass, ja Millioner med gangnlege Lærdomar, som paa alle Tider hava voret flutte fraa alle Stader i Kongslandom til at bøta denne Staden, og dei, som skyna det, segja at det var det beste Emne til ein god Vegbygnad. Men lika fullt er det eit Vantrøystes-Dike, og vil vera det, kvat dei so gjera. Der er vistnog etter Tilsetning av Loggivaren nokre gode og trauste Gangstigar yver Diket; men paa den Tid, daa Diket kastar upp Dyet, so som det gjerer med Vedrskifte, kann ein knapt sjaa desse Stigarne; elder um dei ero synlege, so stiga Folk utfyre, av di dei verda svimruge, og so verda dei reint sulkade; men so snart som ein er komen inn um Porten, verd Grunnen god." (1 Sam. 12, 23.)
 
No saag eg i Draume, at ved dette Bilet var han Lettlynd heimkomen. Hans Grannar komo daa og vitjade honom, og sume sagde, at han var ein klok Mann, som hadde snutt atter; andre kallade honom ein Daare, som hadde vaagat seg til at fara med honom Kristen. Nokre gjorde Narr av hans Ræddhug og sagde: "Naar eg fyrst hadde teket til med det, so skulde eg ikkje voret so vesall at giva meg fyre nokre faae Meinføre." Lettlynd sat no reint skamfull imillom deim, men sidstpaa fekk han meir Mod, og dei vende daa sin Tale og toko til at hæda den arme Kristen og lægja honom ut paa hans Bak. So myket um Lettlynd.
 
 
 
Kristengjekk no frametter einsaman, og daa saag han ein Mann langt burte, som kom imot honom tvert yver Marki, og det høvde so til, at dei møttest just paa Tvervegen. Namnet paa denne Mannen var Verdslegviis. Han budde i den Byen, som heiter Verdsleg Klokskap, ein myket stor By, som laag ved Bustaden hans Kristen. Denne Mannen, som møtte Kristen, hadde høyrt Folk røda um honom, for Burtferdi hans Kristen fraa Tjonsstaden vardt vida spurd, ikkje berre der han budde, men ho kom og i Høgmæle paa andre Stader. Verdslegviis gissade daa kven han var, daa han saag det tunge Gangelaget og høyrde hans Styn og Andvarp, og so tok han til at røda med Kristen soleides:
 
Verdslegviis.Kvart skal du, gode Mann, so tungt som du er lesst?
 
Kristen.Ja, tungt lesst, sant er det, so tungt som ein Arming nokorsinne var det, tenkjer eg. Og naar du spyrr, kvart eg skal, daa maa eg segja deg, at eg etlar meg til Porten der framfyre meg; for eg hever frett, at eg der fær vita kor eg kann sleppa mi tunge Byrd.
 
Verdslegviis.Hever du ikkje Kona og Born?
 
Kristen.Jau, men no er eg so lesst med denne Byrdi, at eg hever ikkje det Hyggje av deim som fyrr; ja, det synest meg som eg ikkje aatte deim. (1 Kor. 7, 29).
 
Verdslegviis.Vil du lyda paa meg, um eg giv deg ei Raad?
 
Kristen.  Um ho er god, so vil eg gjera det, for eg tarv ei god Raad.
 
Verdslegviis.Daa raader eg deg, at du snøgt fær fraa deg di Byrd, for ikkje fær du fyrr Ro i Hugen, og helder ikkje fær du fyrr nokot Gagn av dei Velsigningar, som Gud hever gjevet deg.
 
Kristen.Det er just kvat eg lengtar etter, at faa fraa meg denne tunge Byrdi. Men eg kann ikkje sjølv kasta henne av meg, og helder ikkje er det ein Mann i vaart Land, som kann taka henne av Herdom pa meg; difyre fer eg denne Vagen, som eg sagde deg, til at faa mi Byrd fraa meg.
 
Verdslegviis. Kven bad deg fara denne Vegen til at faa henne fraa deg?
 
Kristen.Ein Mann, som syntest meg vera ein vyrdande Herremann. Eg minnest, at hans Namn var Naadelærar.
 
Verdslegviis.Skam faa han med si Raad! Det bid ikkje i all Verdi nokon Veg, som er faarlegare og mødesamare en den, som han hever visat deg paa, og det skal du faa sanna, um du vil fylgja hans Raad. Du hever alt røynt eitkvart, kann eg sjaa, for eg ser Sauren or Vantrøystes-Diket paa deg;  men dette Diket er berre Inngangen til dei Sorger, som fylgja deim, som ganga fram paa den Vegen. Lyd paa meg; eg er eldre en du. Paa den Vegen, som du gjeng, er det liklegt, at du skal verda fyre Mødor, Pinslor, Svult, Taaror, Nakenskap, Sverd, Løvor, Drakar, Myrker, og i eitt Ord, Daude og alt ilt; detta er i Vissa sant og hever voret stadfest med mange Vitnesburdar. Og kvi skulde ein so uskøyten tyna seg med at lyda paa framandt Folk?
 
Kristen. Men denne Byrdi paa Ryggen er myket fælslegare en alle dei Ting, som du hever upptalt; ja, eg skulde ikkje giva meg um nokon Ting, som kunde henda meg paa Vegen, naar eg berre vardt fri fyre mi Byrd.
 
Verdslegviis.Kor fekk du fyrst denne Byrdi paa deg?
 
Kristen. Det var av Lesnad i denne Boki, som eg held i Handi.
 
Verdslegviis. Det tenkte eg; og so hever det gjenget med deg som med andre veike Menner, som faast med Ting, som ero deim for høge, og daa braadt verda øre i Hovudet. Og i slik Ørsla verda dei ikkje berre til Vanmenne, so som eg ser at du er vorden, men dei verda og drivne til faarlege Tiltøke til at faa eitkvart, som dei sjølve ikkje vita kvat er.
 
Kristen.Eg veit kvat eg vilde faa; det er Fred fyre mi tunge Byrd.
 
[...]
 
[Fotnote]*) Fyrste Deildi av Pilegrimsferdi vardt skrivi millom Aarom 1660 og 1672.
 
 
[Ordliste - lista gjeld heile boka og inneheld ord som ikkje finst i utdraget ovanfor.]
 
Andvaken, aarvaagen.
Andvarp, Sukk.
Audmyksla, Ydmygelse.
Audmykt, Ydmyghed.
Dike, Sump.
Durvakar, Dørvogter.
Dy, Dynd.
Døme, Exempel.
Eiter, Gift.
Fagnad, Glæde, Lykke.
Formetræl, Formalist.
Fortolor, Forestillinger, Overtalelse.
Fremd, Forfremmelse.
Frægd, Berømmelse.
Fyrelovning, Forjættelse.
garta, skjemte, spøge.
gjøla, smigre.
Grimd, Grusomhed.
Hardende, hardhed, Strenghed.
harma, bedrøve.
Haad, Spot, Haan.
Heim, Hjem; Verden.
Heller, Hule.
Herd, Skulder.
Herfang, Bytte.
Hold, Kjød.
hovsam, maadeholden, afholden.
hugga, trøste.
Hugning, Trøst.
hyda, hudstryge.
hæda, spotte, haane.
Høgvyrda, Majestæt.
Idn, Virksomhed.
jorta, tygge Drøv.
kvat, ivrig.
kverva, svinde.
Livd, Beskyttelse.
Logvise, en som lever lovmæssigt.
Meinføre, Hindring, Vanskelighed.
Næsting, Næste.
ormegtast, blive agmægtig.
Orvon, Fortvivlelse.
Otte, Frygt.
Ovkjæta, Vellyst.
Reist, Skjæl paa Fisk.
røyna, prøve, erfare.
sakad, skyldig.
Saal, Sjæl.
Sedsemd, Sædelighed.
Sedvise, sædelig Person.
semjast, komme overeens.
Skipnad, Anordning.
Skjepna, Skabning, Kreatur.
skjerrast, sky.
Skrymtar, Hykler.
Skurd-Onn, Høsten.
Skylda, Pligt.
Skyldfolk, Slægtninge.
Storlæta, Stolthed.
styggjast ved, afsky.
Styggje, Afskyelighed.
styven, dum.
sulka, besudle, tilsøle.
Sundertykke, Uenighed.
Svallar, snaksom Person.
Sæla, Salighed.
tauvra, forhexe.
Tinnestein, Flintesteen.
Tjon, Fordærvelse, Ødelæggelse.
traalynd, stivsindet.
trjota, ophøre, faa Ende.
Ulende, vild Egn.
Umvitning, Bekjendelse.
Vande, Vanskelighed.
Vantrøyste, Forsagthed.
Vanvyrda, Ringeagt.
vardveita, bevare, forvare.
vaarkynna, ynke, beklage.
Veid, Fangst, Bytte.
Velsemd, Hæder, Ære, Herlighed.
Veila, Svaghed.
Verdskyld, Fortjeneste.
Vering, Væsen.
Villa, Vildfarelse.
Vinglar, en som tumler omkring, farer hid og did.
Von, Haap.
vægja, give efter.
Ættar-Tal, Slægtregister.
 

Frå Pilegrimsferd or denne Verdi til den komande. Framsett i Likning av ein Draum ved John Bunyan. Yversett fraa Engelsk [av Georg Grieg]. Bergen. Prentad hjaa J. D. Beyer. 1868. Pilegrimsferdi. Fyrste Deildi, elder Kristen. Side 5-19. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad