Evangelium etter Markus I

(Omsetjing, 1870)

[Omsett av Georg Grieg] 

[Mark. 4,1 - 20]

 

1 Og han tok til at læra ved Sjoen atter, og det flokkadest ein stor Folkehop til honom, so at han steig i ein Baat og sat paa Sjoen; og alt Folket var paa Landet fram med Sjoen. 2 Og han lærde deim mangt i Likningar og sagde til deim, medan han lærde: 3 "Lyde aat! Sjaa, det gjekk ein Sædemann ut og skulde saa. 4 Og det hende seg, daa han var aat og saadde, at sumt fall ved Vegen, og Fuglarne komo og aato det upp. 5 Og sumt fall i steinutt Mark, der det ikkje hadde myket Jord, og det rann snøgt upp, av di det hadde ikkje djup Jord; 6 men daa Soli var uppe, tornade det og visnade, av di det hadde ikkje Rot. 7 Og sumt fall imillom Tyrnar, og Tyrnarne vokso upp og kjøvde det, og det gav ingi Frukt. 8 Og sumt fall i god Jord og gav Frukt, som rann upp og voks; og sumt gav trettifald, sumt sekstifald og sumt hundradfald." 9 Og han sagde: "Den som hever Øyro til at høyra, han høyre." 10 Og daa han var einsaman, spurde dei, som vaaro med honom med dei tolv, um Likningarne. 11 Og han sagde til deim: "Dykker er gjevet Løyndomen i Guds Rike; men deim, som utanfyre ero, verder allting gjevet i Likningar, 12 so at dei sjaaande skulo sjaa og ikkje merka, at dei høyrande høyra og ikkje skyna, so at dei ikkje nokor Tid skulo verda umvende og faa Forlatning." 13 Og han sagde til deim: "Skyna de ikkje denne Likningen? Og kor vilja de daa skyna alle Likningarne? 14 Sædemannen saar Ordet. 15 Og desse ero dei ved Vegen, der som Ordet verder saatt, og naar dei hava høyrt det, kjemer Satan med det same og teker burt Ordet som var saatt i deim. 16 Og desse ero sameleis dei som ero saadde i steinutt Mark, som, naar dei hava høyrt Ordet, mottaka det med det same med Gleda, 17 og dei hava ikkje Rot i seg og standa berre fyre ei Tid; sidan, naar det kjemer Trengsla og Forfylgning paa fyre Ordet Skuld, verda dei snart forførde. 18 Og desse ero dei som ero saadde imillom Tyrnar, slike som hava høyrt Ordet; 19 og Suterna i Verdi og Forlokkingarne av Rikdomen og Lostarne til andre Ting ganga inn og kjøva Ordet, og det verder utan Frukt. 20 Og desse ero dei som ero saadde i god Jord, slike som høyra Ordet og mottaka det og giva Frukt, sume trettifald, sume sekstifald og sume hundradfald."

 

Frå Evangelium etter Markus. Bjørgvin. Utgjevet av Vestmannalaget. Forlagt av Ed. B. Giertsen. 1870. Elektronisk utgåve 2004 ved Jon Grepstad