Er du nøgd

(Eventyr, 1893)

Ved Georg Grieg

(Æventyr.)

Det var ein gong ein bonde, som hadde ei einaste dotter. Han var rik, og ho var væn, og so kom det mang ein gut, som gjerne vilde vera maag aat bonden. Men han var ein underleg selle; fyr kvar gong, det kom ein friar til gards, sa han til honom: »det fyrste vilkaaret er, at du skal steda deg hjaa meg paa eit aar, det vil segja, til dess me høyrer gauken gjel um vaaren; og um du segjer meg ein einaste gong, at du ikkje er nøgd, sa snid eg nasetippen av deg, og so fær du gaa din veg. Men du skal hava rett til aa gjera det same med meg.« Og bonden gjorde, som han hadde sagt; for ein saag jamt eitkvart ungmennet med æret paa nosi.
 
 
No var det ein gut, het Jakob; han vilde og freista paa dette vaagespelet. Ljot var han aa sjaa til; men han var djerv og sløg, og det er ikkje so ille fyr den, som vil fram i verdi. Bonden fagnad han baade vel og blidleg. Dei gjorde avtalen saman, og han Jakob vart sett til arbeids.
Ved dugurdsdsbil vart dei andre drengjerne innropad; men dei gløymde med vilje han Jakob. Til middags gjekk det likeins. Men Jakob vart ikkje uppraadd; han gjekk heim i garden, og medan bonden gav hønsi mat, sneia han seg inne i kjøken eit digert skinkestykke og tok eit stort braud, og so fòr han ut i marki og heldt middag og fekk seg ein lur attpaa.
 
 
Daa han kom heim um kvelden, ropad bonden: »er du nøgd?« −»Eg er vel nøgd,« svarad Jakob; »eg hev etet betre en du.« Men med det same kom kjeringi farande og ropad paa tjuvar. Jakob lo; men bonden bleiknad. »Er du ikkje nøgd?« spurde Jakob. −»Ei skinke er berre ei skinke,« sa bonden. »Eg vyrder ikkje slike smaating.« Men fraa den dagen hugsad dei vel paa, at drengen ikkje fekk gaa fastande.
 
 
So kom sundagen, og bonden og kona hans sette seg i kjerra og vilde fara til kyrkja. Dei sa daa til Jakob dreng: »i dag kann du laga middagsmaten. Tak dette kjøtstykket og legg i gryta med noko lauk og gulerøter og persille.« −»Vel,« segjer Jakob.
 
No hadde dei paa garden ein liten smaahund, som het Persille. Den tok Jakob og drap og flaadde og lagde i gryta yver elden. Daa kjeringi kom heim, ropad ho paa den litle venen sin; men stakkars henne, ho fann berre eit blodutt skinn hangande fyr glaset. »Kva er det, du hev gjort?« ropad ho til Jakob. −»Det, som du bad meg um, mor. Eg lagde lauk og gulerøter og Persille i gryta.« −»Du din gap!« ropad bonden. »Kor kunde du hava hjarta til aa drepa det arme dyret, som var til hyggje fyr heile huset?« −»So, du er ikkje nøgd!« sa Jakob og drog ut kniven. »Det hev eg ikkje sagt,« svarad bonden. » Ein daud hund er berre ein daud hund.« Og han sukkad.
 
 
Nokre dagar etter vilde bonden og kona hans til marknaden. Daa dei var rædde, at dette trollet til dreng skulde gjera eitkvart galet, sa dei til honom: »i dag skal du vera heime; men du fær ikkje lov til aa gjera nokon ting anna en det, som du ser, dei andre gjer.« −»Vel,« segjer Jakob.
No var der paa garden ei gamal skytje, som taket var til nedfals paa. Det kom daa folk og skulde vøla skytja, og dei tok til aa riva det rotne taket. Samstundes tek han Jakob ein stige og gjeng upp paa taket paa stova, som var spildrende ny. Taksteinar, lekte, saumar, kjengar, alt ihop riv han laust og kastar utfyre til alle sidur.
 
Daa bonden kom heim, var taket mest nedbrotet. »Du din fant!« ropar han, »kva ny prette er det, du no hev gjort meg?« −»Eg hev gjort det, som du sette meg til,« svarad Jakob; »du bad meg gjera, som hine gjorde. Er du ikkje nøgd kannhenda?« Og han drog kniven. »Nøgd?« sa bonden. »Skulde eg ikkje vera nøgd? Nokre taksteinar mindre skal ikkje gjera meg fatigare.« Og han sukkad.
 
Um kvelden samraadde bonden seg med kona si, og so tykte dei, det var likast aa verta kvitt dette ugagnstrollet. Daa det var tenksame folk, spurde dei jamnast raad hjaa dotteri, og so gjorde dei denne gongen med; i den bygdi var ogso ungdomen mykje visare en dei, som eldre var, maa vita. »Jau eg veit det!« sa ho Mari; »eg skal gøyma meg upp i det store pæretreet og spela gauk. So kann du segja, at no er aaret ute; for no gjel gauken. Du kann daa betala honom og lata han gaa sin veg.«
 
Andre morgonen høyrde dei gauken: ku-ku, ku-ku. Den, som vart undrig, det var bonden. » Aa nei høyr!« sa han til Jakob; »no er vaaren komen; gauken gjel der nede i pæretreet. Kom no, so skal du faa løni di, og so vil me skiljast som gode vener.« −» Ein gauk?« sa Jakob; » eg hev aldri set denne fagre fuglen.« Og dermed spring han ned aat pæretreet og tek til aa rista det med all si magt. Dei høyrer daa eit skrik, og ned av treet dett ei ung gjente.
 
»Du din skarv!« ropad bonden. −»Er du ikkje nøgd?« sa Jakob og viste kniven. −»Din fant!« ropad bonden; »her held du paa og tyner dotter mi, og endaa vil du, at eg skal vera nøgd? Eg er mest vill av sinne, er eg. Hav deg burt paa timen, at eg ikkje skal slaa deg radt ihel!« −»Eg skal gaa, naar eg hev skoret nosi paa deg,« segjer Jakob. » Eg hev haldet mitt ord; hald no du ditt.« −»Vel!« sa bonden og heldt handi fyr andlitet. »Vil du lata meg faa kjøpa nosi att?« −»Lat skura,« svarar Jakob. −»Vil du hava tie sauder?« −»Nei.« −»Tvo stutar?« −»Nei.« −Tie kyr?« −»Nei; eg vil helder skjera nosi.« Og han kveste kniven paa svilli.
 
»Far,« sa ho Mari, »det er eg, som hev misgjort, og eg fær eg bøta det. Vil ha meg, Jakob, i staden fyr nosi til far min?« −»Ja,« sa Jakob. −»Men eg set eit vilkaar,« sa gjenta. »Den av oss, som ikkje er nøgd med den andre, skal faa nasetippen avskoren.« −»Vel,« segjer Jakob; »eg skulde elles likat betre, um det hadde voret tunga.«
 
Aldri hadde dei set slikt gasta brudlaup der i bygdi, og aldri saag dei sidan eit betre husstyr. Jakob og kona hans var det gildaste hjonet; ein høyrde dei aldri klaga paa kvarandre.
 
 

Ordforklaringar frå boka:
nøgd: fornøiet.
selle: kar; "fyr"
steda seg: fæste sig.
snida: schneiden.
ljot: styg.
sløg: slu, klog.
fagna: modtage, hilse.
skytje: skur.
til nedfals: forfaldent.
vøla: reparere.
keng: liden jernkrog, krampe.
prette: puds; streg.
 
 
 

Frå Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal. Lesebok fyr høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortensen. Bergen: Utgjevi av Mons Litleré1893. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad