Den fyrste Messa

(Omsetjing, 1876)

[Omsett av Georg Grieg]

 

Det var ein Laugardags Kveld dei hadde det myket annsamt med at timbra og hamra ute paa Hochbur-Vollen.*) Valentin Timbremeister reiste upp ei Stelling, som ikkje var nokot mindre en eit Altar og ein Preikestol. Gregor, Son til Kristen Skræddar, skulde andre Dagen her halda si fyrste Messa. 

*) Attved Nordstetten, eit Torp (elder Landsby) i Würtemberg. 

Ivo heitte den litle ljosleitte Sonen til Valentin; han var no seks Aar gamall og letst skula hjelpa Faderen med Yrket. Berrhovdad og berrføtt kleiv han i Kring paa Bordladet rett som eit Ikorn, og kvar Gong dei lyfte ein Bjelke, ropade han som dei andre og sette seg i Lag og bles, liksom det var han, som gjorde meste Arbeidet. Valentin gav jamnan den litle Ivo nokot at stella; han fekk vinda Traaden paa Snelda og bera saman Verktyet og sanka i Hop Sponen. Og Ivo gjorde det, som Faderen sette honom til, med slik Aalvora og slike annsame Læte som han var aat med eit Storverk, og ein Gong, daa han skulde sitja paa Enden aat eit Bord og tyngja ned, daa foor det so igjenom honom, naar Sagi skar Bordet, at han kvar Gong sette i og storlog og nær hadde dottet av; men han heldt seg fast og gjorde seg fyre at fullføra den vigtuge Embætting i Stilla. 

Stellingi var sidstpaa reidug, og Ludvig Sadelmakar stod buen til at negla fast Blæjorna. Ivo vilde hjelpa honom ogso, men den umilde Mannen jagade honom av, og Ivo sette seg tagall paa Spondungen og saag burt imot Bergom paa hi Sida, der Soli gladade med rodande Glans. Daa høyrde han Fader sin blistra; han foor upp og stundade seg til honom.

"Far," sagde Ivo, "den, som ein Gong kunde koma til Hochdorf!"

"Kvifyre?"

"Sjaa, det er nær ved Himmelen, og dit vilde eg gjerna stiga upp."

"Din Uviting, det synest berre som Himmelen ligg der uppe; men attanfyre Hochdorf er det langt til Stuttgart, og derifraa er det endaa myket langt til Himmelen."

"Kor langt daa?"

"So langt, at ein vinn ikkje fram, fyrr ein er daaen."

Med Smaaguten i høgre Handi og Ambodi i vinstre gjekk Valentin igjenom Torpet. Allstad vardt det fægjat og tveget, og Stolar og Bord stodo utanfyre Husom; for i kvar Stova var det Gjester ventande til den heilage Gjerning paa Morgondagen.

Daa Valentin gjekk framum Stova til Kristen Skræddar, tok han med Handi til Huva, buen til at helsa, um einkvar skulde sjaa ut; men der var ingen, som saag ut, og Huset var so stillt som eit Kloster. Sume Bondekonor gingo inn i Huset med Fat under Fyrklædet; sume gingo ut med tome Fat; dei helsade tagalle paa kvarandre; dei hadde først Sendingar til Husa aat den unge Presten, som paa Morgondagen skulde verda vigd til si heilage Brud, Kyrkja.

Daa leet Kveldklokka, og Valentin sleppte Son sin. Ivo lagde snøgt dei smaae Henderna i Hop, og Valentin lagde ogso Henderna i Kross yver det tunge Verktyet og bad eit Ave.

Andre Morgonen lyste ein bjart Dag yver Torpet. Alt tidlege klædde Moder til Ivo honom i fine Klæde; der var ei rendutt ny Trøya med Sylvknappar, so syntest det honom, og nytvegne, stutte Skinnbrøker; han skulde bera Krusifixet. Greta, eldste Syster til Ivo, tok honom i Handi og leidde honom ut paa Gata, "so dei kunde faa Rom i Huset". Ho forbaud honom at koma heim, og so foor ho inn i Stova. Ivo gjekk ned igjenom Torpet; allstad var der Menner og Ungdomar paa Gata; dei vaaro berre halvflidde, utan Kufta elder Frakk, so dei synte dei kvite Skyrteermarne. Her og kvar saag ein Konor og Gjentor springa fraa Hus til Hus utan Livstykke med halvlaust Haar og med det raude Haarbandet i Handi. Det syntest Ivo ei hard Medferd av Systeri, at ho skulde elta honom av Huset. Han vilde ogso helst synt seg som det vaksne Karfolket fyrst i halv Stas og sidan under Klokkeklangen i fullt Skrud; men han vaagade ikkje at ganga heim atter og helder ikkje at setja seg ned nokon Stad av Otte fyre at skjemma Klædi sine. Varsam gjekk han igjenom Torpet. Daa kom det Vogn etter Vogn med framande Bønder og Bondekonor; Husfolki baaro Stolar imot deim til at stiga av paa og baud deim velkomne. Alle saago dei so velnøgde ut og dertil so høgtidlege, rett som naar den sigerkrynte Hervinnaren er heimatter ventande til Folket sitt og dei bua seg til at taka imot honom med Sigerfagnad. Fraa Kyrkja og til Hochbur var Vegen straadd med angande Lauv og Blomar. Lensmannen kom ut or Huset hans Kristen Skræddar og sette fyrst Hatten paa,  daa han kom paa Gata.

Snart deretter kom ogso Lensmanns-Kona med Smaadotteri paa seks Aar, ho Barbara, i Handi. Barbara var prydelege tilbudd som ei Brud. Ho hadde Kruna og Krans paa Hovudet og var ovlege fagert klædd; ho skulde ogso som den reine Møyi vera Bilætet paa Brudi til den unge Presten.

Det ringde fyrste Gongen, og som ved ein Trylleljom foro dei skyrteermade Hoparne fraa kvarandre; dei gingo inn og skulde klæda seg sømelege. Ivo gjekk til Kyrkja.

Under Klangen av alle Klokkorna drog ferdi endeleg ut or Kyrkja. Fanorna blakrade, Musiken sette i, og innimellom høyrdest Bønerna av Mann og Kvende. Ivo gjekk i Brodden attved Læraren og bar Krusifixet. Paa Hochbur var Altaret fint prydt, Kalkarne og Lamparne og dei glorande Bunader paa Heilagmennerne glimade i Soli, og so langt ein kunde sjaa utyver Markerna, stod Mannskaren lydande aalvorsamt. Ivo vaagade knapt at skoda paa Presten, daa han steig upp til Altaret i gullsaumad Kjole med Gullbandet paa berre Hovudet og med det bleike og milde Andlit, bøygjande seg djupt under Ljoden av Musiken og med dei smaae kvite Hender krosslagde paa Bringa. Fyre honom hadde Lensmanns-Barbara stiget upp; ho bar som Brudi hans eit brennande Kjerte i Handi, umvundet med Rosmarin. Ho stadnade attved Altaret. Daa byrjade Høgmessa, og daa Klokkorna ljodade, fall dei alle aa Gruva, og det var ikkje ein Ljod høyrande paa lang Leid; berre ein Duveflokk drog beint yver Altaret, og dei høyrde Vengjeskaket og Lætet, som desse Fuglarne hava iFloget. Ikkje fyre nokon Ting i Verdi hadde Ivo skodat dit, for han visste vel, at no steig den heilage Anden ned og gjorde den løyndarfulle Umskapnaden av Vinet til Blod og av Braudet til Kjøt, og at ikkje nokot daudlegt Auga torer lyfta seg til honom utan at blindast.

Kapellanen fraa Horb gjekk no paa Preikestolen og talade høgtidelegt til den unge Presten, som skulde messa fyrste Gongen.

So gjekk Presten upp. Ivo sat ikkje langt undan paa ein Krakk; med høgre Olbogen paa Kneet, og Kinni studd paa Handi, lydde han gløgt etter. Han skynade litet av altsaman, men Augo hans hingo ved Leparne og Andlitslaget til honom, som preikade og talade so hjartelege, og hans Hug feste seg barnslegt og kjærlegt ved Gud og den gode Presten.

Daa so Ferdi tok paa Vegen heimatter til Kyrkja, og Klokkorna ljodade og Musiken klang med Sigerstonar, daa greip Ivo Krusifixet med baade Hender; det var som han med nyfengen Styrke vilde bera sin Herre og sin Gud Framfyre seg.

No spreidde Aalmugen seg, og dei talade alle med stor Hugnad um Presten og kor lukkelege Foreldri til ein slik Son maatte vera. Kristen Skræddar og Kona hans gingo ned den yverbygde Troppi paa Kyrkjebakken rett som borne av den sælaste Fagnad. Dessimillom var det ingen, som gav seg stort um deim, men i Dag trengde Aalmugen seg med myken Vyrdnad fram til deim og ynskte deim til Lukka. Moderi til den unge Presten takkade med taarefyllte Augo; ho vann ikkje mæla fyre den store Graaten.

Ivo høyrde av Farsyster si, som var dit komi paa Vitjing til den heilage Gjerning, at Foreldri til Gregor no laut segja De til honom.

"Er det sant, Moer?" spurde han.

"Til Vissa," svarade ho, "han er no nokot meir en alle andre Menneskjor."

Med all denne Gleda gløymde dei ikkje at røda um, at detta ogso var til timeleg Bate fyre Kristen Skræddar. Dei sagde, at no kunde han vera sutlaus fyre sine Livdagar; at Kordela, Syster til Gregor, kunde verda Hushaldar, og at Gregor var ei Heppa fyre si Ætt og ei Pryda fyre heile Torpet.

Ivo gjekk heim med Foreldrom; dei leidde honom imillom seg.

"Faer," sagde han, "Gregor skulde vera Prest her."

"Det verd inkje; dei gjera ikkje nokon til Prest der han er fødd."

"Kvifyre?"

"Du med ditt gapne Kvifyre! Just av di det er so," svarade Valentin. Men Moderi sagde: "Han vilde daa hava for myket Tilheng i Torpet og vilde ikkje vera lika rettferdig mot alle."

Anten visste ho ikkje, elder ho kunde ikkje greida ut fyre Barnet, at hjaa Bygdarfolket vilde Heilagskapen i Embætet og Agen fyre Prestemannen skjerdast, av di dei kjenna hans menneskjelege Upphav og hans Uppvokster.

Men Valentin sagde um eit Bil: "Slik ein Prest heve daa den beste Livemaaten. Han fær ingi Bolor i Handi av Pløgningi og ingen Ryggverk etter Skurden, og i Presteløda er der ikkje Lodløysa lika vel; han legg seg paa si Sofa og tenkjer paa si Preika og gjerer heile Huslyden sin lukkeleg. Soframt du verd ein snild Gut, Ivo, kann du og verda Prest. Vilde du vel?"

"Ja," sagde Ivo med fullt Mæle og saag upp aa Faderen med vidopne Augo; "men de faa inkje segja De til meg," sagde han.

"Det heve god Tid," svarade Faaderen læjande.

Etter Middagsmaalet stod Ivo upp aa Benken i Kraai under Krusifixet, der Faderen hadde setet. Fyrst røyvde han Leparne stillt, og so heldt han ei høgmælt Preika. Med aalvorleg Uppsyn heldt han paa med det verste Vaset og vilde ikkje halda upp,  fyrr en Faderen tok honom vinlegt paa Hovudet og sagde: "Sjaa, no er det nog."

Men Moderi tok Ivo paa Fanget og klappade og kysste honom og sagde mest graatande: "Aa, kjære Guds Moder! Eg vilde ikkje liva lenger en til at Vaarherre leet meg sjaa den Dag du heldt di fyrste Messa." So sagde ho stillt og riste i det same paa Hovudet: "Gud forlate meg mi Synd, eg tenkjer no atter ovmyket paa meg sjølv."

Ho sette Son sin ned og heldt Handi paa Hovudet hans.

"Ja," sagde Ivo, "og so skal Greta halda Hus fyre meg, og ho skal faa Byklæde liksom Kokka til Presten."

Den snilde Magdalene-Faster gav Ivo ein Kreutzer fyre Preika hans. Snøgt sprang han daa ned til Drengen, som sat under Katetreet framfyre Huset, og fortalde honom, at han skulde verda Prest. Nazi riste berre paa Hovudet og tryste den brennande Tobaken ned i Pipa.

Aftansongen var ikkje so høgtidleg som vanleg og der var helder ikkje so stor Aalmuge; den gudlege Hugen hadde tømt seg paa Morgonsida.

Mot Kvelden gjekk den unge Presten igjenom Torpet i Lag med Kapellanen fraa Horb og nokre andre Prestemenner. Alt Folke, som sat framfyre Husom, stod upp og helsade deim vinlege; dei aldrige Konorna smilte til Ungpresten, som dei vilde segja: "Me kjenna deg atter og lika deg vel; hugsar du, daa eg gav deg ei Pæra? Var det ikkje det eg sagde, at han Gregor vardt ein Stormann?" Unggutarne toko Piporne or Munnen og Huvorna av seg, og Gjentorna flydde inn i Forstova og skumpade kvarandre og glytte ut løynlege. Men Borni gingo fram og toko Handi hans og kysste.

Ivo kom ogso til. Den unge Presten kjende trulege den hjartige Kyssen av Guten og kor han skalv, for han heldt Handi hans og strauk honom med den andre Handi paa Kinni og sagde:

"Kvat heiter du, kjære Barnet mitt?"

"Ivo."

"Og Fader din?"

"Valentin Timbremann."

"Helsa Faer og Moer so myket fraa meg og ver ein god og snild Gut."

Ivo stod lenge som fjetrad paa same Flekken etter at Mennerne longo vaaro burte; det var som um eit Heilagmenne hadde synt seg fyre honom og talat med honom. Han saag lenge forstøkt ned fyre seg, so lagde han haukande i Vegen med store Byks og kom heim og fortalde deim allting.

Huslyden sat paa Timbret under Katetreet; Nazi sat ikkje langt undan paa ein Stein attved Stovedyri. Ivo gjekk til honom og fortalde honom um Møtet, men Drengen var gretten i Dag, og Ivo sette seg ved Føterne til Fader sin.

Det var no seint paa Kveld og dei rødde litet, berre Koch Snikkar sagde endaa:

"Eg vil sjaa, kvar de faa Pengar under fem Procent." Ingen svarade.

Ivo saag ein Gong upp til Fader sin, og av Augom hans lyste ei still Sæla. Ingen hadde nokon Tanke um det, som rørde den unge Saali.

"Faer," sagde Ivo, "søv ogso Presten hans Kristen Skræddar som andre Folk?"

"Ja, men ikkje so lenge som du; naar ein vil vera Prest, lyt ein risa upp tidlege og bidja og læra. Gakk no i Seng paa Timen."

Moderi tok Ivo inn i Stova, og daa han bad si Kveldsbøn, nemnde han sjølvmint Presten saman med Namni paa Skyldfolket sitt.

Messa drog det etter seg, at andre Dagen gjekk Hans Jyrg med Son sin, Peter, til Kapellanen i Horb; ogso den rike Johannes Bruck førde Son sin, Konstantin, til Kapellanen; det var ein kvik og klok Gut. Baade desse Gutarne skulde ganga i Latinskulen; Ivo var endaa for liten til det.

Me raaka seinare dei tvo Gutarne; no vilja me vera med Ivo og fylgja honom i Framvoksteren.


Frå Ivo Prestemne. Etter Berthold Auerbach. Yversett  [av Georg Grieg] fraa Tydsk. Bergen. Trykt hjaa Georg Grieg. 1876. Side 1-12. Elektronisk utgåve 2004 ved Jon Grepstad