Til Rasmus Flo

(Dikt, 1908)

Av Jon Fridtun

[Ved avdukinga av minnesteinen på Flo i Oppstryn 2. august 1908]

Tone: Norges beste

Her han leika,
her han reika,
Rasmus veslegut.
Her frå denne svoda
hev han ofte skoda
gardar. [sic] grender,
vatn og strender,
brear, fjell og nut.

Dette gøymde
han, og gløymde
ei si fedrebygd.
Og den norske "keimen"
han saug inn i heimen,
nørde hugen,
auka dugen,
ol hans tankedygd.

Kvar han flytte
ikkje bytte
han sin bondehått.
Lærde fyrst å danska,
men seg heimatt granska,
bøtte sida'
heile tida,
det han fann åfått.

Tidt han tevla
tungt, men evla
mangt med tol og trott.
Mod og viljestyrke
fløyter kvarmanns yrke.
Han seg tvinga
um i bringa
lurde daudesott.

Sjeldan kvidde
han, men stridde
trufast, med' han vann.
Lat no minne-varden
her på fedregarden
stødt deg mana
under fana,
fjordakvinne, - mann!

Red.merk:
I Målreisingssoga i Sogn og Fjordane er det med ei stofe til, som ikkje vart lesen ved avdukinga.


Frå Anders A. Lothe: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950. Side 515-516. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad