Min vilje - Guds vilje

(Dikt, 1914)

Av Jon Fridtun

 

Eg kjende meg so frisk og sterk

og etla meg til ymse verk

og fagnadtak so store.

Det som eg hittil hadde gjort,

det var daa slettes ikkje stort

mot det det skulde vore.

 

Mitt vesle vøl paa fedragard

det berre som eit tillaup var

til det eg gjera vilde.

Urudde store stykke laag,

med frygd eg mot den dagen saag,

daa det vart engjer gilde.

 

So vart eg sjuk - vart bleik og smal

og arbeidskrafti meir enn skral,

ja ille reint med karen.

No Kolbein, sonen, 16 aar,

den halve vinter, heile vaar

laut slita hardt med garden.

 

Det vart so lang ein kvilekur

eg gjekk der hugsaar, veik og stur,

- arbeid paa alle kantar.

Aa nei, aanei for rikdom raust

vaar helse er - den krafti traust,

det ser ein naar ho vantar.

 

Aa Gud, du ser mi sterke traa

at eg mi helse att maa faa -

vil du meg henne gjeva?

Skal eg faa att mi arbeidskraft

og dyrka garden eg hev havt?

Skal eg faa lenge liva?

 

"Din vilje verta." Bøni er

so lett aa læra, men kor svær

aa beda rett - og lyda.

I alt me sjølve helst vil raa

og finn so mange klagor paa

mot det oss Gud vil byda.

 

Aa, hjelp meg Gud. Eg sjølv ei vinn

meg bøygja under viljen din.

Du hjarta mitt maa mykja.

Kann eg til fullnad det faa lært

eg vonar, at til signing vert

og sjælegagn - mi sykja.

 

Mai 1914.

 


Frå Ung-Norig. Juni 1914. Nr. 6. 2. aarg. Side 112. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad