Mi livssoge - i stutte drag

(Sjølvbiografi, 1919)

Fortalt av Jon Fridtun i juni 1914

Eg vart fødd den 29. september 1867 og var den eldste av borni aat mine foreldre gardbrukar Kolbein Jonson og Anne Jørgensdotter Flo.

 

Um mine barne-aar veit eg ikkje noko anna aa fortelja, enn at ingen sjukdom eller farang beit paa meg. Halsesykja tok eingong med seg eit barn i kvar av hine tri "Ni'gards­stovorne" og eldste bror min laag strengt sjuk og. Men eg slapp.

 

Daa eg gjekk i barneskulen fekk eg det skotsmaal, at eg var sværande lærenem. Ja, det fall ikkje nett tungt for meg aa læra, men folk gjorde so altfor mykje av det, som dei oftast pla med baade kyt og lastord.

 

Den 8. oktober 1882 vart eg konfirmera av sokneprest E. P. Juul.

 

Vinteren og sumaren etter vart ein hard arbeidsbolk for den unge guten. Utskiftingi Ni'gard paa Flo var ferdig i 82, og sumaren etter skulde me flutte alle vaare hus mange hun­drad meter vekk fraa "gamletunet". Det vart timber- og stein­kjøyrsle dag etter dag, vike etter vike so lenge vinteren varde, ja langt ut yver vaaren og sumaren. Der attaat føring og fløting med store baatar gong paa gong til hausten. Men eg var sterk­vaksen, hadde god mathug og vilde gjerne hjelpa honom far det eg evla. Det trengdest nok leigefolk likevel det aaret, so eg laut sjaa aa gjera drengetenesta.

 

Presten Juul tok til med ein skule for bondegutar nede i prestegarden. Han vilde inderleg gjerne ha meg med og. Men far og mor tykte dei hadde ikkje utkome til aa sleppa meg korkje for arbeidshjelpi si skuld eller for pengeraadi. Men presten var so traa og gav so gode vilkaar med mi skulegonga, at dei kunde ikkje godt segja nei.

 

Paa skulen likte eg meg godt. Presten var ein drivande lærar sjølv, serleg vann han langt med oss i maallæra, stilskri­ving og soga, og han hadde ein flink andre-lærar med seg.

 

Nye tankar tendrast, nye utsyn opna seg for dei unge, drøymande gutarne. Den vinteren vart den fyrste avhaldsgnei­sten kveikt i meg. Vinteren etter 84-85 hadde presten ein ny flokk læresveinar. Nokre av oss fraa fyrste skeidet var nede i prestegarden paa vitjing ein gong - eg trur det var fyrstundes i mars - og daa melde me oss inni "Det blaa baand" ein heil flokk. Millom desse som melde seg inn lyt eg namngjeva den mest landskjende av alle: Bladstyrar O. St. Isene.

 

Sumaren 85 flutte Juul til Aurland i Sogn. Eg fekk snart brev, at han etla seg til med ein liknande skule der, som han hadde havt i Stryn, og eg endeleg laut verta med ein vinter til skulde eg ha full gagn av fyrsteskeidet. Dette skyna eg var sant, fekk lov hjaa far og mor, og i oktober 85 strauk eg so til Aurland saman med 4 andre nordfjordingar.

 

Til eldre eg er vorten til klaarare hev eg med kvart skyna, at desse tvo vinterbolkarne hjaa presten Juul hadde stort verd for meg seinare framigjenom. Ikkje berre med dei mange gode kunnskapar eg fekk. Det djupe aalvorlege livsgrunnsyn botna paa sann og varm kristendom, som presten Juul prøvde aa planta inn i oss, var etter mitt skyn av grunnleggjande verd for mitt framtidsliv. Han vilde ala upp bondegutar og menn med staal i viljen, karakterar, sjølvstendige tenkjarar, som med tanken kvest og augo klaare kunde vaaga seg ut i dei ymse straumdrag, som kvar tid fører med seg.

 

Mange av hans beste foredrag krinsa gjerne um eit eller hitt sanningsord av vaare diktarar, serleg Ibsen. Eg kan t. d. nemna:

 

"Hvad du er vær fuldt og helt, ikkje stykkevis og delt." "Et er maalet det at blive tavler hvorpaa Gud kan skrive." "Skil lys fra dunst. Husk det at leve er en kunst."

 

Ja, desse skuledagarne var lærerike og gode dagar. Det gjekk nok so til, at eg likso lite som dei fleste andre aandelege vakne ungdomar vann meg heilt fri fraa dei mange nye, stun­dom rotrivande tankestraumar som foor yver landet i aatteti- og nittiaari. Men eg torer segja det no, at eg hadde so pass tung botnelast inne, at eg ingensinne sveiv langt ut or den rette livsleidi.

 

Det var berre eitt eg sakna paa skulen hjaa Juul : "Eg fekk ikkje læra norsk maal." Sidan ein venen min og eg vinteren 83 fekk tak i maalbladet "Fedraheimen", laag det ein umetteleg traa og grov i meg, at dette maalet som eg kjende var mitt, vilde eg læra aa skriva. Og naar eg ikkje fekk retleiding hjaa andre tok eg til aa bala med det sjølv.

 

Lærar P. Sunde var so glup han laante meg Ivar Aasens grammatik. Boki var for tung og vidsveimd for ein nynæming, og det gjekk baade seint og ubeint fyrstundes. Ja, eg er daa ustød i formerne den dag i dag. Det som eg daa, og endaa meir seinare, naar eg fekk litevetta lag paa mi skriving - tykte var mest um aa gjera, det var aa faa fram i skriftmaalet flest mo­geleg av dei ukjende, egte norske ordfall og vendingar som ein høyrde dei hjaa dei eldste menn og kvinnor i bygderne. Kann godt vera mange av den grunn tykte mi maalføring hev ofte vore altfor "bondsk" eller "plat". Eg meinar det for norsk maal er av større vegt aa draga fram or gløymsla dei i mange fram­ifraa glupe raakande ordsamansetningar som i iallfall [sic] like til det siste hev vore "livande ord", enn av umsyn til dei mange dansk­sinna nordmenn me enno hev, aa skriva eit avrunda, bleik­farga literærmaal, som altfor mange maalmenn gjer desverre - etter mitt skyn paa tingen daa.

 

Mitt fyrste bladbrev stod prenta i "Fedraheimen" den 15. november 1884. Ringt var innhaldet, og maalet endaa klenare. Men so var no fyrste prøva gjord paa den vegen. Eg drøymde ikkje den gongen um at naar eg vart 40 aar, skulde ha skrive stykke eller vers i yver 20 blad. So gjekk det til likevel.

 

Fyrstundes brukte eg ymse merke under. Ein bokstav eller tvo, seinare "Fjoragut", "Bodvar", "Sigtrygg", "Kveldulf fraa Fjordarne", "Fridtunguten" og kan hende fleire.

 

Naar eg seinare altid hev sett fullt namn eller vælkjendt merke under er det ikkje gjort av kunstleitt eller ovmod som sume tykkjest tru. Eg meiner kvar bladskrivar bør ta sitt fulle andsvar for det han skriv anten det er godt eller kleint. Det gjer han med namnet sitt. Og so slepp dei usaka all skuld og all mistanke.

 

Hausten 88 eller 89 var eg med aa skipa "Uppstryns av­haldslag", som vart meldt inn i "D. N. T." Sidan hev eg altid vare lagsmann der, var lenge med i styret og nokre aar formann. 20. mai 94 skipa me "Uppstryns ungdomslag".

 

Fyrste aari var eg baade formann og styrar for det hand­skrive bladet "Solglytt". Mange gutar og gjentor var glupe aa hjelpa til med baade skriving og anna, og lagsarbeidet gjekk med hugnad og hyggje. Berre skade at ungdomsrørsla ikkje kom fyrr. Eg vart noko fram i aari daa og eg maatte snart ta garden, so eg vann ikkje leggja den ihug inn eller ofra den tid paa ungdomslaget, som eg vonleg vilde kunna gjort aari fyrr.

 

Lat meg nemna det no med det same, at det helst var lemar av ungdomslaget som tok upptaket til innføringi av "Blixsalmarne" i kyrkja. Ved fyrste avrøystingi 1901 eller 02 naadde me berre like mange røyster som motparten. Ja, me hadde somen fleirtalet paa vaar side naar alt hadde vorte gjort rett. Men daa me paa den norske sida kjende oss fulltrygge paa siger seinare, vilde me heller med tolmod drygja ut den bindande avgjersla nokre aar til, enn eigna til oss vinning med eit lite røysteyvertal. Me fekk saki uppatt vaaren 1906 og vann daa med glans.

 

I 1894-95 vart han far strengt sjuk av gigtfeber og han yverlet daa garden til meg vaaren 95. Eg skreiv skøyta paa fullnorsk maal. Sumartinget for Stryn var den 17.-18. mai. Sjølve skøyta hadde gamle skrivar Koefoed ikkje sett, med eg var der nede. Men han laut lesa eit anna lite "dokument", som eg sjølv flidde honom. Det lydde so:

 

"Garden min som eg idag hev fenge skøyta paa, gards-nr. 7, bruks-nr. 2, Flo nedre, i Stryn tinglag skal fraa no av heite "Fridtun".

 

Skrivaren la seg att i stolen, strauk seg yver den digre magen, flein litt og tala um dette "affekterte maalet" o. m. sl.

 

Eg spurde um han vilde negta aa tinglesa brevet. Det svara han ingen ting paa, og dermed sa eg farvel og gjekk.

 

Den 2. desember 1895 vart eg gift med Bertanna Lars­dotter Fosnes. Vaart samliv vart stutt - desverre. Den 4. juli 97 fekk me vaart fyrste og siste barn, ein gut som fekk namnet Kolbein etter far-far. Eg kann her skyta inn ein merk­nad som "Aalands-boki" um Stryn vil stadfesta, at paa vaart bruk, "Kolbeinbruket", hev gardbrukarne son etter son heitt Kolbein og Jon sidan 1660 - yver halvtredje hundrad aar.

 

Daa det leid til jol tok Bertanna til kjenna seg ufrisk. Og endaa ho søkte lækjar fleire gonger, døydde ho den 15. juni 98 av "galopperende tæring".

 

Den 27. mai 1900 vart eg gift paa ny med Johanne An­dersdotter Berge. Me hev ingen born fenge.

 

Eg hev soleis berre ein livsarving etter meg. Men vil Gud unne honom helse og liv ein tidarbolk, so kann vaare ætternamn Kolbein og Jon kanskje halda seg framigjenom dette hundrad­aaret med - og lenger. Det ligg styrke i ei sterk ættarkjensle, og det høver stundom so, at ein vilde kjenna eit namnebrigde svida saart i barmen lik eit brotsverk.

 

Fraa 1.-1.-96 hev eg vore medlem i Stryn skulestyre. Eit av fyrste fyrelogorne for oss maalmenn der var aa faa norske lærebøker og norsken til hovudmaal noko med kvart. Me tok til i 97 med bibelsoga og held sidan tak og traad til norsken no raader i alle folkeskular i heradet.

 

Kva tid eg fyrst vart vald inn i heradstyret veit eg ikkje so vist sjølv, eg trur eg møtte stundom i 99 og 1900, men eg var kann henda varamann. Ved eit val vart eg iallfall kasta, fyrstundes i dette hundradaaret. Sidan tilmaatingsval vart inn­ført i 1904 hev eg vore vald kvar gong sonær som i 1913.

 

Sist i nittiaari var eg likningsmann nokre aar, men dette yrke sa eg fraa meg. I fjor vart eg vald til forlikskommissær­varamann og var i mai iaar tilsagd aa møta, men kunde ikkje for sjukdom.

 

Vaaren 1903 vart eg blind paa vinstre auga. Synsnerva var sprengd, utan at eg visste meg noko tilvik eller sers orsak til det. Synet paa høgre auga hev fraa den tid vore noko veik og. Fraa 1906 hev eg alltid brukt brillor, naar eg les eller skriv. Kann gjerne vera eg stundom hev vore for strid med mitt einaste sjaaende auga. Eg hev ofte tenkt "Enn um du fær so aat, du snart vert heilt blind. For ein lagnad. So hev eg jaga otten fraa meg att og trøysta meg med, at Gud vil me skal arbeida alt med det er dag."

 

Halda lange talor hev eg aldri vore dugeleg til. Skulde mine tankar, meiningar og synsmaatar verta kjende for andre, so maatte eg skriva dei upp og spreida dei paa den maaten. Eg kann leggja til, at fleire lækjarar som hev granska augo mine hev aatvara meg likso mykje mot tungt kroppsarbeid og braatak som mot lesing.

 

Den 27. mai 1914 - fjortenaarsdagen etter vaar brud­laupsdag og nett same klokkeslett - sat eg hjaa lækjaren i Bergen og fekk høyra at eg hadde fenge ulækjande magekreft. Eg kunde daa upplysa, at eg ingensinne hadde turvt søkt lækjar for innvertes sjukdom fyrr no i januar.

 

Men slik er livet - ingen kann vita seg urædd og ingen­sinne kann ein vera trygg anna ein kann verta kalla burt fraa dette jordeliv. Heppen er den som ikkje veit seg sjølv skulda i upphavet til helsotti. Ein hev daa berre eit aa gjera: Leggja alt i Guds kjærlege farshand. Han lyt daa raama, kor mange naadedagar ein enno skal faa hernede etter at han hev varsla so greidt, at nokor lang tid hev ein ikkje aa rekna paa.

 

Min bedstefar døydde 1.-9.-1863 av magekreft 61 aar gamall. Men far døydde av aareforkalkning 12. mars 1912 nær­paa 74 aar. Gud aaleine veit um eg skal faa fylla mitt 47 aar.

 

Han gjeve me alle maatte sjaa og sanne, at hans vegar med oss er alltid dei visaste og beste.

 


Frå Ung-Norig. Juni 1919. Nr. 6. 2. aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad