Sigrid Sørumgård Botheim
Sigrid Sørumgård BotheimFoto: Benedikte Skarvik

Sigrid Sørumgård Botheim

Sigrid Sørumgård Botheim, pianist, forfattar og festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2013, saman med Lars Petter Sveen og Guri Sørumgård Botheim.

Sigrid Sørumgård Botheim er fødd 26. februar 1985 i Lesja i Oppland og bur i Berlin. Ho er utdanna klassisk pianist ved Musikkonservatoriet i Trondheim, er frilansar og studerer nordisk ved Universitetet i Oslo.

Saman med systera, Guri Sørumgård Botheim, debuterte ho i 2009 med den særeigne romanen Ramstein pensionat. Sigurd Sørheim spionerer på systera si, Debbey, som er i 30-åra og flyttar til Romsdalen då ho arvar eit pensjonat. Romanen er sett saman av mange ulike typar tekstar, er full av humor, alvor og satire om byen, bygda og karakterane i romanen. Viktige tema er syskenkjærleik, einsemd og livet i bygde-Noreg.

I 2011 var Botheim-systrene redaktørar for antologien Søsken, saman med to andre systrer: Kjersti Rognes Solbu og Ingrid Rognes Solbu. Ikkje overraskande handlar bidraga om syskenskap på ulike måtar, mellom anna personleg, naturvitskapleg og skjønnlitterært. Mellom bidragsytarane til antologien er Tomas Espedal, Selma Lønning Aarø, Frode Grytten og Hans Sande.

Sidan 2010 har Botheim hatt fast spalte i Dag og Tid saman med systera, og ho er medredaktør for litteraturtidsskriftet Ratatosk.

Frå "Sigrid Sørumgård Botheim", Allkunne.no sist oppdatert 7.8.2015 [lesedato 25.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.