Ei morgonstund
(Dikt, 1921)
Av Ingvar Bøhn
(Etter Bellmann)
Storm og bylgjor stilna på,
stjernorne alt bleike stå;
dagen attevender,
og kring dal og strender
lettnar hima,
røyk og dimma,
og dei øvste toppar glima.
Guster sviva til og frå,
glas og dører opne stå,
lønn og osper susa,
bekk og kjeldor brusa;
orren spelar,
bonden pelar
ut på tun me øyk og selar.
Røyken alt ris
alsta i grend,
stikkor og flis
sprakar og brenn,
vellinggryta er i koken.
Og ve åren stend
alt me pipa tend
gamlen studd på skjeringskroken,
mean ut på eng
slåttekaren gjeng.
gapar og i ljåen tek.
Lufti spelar frisk og lett,
minste fræ og blome sprett,
opnar sine knoppar,
blenkjande av dropar;
golukt puster
gras og ruster,
blikkar i dei lette guster.
Skogen skymrar myrk og blå,
rundt av lamb og kvigor stå
eng og lier fulla,
born og gjentor sulla,
gå og tralla,
læ og svalla,
høgt på kyr og kalvar kalla.
Lerka i luft
sviver so sæl,
tuppen på tuft
flaksar og gjel,
kvart eit liv seg byrjar lea,
og me kvikna mo,
friska liv og blo
helsar nyfødd dag me glea.
Og sjå der! som eld
raunar sky og fjell,
fyrste glytt av soli kjem.
Frå Ingvar Bøhn: Norske songar og visor. Utgjevne med ei livsskildring av bokskrivaren ved Anton Aure. Risør: Forlagt av Erik Gunleiksom 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad