Ja me elskar fagre Maalet

(Song, 1872)

Ja me elskar fagre Maalet

 

Av Sigurd Blekastad

Tone: Ja vi elsker dette Landet

Ja me elskar fagre Maalet,
fullt av Spenn og Sprett!
Klingande med Ljod som Staalet
leikar det so lett.
Fraa dei gamle Kjempehaugar
me i Arv det tok,
og enno seg Saali laugar
i sit Hjartaspraak.

Modersmaalet me det nemner,
lenge lagt i Skrin;
atter no me glad det femner
som ei Gjenta fin.
Det den Songfugl er, som berer
Hjartat fram fyr' Mann,
og som kjærleiksfull os lærer
Elsk til Gud og Land.

Det det Gullband er, som lekkjer
saman Mann til Mann,
det det Kraftord er, som vekkjer
upp or Svevn eit Land.
Lat dat so fraa Hjartat siga
svellande og rikt;
til det fullt mod Himlen stiga
kann i Song og Dikt.

Ja me elska fagre Maalet
fullt av Spenn og Sprett;
klingande med Ljos som Staalet
leikar det so lett.
Og som gamle Kjæmpegutar
song med Kraft og Dug.
Skal det enn kring Berg og Nutar
kveikja Eld i Hug.

 


Frå Nornen. Norsk Sangbog for Gammel og Ung. Samlet af Jakob U. Kobberstad. 1. Samling. Eikset 1872. Udgiverens Forlag. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad