I Beverdalen

(Dikt, 1873)

Av Sigurd Blekastad
 
Kor saag eg slike staute Kjempegutar
med svarte Bringa, kvite Hovudhaar
som desse morske, himelhaage Nutar,
som traust paa Vakthald rundt kring Dalen staar?
Med Aalvorsrøyst dei ned i Dalen stutar
aat meg som træg og hugsaar Vegen gaar,
eg høyrer atter gamle Sverreluren,
og saare Tankar gjerer Hugen sturen.
 
Eg kjenner meg so magtlaus og so liten
mot Kjempeguten Himelsyni har,
og fram eg gaar i Hugen arm og sliten,
og trur eg alder verta kan til Kar,
eg gaar og lengtar etter vesle Biten
at smaka etter gamle, store Far,
men han, han berre staar min Lengtan spottar
og grip i varme Hug med harde Vottar.
 
Skal gamle Ættarmerki berre brenna
og leggja inn i Hjartat Sorg og Sut?
at me i Skyldskap er, det kan eg kjenna,
eg har eit Drag burt mot den staute Gut,
og godt det er det Store læra kjenna
imillom all vaar Stakarsdom og Sut,
det renner inn i Hjartat Tankar linne,
og dreg meg dit det Størsteer at finne.
 
Frå Fraa By og Bygd. Tidskrift aat Vestmannalaget. Fjorde Aargang. Bjørgvin: Hjaa Ed. B. Giertsen 1873. Side 246-247. Elektronisk utgåve 2004 ved Jon Grepstad