Den store Renta

(Forteljing, 1873)

Av Sigurd Blekastad

"Det var ein myket hyggeleg Prest. Han er beint fram som ein av oss," sagde Bygdarfolket. Og han hadde eit godt Hjarta. Sjeldan elder aldri gjekk nokon svolten burt fraa Garden hans. Men han hadde helder aldri berre Mat fyre Likamen at giva; som ein god Prest syrgde han ogso fyre, at Sokneborni hans fekk andeleg Mat. "Det er godt at hava Mat aat Likamen, men betre er det at hava Mat aat Sjæli," sagde han ofta. Han var inkje av dei Slags Prestar, som segja, um dei inkje segja det høgt: "Presten er no inkje annat en ein stor Matstrævar han og." Nei denne sagde, som og var sant: "Eg er ein ringe Tenar aat Vaar-Herre; men eg gjerer, kvat eg kann."

 

Denne Presten vardt eingong kallad burt aat ein sjuk, som budde langt burte. Guten, som kom med Bod, var reint utmasad, daa han hadde sprunget den heile Veg. "Du har ingen Hest aat meg," sagde Presten: "aa - ja, anten du skytsar meg, elder eg deg, kann no ogso koma paa eitt ut," lagde han attaat. Inkje lenge etter stod Preste-Hesten fyre Dyri, Presten sette seg i Karjolen og Guten bakpaa, og so bar det avstad. "Kven er det, som er sjuk?" "Det er Mor." "Du vil inkje gjerna mista Mor di?" "Aa - nei," svarade han tankelaust; "eg høyrde, ho sagde, at ho inkje fekk døya i Fred, fyrr ho fekk tala med han Far, og so sprang eg det fortaste, eg kunde." Presten vende seg kringum og saag mildt paa Guten, og ein Smil blandad med Tungsinn og Medhug foor yver Andlitet hans. Daa dei hadde kjøyrt ein Times Tid, var dei framme, og han gjekk inn til henne Mor. Det var ein tung Strid, som den Kona førde med sine eigne Tankar; men det Fredsbod, som Presten førde med seg, kastade Ljos inn i hennar Sjæl. Det sidste ho sagde var: "Herre!" so lagde ho Henderna i Hop og saag upp mot Himmelen med eit lengtande Auga, og so var ho sloknad.

 

Daa han atter sat i Karjolen og kjøyrde heim, sagde han fyre seg sjølv og i Tankar: "I Livet kjem det Stunder, daa Mannen verd sett liksom paa ei kvass Egg. Attanfyre ligg den djupe Avgrunnen, han steig upp av; men framfyre ligg ei fager Eng, full av Blomar og Solskin. I slik ei Stund skal det berre eit litet Puff til for at faa honom til at falla bakyver atter; men det skal ogso berre eit litet Puff til for at faa honom framyver. Lukkeleg den, som fær Lov til at giva eit slikt Puff!" Og Presten kjøyrde frametter og viste inkje, at han denne Dag skulde hjelpa endaa ei Menneskesjæl. Um eit Bil raakar han ein Mann. "Kann eg faa Skyds med deg?" spurde han. Presten saag paa honom. Det var ein stor Kar med slitne Klæde, og under den gamle Hatten glødde eit Par svarte Augo. "Det kann du gjerna," svarte Presten, "eg tenkjer Blakken gaar lika radt, anten han dreg ein elder tvo." Mannen sette seg bakpaa, og det gjekk frametter. No bøygde Vegen um i ein Skog. "Det er ein fager Kveld dette," sagde Presten, og Augo hans foor kringum i den tjukke Skogen, lenger og lenger fram, uppyver den store Aasen og upp i Guds klaare Himmel. Deruppe laag det lenge. Daa foor han saman. Mannen spurde: "Vil du giva meg ein Dalar?" "Ein Dalar?" sagde Presten, "eg veit inkje, um eg har so mange Pengar." "Men straks skal det vera!" sagde Mannen. Presten tok upp Pengepungen sin, og han hadde just ein Dalar. "Her er Pengarne," sagde han, "og eg vil ynskja, at du maatte faa Gleda av deim!" Mannen rette fram Handi og tok pengarne, og Presten saag, at handi hans skalv. "Kvat er du for ein Kar?" spurde Mannen. "Eg er Prest her i Bygdi." "Prest!" og Mannen seig saman i Tankar. Um eit Bil sagde han: "Kann Presten segja meg, kvar eg skal faa Hus i Nott, eg er so trøytt og svolten." "Du kann vera med meg heim, og du skal faa baade Mat og Seng." Mannen svarte inkje, og meir vardt inkje talat millom deim tvo paa Vegen.

 

Morgonen etter bankade det paa Dyri aat Presten. Det var Mannen fraa igaar. "Godmorgon!" "Godmorgon!" svarte Presten, "er du alt pengelaus?" "Det er inkje um Pengar, eg no vil tala," svarte Mannen, "det er nokot annat, eg har Hug til at tala med han Far um." "No - ja!" "Fyrst vil eg segja, at eg er ein Slave. I try Aar sat eg i Slaveriet, og dei try Aar var inkje stutte. Men sleit eg ilt i Slaveriet, har eg inkje havt det stort likare sidan helder, det er visst. Eg har no gaatt fraa Bygd til Bygd, fraa Prestegjeld til Prestegjeld, men kann inkje faa Arbeid; alle svarar; eg har inkje Bruk fyre ein Slave! Daa eg igaar raakade deg paa Vegen, hadde eg gaatt i tri Dagar utan Mat, og eg var daa so trøytt og svolten og leid av meg sjølv, at eg kunde hava gjort kvat de skulde voret. Eg tenkte nettupp paa at drepa deg og taka fraa deg Pengarne dine; men so kom du mot meg so mild og vinleg, at eg inkje var god til det! Du har gjevet meg Livet mitt, hjelp meg no ogso til at bruka det!" Daa lagde Presten Hendarna isaman og sagde med darrande Røyst: "Takk, Herre, fyre denne Sjæl!" men Mannen tok han i handi og sagde mildt: "Takk Gud fyre det, som er hendt!"

 

Mannen vardt i Prestegarden fyre det fyrste. Han vardt ein dugande og aardentleg Arbeidsmann og han kunde aldri fulltakka Presten, som hadde hjelpt honom paa rett Veg atter. Han vardt gift med ei ung Gjenta og livde mange lukkelege Dagar.

 

Presten fortalde ofta denne Segni, og altid lagde han attaat: "Aldri aatte eg ein Dalar, som gav større Rentor en den, eg gav Slaven."

 


Frå Fraa By og Bygd. Tidskrift aat Vestmannalaget. Fjorde Aargang. Bjørgvin. Hjaa Ed. B. Giertsen. 1873. Side 169-173. Elektronisk utgåve 2004 ved Jon Grepstad