Beverdalen

(Forteljing, 1874)

Av Sigurd Blekastad

 

Naar ein heve voret i Beverdalen ein Gong, trur eg inkje, at ein kann gløyma honom att. Naar du gjeng der inne millom Fjellom, kjenner du deg so liten, men lika vel i Skyldskap med det store. Fjelli her er megtuge. Her gjeng du attmed den store Galdhø, som eg alltid heve funnet Snjo og Is uppi, og fraa eit stykke uppi Lidi ser du sjølve Galdhøpiggen. Naar eg gjeng der uppe, lyt eg alltid tenkja attende paa den Tid, daa den norske Kjempeanden skar seg Merke i den store Heimssaga. Eg synest det er nokot med Fjellom, som tvingar Tanken attende til den Tid.

Paa baade Sidor standa Fjelli høge og bratte og stengja som tvo Murar. Naar det so um Vetteren legg seg myken Snjo i Liderna, hender det ein og annan Gong, at han losnar og fyk nedyver. Det er um ei slik Snjoskrida eg her vil fortelja. 

Ei god halv Mil fraa Hovuddalen gjerer Beverdalen ein Sving paa seg, og i denne Svingen laag det ein Gard, som heitte Vardvoll. Han laag eit godt Stykke upp fraa Bygdarvegen paa ein Haug, og millom Vegen og Elvi var det ogso ein liten Stubb. Snjoskrida hadde ogso fyrr gjenget der, men ho hadde aldri orkat upp aa Haugen, som Husi stod paa. Til Varaar fyre Skrida hadde dei ogso bygt seg ei Stova ned i Jordbakken; men no stod ho glaslaus og tom.

Upp fraa Vardvoll gjeng Lidi lang og bratt, men slik, at ho verd brattare og brattare til lenger upp det ber. Lengst uppe er det berre stupbratte Berget. Naar no Vinden stend fraa Fjellet og beint utetter Dalen, legg det seg alltid ei heil Mengd Snjo uppi Skaret. Slik var det sidste Vetter, og Snjoen laag difyre som Hus lagt paa Hus langt utyver. Naar Folk gjekk nede i Dalen, kunde ein høyra: "nei sjaa, kor Fonni veks," og "ho er inkje til at lita paa," og so peikte dei uppi Skaret; men det var ingen, som ventade henne endaa. Det var no paa Lag midvetters og Snjoskrida plagar inkje ganga fyrr ut paa Vaarsida. Folket paa Garden var difyre helder inkje rædde endaa.

Her paa Vardvoll budde ein Mann med Kona og dei seks Borni deira. Av deim var det 2-3 vaksne og den yngste ei 6-7 Aar. Ein Gut fraa lenger uppi Dalen hadde voret der fyrr um Vetteren paa Arbeid; men Kvelden fyrr Skrida kom, fall han paa, at han vilde ganga heim. Dei spurde honom, kvat han vilde heima. Nei han hadde inkje Svar paa det; men han vilde no ganga heim lika vel. Han gjekk daa, men korkje han elder Folket paa Garden tenkte vel stort paa, at dette var den sidste Gongen dei saag kvarandre her i Livet. Endaa mindre tenkte vel nokon av deim i denne Stund paa, at det var Vaar-Herre, som her stakk ein Finger inn og førde Guten heim til sitt eiget. Vaar-Herre vilde hava heile Familien, men han vilde helder inkje hava fleire.

Dagen etter gjekk ein Mann burti andre Lidi midt mot. Han høyrde ein truska paa Laaven paa Vardvoll, og han trudde, det var Mannen. Eldste Sonen var nettopp komen køyrande heim med eit Lauvlass. Daa høyrer han med eitt eit sterkt Skjo-o-o-o-. Han fer burtyver, og det er Snjofonni uppi i Bergskaret, som er losnad og no fyk nedyver med susande Fart. Ei slik Snjoskrida er fælande morsk. Der ho fer fram, tek ho med seg alt, ho finn, Snjo, Tre og Stein, alt baade laust og fast. Til lenger ho gjeng, til større verd ho soleides. Men det er inkje Snjoen, som sopar allting med seg; det er den sterke Luftstraumen, som fær framfyre. Mannen, som gjekk burti andre Lidi, fortalde, at han gjenom Snjogabbet saag Husi liksom av ei usynleg Hand verda kastade gjenom Lufti nedyver den lange Aakren, yver Vegen og Elvi og burti andre Lidi. So kom Snjoskridi etter og lagde allting under seg. Mannen paa Granngarden saag ogso daa Skrida kom, og endaa det var langt millom Gardom, laut han halda seg fast til ein Husvegg for inkje at verda blaaset overendre. Denne Garden laag ogso til Sida fyre der Skrida kom, so Vinden hadde inkje so stor Magt der.

Eg hadde um Vetteren Skule paa ein Gard inkje rett langt fraa Vardvoll. Straks Skrida var gjengi, vardt det sendt Bod utyver Bygdi, kvat som hadde hendt. Eg fekk inkje vita det fyrr Klokka 4 um Efta, daa eg hadde sluttat med Skulen. Eg gjekk daa straks uppyver. Daa eg kom, var det alt samlat ein heil Hop med Folk, som gjekk stillt umkring paa Skrida og lagde her og der Øyrat ned paa Fonni til at høyra um inkje nokot kvinkade nedi. Det hadde hendt fyrr, at dei hadde høyrt Folk nede slik og soleides fenget grava deim ut og frelst deim. Det liver endaa ei Kona deruppe, som heve leget mange (eg trur 7) Timar nedi ei Skrida. Den Skrida var komi um Natti, medan Folk laag og sov, og denne Kona vardt liggjande saman med Senghalmen sin og fekk soleides Anderom. Men idag vardt det inkje høyrt nokot, som kunde rettleida deim. Av livande paa Garden vardt berre ein Gris og ei Høna frelste. Grisen kom krjupande ut or Elvi og Høna foor og flaksade nede paa Skrida, daa alt vardt stillt. 8 Menneskjor, 1 Øyk, 12-14 Naut og ei 40 Smaafe vordo nedgravne.

Det var rart at ganga der paa den store Gravi. Skrida kunde vel vera so ei 300 Alner breid og ei 6-800 Alner lang. Der Husi hadde stadet, var det no inkje meir at sjaa en den Stova, som var gravi ned i Bakken. Korleides det saag ut paa Skrida, er inkje godt aa fortelja. Her laag ei kjempestor Bjørk, som var sliti upp utor Telen med Roti; der laag ein Husstokk, som var klovnad i tvo, her ein, som var brotet i Stubbar, sume laago paa Skrida og sume stodo reiste paa Ende i Snjoen; men eg minnest inkje, eg saag ein Stokk, som var heil. Her stod ein Sagbordende upp or Snjoen, og her laag eit Kornband; men framfyre Skrida langt uppi Bakken paa den andre Sida aat Elvi, laag Høgtotter og Kornband umkringblaasne. Paa Elvi hadde voret tjukk Is; men Skrida hadde teket baade honom og Vatnet med seg. Steinar so store at ingen Hest kunde draga deim, ja endaa Smaafisk vardt attfunnet langt uppi Lidi.

Den fyrste Kvelden vardt det inkje gravet paa andre Stelle en der, som Husi hadde stadet. Stovetomti vardt fyrst reinskad. Dei tenkte, at kanskje nokon kunde hava komet seg ned i Kjellaren; men dei fann inkje annat en Jordepli. So vardt Aurbudi utgravi, men helder inkje der fann dei Folk, og meire vann dei inkje fyrste Dagen. Dagen etter møtte det fram so ei 150 Mann fraa rundt umkring i Bygdi, og den Dagen fann dei Kona. Det saag ut til, at ho hadde voret i Saufjoset, daa Skrida kom. Ho laag med Hovudet undan Bakken tett inn til Saufjosmuren, og det saag inkje ut til, at ho hadde livt lenge. Daa det no var gravet nærast kringum Husi, sluttade dei at arbeida der.

Paa den andre Sida aat Elvi, var det fyrst ein liten Flate og bak honom ein liten tverrbratt Bakke. No sagde Folk, som var nokot kjende med slikt, at naar Husi kom og støytte mot denne Bakken, so laut dei stansa sjøl um den lause Snjoen foor lenger framum. Der trudde dei soleides at hava beste Voni um at finna Folk, og det synte seg ogso, at dei inkje tok imist. Tridje Dagen fann dei eit Barn. Den fjore Dagen var eg ogso med og grov. Den Dagen var me 140 Mann, og me fann 5 Menneskjor. No er det so, at naar sopas mange Folk er saman paa eit Stelle, verd det ofta mangt stygt prat og mangei Banning at faa høyra; men her paa denne store Gravi var det reint utruleg stillt. Det var som ei usynleg Magt lagde Taumar paa Tunga deira. Snjoen var her ei 5-6 Alner høg og so hard, at me laut bruka Grev aat honom. Snart fann me daa nokot av eit Bord, snart eit Stykke av ein Stol, so nokot av ein Omn, so eit Klædestykke og mangt annet. Eg fann fleire smaae Hespler blaatt Ullgarn og mange andre Smaating. Sagbordstubbar og Stokkendar laago i Kross og Krok. Men mest gripande var det, naar det gjekk fraa Munn til Munn: "no hava dei funnet eit Lik." Kringum det samlast det daa so mange, som kunde koma til, og nokot meire gripande hev eg i mit Liv aldri seet. Det er ein halvvaksen Gut, som ligg der stivfrosen. Han heve blødt um Nase og Munn, so Andlitet er blodutt, men for Resten er han kvit som Snjoen, han ligg i. Klædi er for ein Deil avrivne, den eine Fot er bøygd attyver, den andre framyver og upp mot Bringa, den eine Hand dit og den andre dit ettersom Snjoen heve klemt honom til. Ein saag eg, som hadde knytt neven, so Fingerstubbarne stodo langt inn i Kjøtet; men eg saag ingen, som var vidare sundbroten. Andliti var ofte svolne og saag hugsprengde ut, sume meir og sume mindre. Naar so ein var utgraven, vardt han lagt paa ein Slede. Eit Aaklæde vardt lagt yver, og soleides vardt han køyrd til næraste Gard. Her vardt han lagd inn paa eit varmt Rom til at faa dei stivfrosne Limer upptødde og strekte. Soleides vardt den eine etter den andre utgraven og køyrd avstad.

Dagen etter fann dei den siste. Den Dagen talte eg paa Skulen um Dauden og det, som ligg bakum.

Nokre Dagar etter var det Gravøl. Den Dagen tok eg med meg dei eldste Borni og gjekk ned paa Kyrkjegarden. Her stod det tvo store, breide Graver og gapte mot oss. Etterat med hadde ventat ei Stund, kom Likfylget, og 6 Kistor etter kvarandre vardt innborne paa Kyrkjegarden og nedsette. (Dei minste Borni vardt lagde tvo og tvo i Kista.) So gjekk Provsten i Brodden fyre Folkemugen inn i Kyrkja, og her talte han eit Aalvorsord til Sogneborni sine og lyste Fred yver deim, som Dauden var kome so braatt yver.

Ein gamall Mann fortalde meg, at han aldri hadde seet so mange Folk i Hovudkyrkja paa Lom som den Dagen, daa dei aatta Vardvoll-Folki vardt lagde i Jordi.


Frå Fraa By og Bygd. Tidskrift aat Vestmannalaget. Femte Aargang. Bjørgvin: Hjaa Ed. B. Giertsen 1874. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.