Aasmund Vinje

(Artikkel, 1917)

den fyrste ”landnaamsmann” og odelsmann i Jotunheimen

Av H.E. Berner

Det bles og snødde og regna um einannan ein sein augustdag 1868, daa det la ut ein liten baat fraa austenden av Bygdin-sjøen. Det dreiv svarte skyflokar um det høge Bitihorn og Mugnafjøll, og der gjekk svære baareskavlar i det svart-grøne fjellvatnet. Det var styggever, og det saag ut til aa bli verre. Folk fraa sætrane umkring hadde negta aa leggja tilsjøs i slikt ufyse vêr. Men dei 3 karane i baaten saag ikkje ut til aa vera blaute i hugen, um dei skulde bli dyande blaute og halvfrosne. Det var Aasmund Vinje, som sat fremst i baaten, og likesom var hovedsmann, og so Ernst Sars og H. E. Berner, kvar paa si tofte agtanfyre.

 

Men det var umkring 2 ½ mil aa ro, so det var seint paa kvelden innan dei nedanfyre det bratte Galdeberget gjenom skaadd-vêret fekk auga paa dei nytømra veggjerne i den nye bua, og kom seg i land, trøytte efter den lange roinga, stive av kulde og væta og svoltne som skrubbar. Men det liktest ikkje til at dei brydde seg stort um slikt. Ikkje fyrr var dei komne upp til den vesle bua, fyrr dei ropa hurra for den fyrste bustaden ved Bygdin, og døypte det for ”Eidsbugarden”, - endaa der korkje var aaker eller eng eller uthusbygnader som paa andre garder! Ja! det var og snaudare i bua enn ventande kunde vera. Ikkje fanst det ein turr vedpinne i huset. Ikkje var det mose eller lyng, ennsegje halm til aa liggje paa. Det var eit emne til ei seng, men berre med 3 eller 4 fjøler i botnen, saa det var ¼ meter millom kvar fjøl! Peisen stod inni en [sic] sval fyre buromet, so dette ikkje kunde bli uppvermt, um ein elda aldri so mykje paa peisen.
 
Men Vinje, eller ”Dølen”, som han aalment var kalla, meinte at nettupp her var det gildt aa vera lell. ”Her er det land som hugar meg best”. Alt fyrst i 1860aari hadde han og venen hans Ernst Sars (den seinare so namngjetne historikaren) tat til med sine aarvisse vandringar i detta vidsveimde snø- og fjelllandet, som etter Vinjes tid aalment har gaat under namnet Jotunheimen. Alt i 1862 skriv han i ”Fjelstaven” sin: ”Ettersom det bar uppetter desse hengjande bratte lidene, saag vi meir og meir av Jotunheimen, som han stig upp med sine slott” og dei mange tindar.” Det var liksom han no hadde tat sig odelsretten til denne 40 eller 50 kvadratmil store fjellheimen, som han hadde tat landnaam i liksom federne vaare paa Island.
 
Visst er det: han var den fyrste rette landnaamsmann i dette riket, som Eidsbugarden er midtstaten i. Her var Vinje som heime. Her saag han atter ”desse fjell og dalar, som dei han i sin fyrste ungdom saag”. Og her i denne lette fine fjølllufti som paa godversdagarne laag yver dei solgylte bredarne og dei megtuge tindane var det liksom diktarhesten kom paa sitt beste beite, og diktaraandi hans løyste seg ut i dei herlegaste vers. Ikkje under derfyre, at han ikkje gav seg fyrr han hadde bygd seg hus i riket sitt, her paa Eidsbutangen. Det er som han sjølv har sagt i det merkelege pantebrevet i ”garden” sin, han i 1868 utferda til konsul Hefty for eit lite pengelaan til husbygnaden sin.
 
      ”Eg er, som vel Du veit, ein fjellets man
      og derfor dreg tilfjells so tidt eg kan.
      - - - - - - -
      So laut eg soleids sveiva meg og snu
      at eg i Jotunheimen fekk ei bu.
      Eg Plassen valde etter syn paa mange,
      ved Bygdins vestre ende paa ein tange.
      Fraa logne heim, der ser Du tindar vaja,
      og Slettmarkhø, som likjest Himalaja.”

 

 

Men magen minte endeleg um, at han vilde ha mat. So gjekk vi nedatt og innum eit felæger ikkje so langt undan. Her fekk vi kjøpt nokot mjølk og nokre aurar, som fekararne hadde fiska. Vi fekk oss ein reint framifraa dugurd med ”jotunmat”, som Dølen kalla det.

 
Etter middagen og ein pipekvil, tok vi fram kartane yver Jotunheimen, og reiste i tankan yver heile Vinje-heimen, baade sud og nord og aust og vest, og fann ut at heile riket laut vera umkring 40 eller 50 rutemil; det gjekk yver heile 5 herad i Vestuplands amt og Nordre Bergenhus amt. Det var sagte nokot meir og nokot gjildare enn det Romsdalshornet, ein engelsk lord kaupte seg, daa han vilde kalla seg ”Lord of Romsdalshorn”. Og Vinje meinte at han var ein større herremann enn hin som sat i det engelske adelige overhuset! Vi hadde i det heile mykje moro med denne nye ”landnaamsmannen og odelsmannen til Jotunheimen”.
 
[For Bygd og By, 1. april 1917:]

Det kan vera forvitnelegt her aa taka med nokre utgreidingar um riket sitt, som Vinje sjølv har gjit i eit stykke, han skreiv 1867, aaret fyrr han busette seg i ”hovudstaden” sin paa Eidsbugarden. Jotunheimen ligg høgre upp enn mannaheimen, segjer han. ”Fraa mannaheimen kjem ein fyrst upp til sæterheimen, som ligg fraa 1800 til 3000 fot yver havet; so kjem ein til feheimen eller dyreheimen (reinsdyrheimen) fraa 4000 til 5500 fot, og so kjem Jotunheimen lenger upp igjenom; snjoheimen eller skoddeheimen kann Du og kalla denne høgd, som ber upp imot himleheimen.” Han setter den høgdi dit bjørki gror til 3400 fot, og rapevokstern (dvergbjerka) til ikring 4000; so kjem, litegran gras og mose til 5000 fot sidan er det berre svarte steinen og mosen.

 
Det skulde etter dette ikkje vera nokot sers gjildt gardsbruk paa Eidsbugarden og grenderne deromkring. ”Men - trøysta Vinje seg - vaar stakkars jord treng til slike fjell, liksom mannalivet til store tankar og gode gjerningar.” Og store tankar og gode gjerningar er det, som fjell-livet gjev, meiner Vinje! Og det er meir verdt enn gods og gull, maavita!
 
Etter dei seinaste maalingar skal det vera vel 100 tindar og toppar som naar yver 6000 fot eller 2000 meter, og av desse skal Glitretind vera den høgste (nokre faa meter høgre enn Galhøtind, som fyrr var meint aa vera den høgste). Der skal vera 60-70 isbræar; sume av dei meir enn ½ norsk mil lange. Av flyer eller fjellsletter so vide som heile prestegjeld er det ogso ei mengd; og av jøkelelvar, som fossar gjenom trange gjel og skard er det uhorveleg mange; av fiskrike vatn er det og ei mest utallig mengd, og millom dei slike storvatn som Bygdin, Tyin og Gjendin, med avløyp sume til Sognefjord, men dei fleste til Gudals-Laugen eller Valderselvi Begna.
 
Næste dagen reis vi upp fraa leget vaart; vi hadde ligget paa berre golvet, med nokot lyng og mose under oss, og med eit tunt reiseplagg yver oss. Vi laag sjølvsagt med fulle klær paa; men endaa fraus vi, so vi hakka tenner, og stundom laut vi upp og ”slaa floke” til aa faa varme i kroppen. Men so mykje gjildare var det aa koma paa beina um morgonen og i det fine gode veret laga seg til ei lita ferd upp i Mjølkedalen.
 
Mjølkedøla kjem fossande ned litt nordanfyre Eidsbugarden, fraa dei store bræar, som fraa Uranostind og andre tindar sudvests strekk seg yver amtsgrensa og endar i Mjølkedalsbræa, som til visse tider dæmmer upp Mjølkedalsvatnet til det veks umkring 40 fot yver vanleg vatsmaal. Daa sprengjer vatnet umkring kvart 7de aar bræen med eit brak so det rullar som etter ein sprengsmell ut yver Bygdinsjøen lange leider. Og daa gjeng ”ofsen” eller storflaumen durande og riv med seg steinar so store som smaa hus, og fargar Bygdinvatnet grønt. Det var dette forvitnelege natur-fænomen vi vilde sjaa nærmare paa. Men i mjølkedalsvatnet var ikkje stort yver det lægste vatsmaalet no. Vi kunde soleids rolegt sjaa paa dei bratte snøskavlarne og fæle bergi.
 
Men Vinje tok til aa filosofera yver kor mykje Mjølkedalsbræen vilde vera verdt um ho var av møk istadenfyr av snø og is! Kor mange hestelas møk kunde han daa faa? Kor store vidder av aaker og eng, kunde han daa faa under hevd? Statsøkonomar og ”guanokratar”, som berre verdsett folk og land etter matnyttige avsyn og set guano og møk høgre enn aand og folkefridom, skulde setja ut præmier for kemikare, som kunde gjera snø um til møk. Slik sat vi og hadde moro av desse ”guanokratiske” draumane, som Vinje alt i ”Ei Fjellferd” fraa 1867 hadde skrevet so forvitnelegt um. Vinje var ogso ein mann med opne augo for bondeframgangen, og hadde sagt mange gode ord um desse ting i dei mange fesjaa-talarne sine.
 
Vi hadde nok ogso fyrr ein og annan gongen legja ut kor mykjet gjildare alt var her tilfjells enn i byen eller nede paa flatbygderne. Men no var han sers veltalande. Kor let ein kjenner seg i denne lufti - sa han -; det er helsebot i berre aa anda henne inn! Her verdt du sterk og hardbalen so du kjenner deg ikkje sjølv att; og det finst ikkje større gleda enn aa kjenna seg sterk. Heile livet verdt sælare, aand og likam verdt finare tilfjells, difyre verdt og fjellkaren i røyndi ein aldelsmaanen imot herkemugen i dei feitare flatbygderne. Men - attaat alt det er det og mykjet sant i det ”guanokratarne” preikar um. Sjaa berre paa alle desse feite beitarne i fjellet! det er ikkje tiendeparten av dei, som enno er utnytta slik som dei kunde og burde! Vi har her i detta fine nærande graset i fjella ein ubrukt naturrikdom, som det er synd og skam ikkje kjem detta fatike landet til nyttes. Her kunde tusundtal fleire sauer og kjyr og menneskjor liva, og liva mange gonger betre enn dei fleste no gjer*). - Det som Vinje med sit praktiske syn og sit framsyn tala um er netupp eit av dei mange spursmaal som no, kringum ein mannsalder seinare, er dryft av alle, som skynar at Norigsjordi vaar lyt utnytjast betre, og at vi maa freista aa bli meir sjølvberga, baade med korn og smør og kjøt og ull og mykjet meir.
 
Hadde det ikkje voret for skorten paa mat, hadde vi nok vorte verande fleire vikor i Eidsbugarden. Men - ”utan mat er mannen ingenting”, og so laut vi tilslut slita oss fram langs den blaute myrute auststrandi av Tyin til Nystuga for maten sin skuld.
 
Men medan vi gjekk og stampa langs den endelause Tyinstranna sette eg fram til dryfting spursmaalet um det ikkje skulde vera verdt aa setja den nyskipa ”Turistforeningen” paa den tanken aa byggja eit par buer for ferdafolk paa ymse stader i Jotunheimen; og faa sett upp vardar til rettleiding paa dei mest farne fjellveger; kloppar bygd yver elvar o. s. frametter. Jau! detta samtykte baade Vinje og Sars i. Og daa eg kom til Oslo att, gjekk eg til ”Turistforeningen”s styre og bar fram erendet mitt. Og styret var straks samd i, at dei her hadde ei stor arbeidsmark. Etter framlegget mitt byggde dei ogso den fyrste bua si ved nordre enden av ”Tyin”! Eg sa nok til ”ferdanautarne” mine, at retteleg var ”Eidsbugarden” liksom midstaden i Jotunheimen. Men fraa Tvindehaugen til Eidsbu var det ikkje meir enn høgst ein halv times gonga, og vest yver gjenom Koldedalen til Sogn var det greit aa gaa fraa Tyin.
 
Vist er det! Aasmund Vinje var den fyrste landnaamsmannen i Jotunheimen. Han var den fyrste, som viste vegen for turistflaumen upp til Jotunheimen. Han var den, som fekk fest Jotunheimnamnet i vers og i prosa. Difyre skulde han minnast fram fyre nokon annan av dei, som har skaffa Jotunheimen ”i velten”.
 
Men eg drøymde nok ikkje den gongen um, korleids Jotunheimen nokre aartiar seinare skulde bli sjaaande ut, naar flaumen av turistar fraa alle land og jordbolkar skulde sleppast laus, og automobilar skulde kappkøyra til og fraa Jotunheimens portar baade i sud og nord og aust og vest, eller motorbaat etter motorbaat skulde fara fossande att og fram paa Tyin, Bygdin og Gjendin, eller store, breide og høge hotellar med moderne krimskrams med hengje-svalar (altanar) og utbygg skulde briska seg det eine etter det andre mest alle stader i Jotunheimen - der som det den gongen berre var ei fast bu’, ”Vinje-bua” paa Eidsbugarden. Jotunheimen er ikkje lenger til aa kjenna att sidan hotel-næringa vart ein Jotunfjell-drift.
 
Det er no ein ny Jotunheim komen, vistnok med mykje godt med det at folk so snøgt og billeg kan koma ditfram. Men det nye har ogso mykje laakt. Dei gamle ferdanautarne som Vinje og Sars, dei vart dregne tilfjells av fjell-poesien og eit slag vikinghug. Dei tykte ei fjellferd ikkje var nokot tess, medmindre at ryggen sveid etter ei tung skreppa, og alle limar verkte, eller at dei kjende spaningen ved aa vada eller ”springa” dei stride og faarlege fjellelvar, eller ved aa kliva i bratte urder upp til dei høge tindarne, og so tilkvelds kvila seg ut, um det enn berre var i eit halvope felæger, eller um det kneip - paa berre fjellet med eit reinsmose-teppe yver seg. Og so det gode ved den gamle fotturen, at ein kunde faa fara einsleg um ein so vilde. Og folk, iser fraa byarne, som dag ut og dag inn lyt aalboga seg fram gjenom folkehopane, treng serleg aa faa kvila seg ut i einsemdi. Det kan vera større høgtid enn i kyrkja aa faa sitja ved høgste varden paa eit fjell og sjaa solrenninga; himel og fjell og bræar skiner og glimar i alle fargar, og ettersom solskiva stig i synsranden og den eine ljosbylgja sterkare enn den andre rullar fram yver himel og jord. Aa for herlige syn! - I det heile: den gamle fot-turisten fraa Wergelands- og Vinje-tida hadde tusind fyremuner fram fyre ein automobilist!
 
* * *
 
For nokre aar sidan for eg med Bergensbana til Myrdal, ned Flaamdalen og so fraa Lerdal til Tyin og inn til ”Eidsbugarden”. Det var baade kjært og vedkjømelegt aa sjaa att den staden, eg saman med Vinje og Sars hadde naadd fram til i sludde-stormen for meir enn 50 aar sidan. Attanfyre det store Eidsbugard-Hotell, staar enno Vinjebua. Men ho er blit paabygd i lengdi so ho er umtrent dubbelt so lang som fyrr; og so er ho bordsydd. I det romet, der vi tri samlast til so mangein glad samrøda um peisen, ser ein no berre ølkassor og annat skrammel. Sic transit gloria mundi! (So forgjeng al verdsens herlegdom).
 
Men utanfyre buveggen staar ein fin høg stein med ei malmtavla. Og paa malmtavla staar øvst uppe ei harpa og nedunder desse ordi:
 

      Venir sette
      dette minne
      um
      A. O. Vinje
      paa
      Eidsbugarden
      hans.

 
Det var 50 aar etter Vinje fekk bua si bygd, at Sars og nokre andre av dei gamle venerne sette denne minnesteinen der. Og inne i hotellsalonen heng eit bilæte av Vinje og ved sida av bilætet i glas og raama eit avprent av ”pantebrevet” i Eidsbugarden.
 
*) I den gjilde boki A. O. Vinje: ”Skrifter i Samling” som cand. A. Midttun netupp no gjev ut paa bokreidar Cappelens forlag ser eg etter at det fyrre var skrevet, at i IIdre bandet er innteket det fyrr nemde stykket ”Ei fjellferd” der Vinje vidare utgreidar sine ”guanokratiske fantasier”, som han mora seg og felagarne sine med, daa vi laag paa eit svadberg ved Mjølkedøla og sola oss. Vinjes ”Skrifter i Samling” skulde vera ei folkebok som ingen anna; det er ei av dei mest forvitnelege og mest upplysande bøker eg veit. Stortinget burde gjeva tilskot, so ho kunde bli billeg og naa inn i alle heimar.

 


Frå For Bygd og By. 18. mars og 1. april 1917. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.