Heimen

(Dikt, 1919)

Av Andreas Austlid

Vesle Olav han fylgjer far
med hest og med slede paa skogen.
Olav vil verta so gild ein kar;
til vaaren han køyrer plogen.

Vesle Marit maa fylgja mor
i fjøset og mjølka og stella;
og klippa det lambet 1) som kom i fjor,
og snurra traaden paa snelda.

Vaar jord, segjer far, skal dyrkast paa
av sterke og harde hender,
so gutar kann føda og klæde faa
og veksa til sterke menner.

Vaar heim, segjer mor, skal byggjast paa
av gode og trottuge hender,
so fatig og framand kann koma og faa
av rikdomen Herren sender.

[Note:]
1) mb kan uttales mm.

Red.merk.:
I innhaldslista står det: "Av Andreas Austlid (3de v. Vinje)

 


Frå H. Eitrem: Landsmaalslæsning for middelskolen. Tillæg til Erichsen og Bretteville-Jensens norske læsebok. Kristiania: Forlagt av W. C. Fabritius & Sønner A/S 1919. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad