Han Rasmus

(Forteljing, 1913)

Av Mathias Askevold

(Paa Sunnfjordmaal).

Daa han saanemann Rasmus skulde skrive seg te aa eksere, daa va han so rakande bein'e i ryggja so ein annen seljeteine, aa so suffesante i alle deile, nett so ein heilegreven tresko. Hund skjine, te strakje te kar han va! Han vart trekt'e mæ linjene te fysste musketer'e aa sett i ekserskule paa Dingemoa.

Da va jusso me, so heime va, hadde ill-ótte aa lengt, baade eg aa mora, ho Massi. Eg hugsa so granngjevelæ so da va i dag, ein laurdagskveld ette mat'a. Eg sa: "No tenkj' eg me lyt ta aa reise bort paa Dingemoen te 'naa Rasmus mæ litevetta mat'e. Da æ so løye mæ slike so ligge ute i krig aa orlog heile aare. Dei treng'e da so væl."

Me so gjore. Tok fram kjerra aa muskemerra, ho Lokkelita dei kalla. So te aa niste aa lesse paa, nóke taa gjymr'ne, aa nóke flatbrø, aa nóke kling'e aa ein skjikkelæ store goe ambare mæ saupgraut'e. Han Rasmus va so mykje étande gla i slike kost'e.

Daa me va væl færige mæ ditte, aa va komme oss ne aat sjøna, so reiste ho Massi heimatte aaleine mæ 'ne Lokkelita, ette ho hadde gjitt all nista te meg, so eg skuld e besyrgje viare fram te 'naa saanemann Rasmus.

So tok eg baaten i nattedimme aa rodde ut yve fjoren te Dale.

Daa tenkte eg mæ meg: du skal leggje deg ne her i baat'a, so eg hadde belagt so godt att-mæ nausta, aa duse litevetta. So gjore. Da va jusso da va kaldt aa ufyse i veira. Mæ da same kom eg i hog eit bibelspraak so staar: "Du ska kje vere karrige mot ditt eie leikaame." Da he du ikkje traang'e fyre, tenkte eg mæ meg. Eg hadde mæ meg ei lita peileflaske mæ brennevin, so fyr laange ti sia va kjøpt'e hos 'naa Wilkom paa Traas. Dinna flaska tok eg mæ fyr nø's skuld, fyr han Rasmus sin part. Da æ vel ikkje so maange so hugsa paa 'naa i disse dage. I mæfør taa skriftens or, tok eg meg to skjikkelæ dramma, aa dei fór so spélande ner-igjønaa heile kroppen min, at da pirka like ne aa fram i storetaana. Eg vart so goe aa heite invortes, at eg maatte ta meg ein liten støyt'e te, la meg ne i baataskuten, aa daa sómna eg indelæ godt. Men daa eg vakna att'e, hadde eg, hund skjine meg, forsóve meg. I forargelse yve ditte tok eg meg to dramma te, so eg begjynde te raanast aa limne. Daa eg sku te aa røyse meg i baat'a, va eg so forundelæ tung'e aa vassen i klæaa, so eg kjende meg ikkje sjøl att'e; enten da no va nygla i baat'a so ikkje ha vore tett'e, elde da ha komme taa himmelvatten, - da kunde eg ikkje godt begripe. Da va ikkje anna te gjere, enn aa réke opp yve veiene, aa alt imens tenkte eg aa grunda paa, kor sniplæ dittene va. No æ han Rasmus kanskje gaadd'e paa plassen, aa kanskje eg inkje finn'e 'naa hel'de. - Eg rak meg no fram kor-so. Daa eg kom opp, gjekk heile sylatartroppa aa ekserte i ei rett'e linje, nett so dei va trædde ette ei bastemóle. Eg hórde inkje skót elde dùn, men bære: ett to, tak to, ett to, tak to. Aa, kor dei munderte seg! Eg, maa vete, saag no mest ette 'naa Rasmus. Saag reita opp aa reita ne. Men ingjen Rasmus hórde eg te. Eg stussa mæ meg: ditta va løye, eg inkje skulde faa sjaa 'naa Rasmus; æ so forundra paa kor han æ henne. - Bess so eg sto aa grunda paa ditte, vart eg vis'e mæ at dar gjekk eit par snoreklædde fyra borte paa plass'a, aa ein a'n mann mæ dei óg. So tenkte eg mæ meg sjøl: jau ska du ha deg bort paa bakkjen aa sjaa ka slags kara ditta æ. Ken andre va da enn han Rasmus so gjekk dar. Daa so gjild'e, og tænkte mæ meg: va kje det da eg visste, at du æ for goe kar te gaa ihope mæ dei andre.

Ein taa dei andre fyraa va prestesaanen, lytmaen. Eg va so godt kjend'e mæ hónaa fraa fyrr. Me hadde hatt maange slags spel imyllaa oss me to. Eg gjekk gladelæ bort te 'naa aa helste: "Go-maara, lytmann. Eg æ kommen hit te 'naa Rasmus mæ litevetta mat'e; ser han æ kommen seg godt fram, han gaar aaleine."

Lytmaen svarde: "Nei, min goe mann, han æ kommen seg mindre enn godt. Han gaar ikkje aaleine fyr da han æ dygtige te eksere, men fyr da han øye ryse haue-toskjen."

"Da vil eg ina-dé sjaa paa, at han Rasmus æ hauetoskjen! Han æ kje taa da folkeslagja korkje paa fars- elde morssia. Han æ no dygtige heime baade te lése aa hogge holte-ve aa bitte hesja. Hund skjine meg, bitte han ikkje so da skvip'e att-i staur'a! Aa at han inkje sku due te eksere, lytmann! Nei da skjér inkje."

Lytmaen vart forarga aa viste meg hi sia.

Eg bisna paa ditte. Kanskje he du fornærma lytmaen? I so maate maa da rettast paa.

"Om forlatelse, lytmann, æ da so han Rasmus æ haue-toskjen, so maa du inkje forgjette 'naa, men setkje 'naa inn i reita mæ alle hine. Aa du lytmann ..."

I sinne beit han te meg: "Eg he kje ti:" [sic]

"Aa, jau he du ti," sa eg. "Gaar aa lurka aa rék'e her paa plass'a kor-so. Da va kje anna eg vilde, enn eg vilde spyrje lytmaen om han vilde komme ne te sjøna aa smake paa nista hass Rasmus."

Da va kje frit fyre eg drog paa at eg hadde mæ eit godt stykkje mæ spíkjekjøt taa gjymr'ne. Eg visste han va so gla i gjymrelaar, naar da va godt i spikje. - Daa va kje han usein'e te gje ette, aa fylde mæ ne aat sjøna. Eg tykte da va so høgtidelæ te gaa jamsies mæ 'naa.

Niste-kjista sto i baat'a. Eg tok lykjelen opp o' brokalomma aa stakk 'naa inn i pipelaase aa lette paa lokje.

 


Frå Mathias Askevold: Skrøner og historier. Kristiania: J. Aass Forlag 1913. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad