Paal Bergh og Studentfabrikken paa Voss

(Artikkel, 1919)

Av Jenny Arnesen

Mange har høyrt gjete Paal Bergh, den glupe matematikaren, den makelause skulemeisteren, diktar, skrønemakaren, maal­strævaren, "fritenkjaren". Eit stjernerap paa vinterhimmelen vaar.

Me har faatt Jenny Arnesen til aa fortelja litt um han og den siste skulen hans, Studentfabrikken paa Voss.

  

Paul Ernst Bergh vart fødd 2. 7. 1847 i Jarlsberg, der faren, Carl Johan Irgens-Bergh var lækjar. Mori, Julie Augusta, var fødd Halling, um eg ikkje misminnest dotter av presten Honoratus Halling. Paal Bergh gjekk som ung i skule hjaa gamle vidtgjetne Heltberg i Kristiania, tok artium med laud 1866, studera seinare realfag, men ikkje heilt fram av di han fekk ein helseknekk so han ikkje orka aa lesa so mykje. Var lærar ved Sarpsborg millomskule eit aar, og 3 aar i Grimstad. Fire, fem aar heldt han artiumsskeid i Kristiania, var so ei tid millomskulestyrar i Førde, Sunnfjord, eit aars tid hadde han eit slag folkehøgskule paa Halsnøy i Sunnhordland, og hamna endeleg 1888 paa Voss; der budde han dei tvo sisste aari han livde. Han var tvo gonger gift, i 1872 med Maren Sofie Faye, andre gongen med Charlotte fødd Saxegaard. Han hadde ein son, Honoratus Halling Berg, og tvo døtter: Synnøve Solveig, som døydde i 6 aars alder, og Paula, fødd stutt etter faren sin død i 1890.

Paul Bergh var som lærar og tenkjar noko av det mest sermerkte ein kunde tenkja seg. Ein som fylgde sine eigne vegar likesælt um dei ikkje nett var upptrakka av aalmenta eller godkjende av autoritetar. Difor hadde han og ord paa seg for aa vera det fælaste ein kunde nemna i den tid: fritenkjar. At han var tvilar i mangt, la han ikkje dulsmaal paa; han var ikkje laga til aa dylja seg burt soleis og so lagde no sladderen og faakunna sitt til. Elles hadde vel tvilen hjaa Berg fenge hjarte­støyten alt fyrr eg lærde han aa kjenna 1889, og han forlalde meg sjølv soga. Han var i den tid ein namnkjend matematikar, og dette lokkar den vidtgjetne og barnefromme danske matematikar Paul de la Cour, som nett daa var paa Norgesferd, til aa leggja vegen um Voss for aa finna Bergh, som han kjende gjenom brev, men ikkje personleg [.] Dei var berre ihopa ein halv dag, men daa hadde Bergh alt fenge noko rart aa grunda paa. Denne vidgjetne mannen, som alle saag upp til, og som Bergh sette umaateleg høgt som vitskaps­mann og menneskje, denne mannen vedkjende seg heilt einfelt si tru paa Kristus som livsens fyrste og frelsar! - Det laut vera meir i denne tru enn berre ovtru og hyklarskap som sume sa? Eingong ved eit ordskifte paa skulen vetteren 89-90, daa ein av læresveinane tala flaasut um trui, sa Bergh so fjerre kvast imot, at ein skyna at han tolde ikkje fjas i den leidi. Ut paa vetteren døydde vesle dotteri av difterit, med dei smaae hendene neste til barnebøn, so lenge ho endaa hugsa seg. Faren hadde lenge vore helseveik og kjende den tærande sotti som ut paa vaaren la han i gravi, brenna i alle aadrr. Det var daa undralaust um han snudde attende til barnebøn og barnetru paa det siste. Eg fortel dette av di den tid vekte baade undring, aatgaum og tvil dette vendet som i grunnen var so liketil. Men uvisst hadde det vore um aare­lange tvil hadde vore so lette aa sleppa, um Paul de La Cour ikkje beintfram hadde prova dei sanningar han trudde paa, med sitt eige lysande fyredøme; han tala ikkje berre um dei, han livde dei, og slik tru hev magt. Me tala elles fraa fyrst av mykje um desse spursmaal meir som tvo vener enn som lærar og elev. Fru Charlotte var ei djupt religiøs kvinna, men kanskje likso einsynt paa si leid som han paa si. At kristentrui ogso vart hans eiga paa slutten, og at ho fekk hjelpa han mykje ogso i religiøs leid, er visst tvillaust, men endaa var det de la Cour si ljose, frihugne gudstru som for Bergh vart den milesteinen han ikkje kunde koma framum. - At denne mannen med sin umaatelege gaaverikdom, si brennonde [sic] aand og sitt varme hjarta ikkje dreiv det lenger baade i økonomisk og social leid, kom vel noko av vanhelsa so han ikkje greidde aa taka meir enn fyrste avdeling av realeksamen. (Han leid frametter mange aar av ein nervøs hovudverk som stundom reint vilde taka magti ifraa han, so han berre med den alra sterka­ste viljespaning og med medisin i store doser orka aa halda seg uppe og arbeidsfør). Og dertil kom hans ubøygjande fridomstrong, som hata all tvang og all "slikket penhet" verre enn pesten. Han kunde ikkje slaa av eller liska seg nokon vyrdnad til, gjekk heller vyrdlaust til den motsette ytterkanten, kunde beint fram gjerast paa stundom. Soleis stengde han visst vegen til æra og økonomisk trygd for seg sjølv frametter aari. Han kunde og visst sagt med Savalguten: "Likar meg best i ukvillom, og ruggar meg helst aaleine." Di lika han og best aa skipa skular etter sitt eige hovud og vera den einraadande, endaa um den øko­nomiske vinningi vart heller skral og han berre livde fraa hand og i munn.

Soleis laga var den mannen som kom til Voss og skipa "Studentfabrikken", som han sjølv kalla skulen sin med det turre humor som kunne gjera moro av alt um det endaa sveid, eller som Vinje syng um federne vaare: "Sitt blod som vatnet burt dei øydde, med leik sitt hjartesaar dei saag". Til medstyrar var han daa so heppen aa faa kand. mag. Johannes Lavik fraa Eksingedalen (skaparen og styraren av "Gula Tidend" no). Det var ein kar som heller ikkje var av dei som snudde kappa etter veret eller var serleg skvetten taa seg. Desse tvo karane vaaga daa voni, leigde sumarshotellet "Eldorado" nær Vosselvi hausten 1888; og sette til med privat millomskule og gymnas, baae rekna til aa vera eittaarige for dei som var gaaverike og hadde lese noko fyrr. Fyrste aaret var det 5 læresveinar i gymnasklassa, 50 i millomskulen, og tvo av gymnaskarane og 7 fraa millomskulen tok eksamen etter fyrste skeidet. 1889 var det um lag 50 i millomskulen, 14 i gymnaset. - Det vore synd aa segja at det var flust med skuletarvende i desse klasseromi. Eit langbord med benkjer og ei veggtavla i kvart, og tvo veggkart som vart flutte klasseromi imillom, det var heile stasen. Men det røynde ikkje paa skuletarvende naar ein hadde slike lærarar. Skulde me til dømes ha land­kunna eller soga, teikna Bergh i ei stutt friøykt eit kart over vedkomande lands luter paa vegg­tavla, vakkert og noggrant som vore det prenta, og so tok han til aa fortelja slik ein saag alt ljos­livande framfyre seg, ein livde med i hendingane, so kinni glødde og augo lyste. Det var ikkje tale um aa rekkja benkjer eller sovna just! Og so skulde einkvan av elevane fram og fortelja pensum upp­atter, so det galdt aa passa paa som smed! (Desse teikningane hadde han nok elles havt ein sergivnad til alt fraa ung av. Til realeksamen lydde uppgaava i geografi: "Giv en fremstilling av strømforholdene i de store verdenshave." Bergh teikna kartbilæte av dei tvo halvkulone med hav og land og fyllte inn tydelege straumbilæte fraa kvart og flidde inn til svar, ikkje eit ord umfram. Professor Mohn totte at dette var meir enn menneskje kunde klara rett fraa minnet og bad Bergh teikna uppatt dette eksamenssvaret med Mohn saag paa. Bergh so gjorde, og professoren vrt [sic] reint ovandotten. Bergh fekk Laud. Til andre deildi hadde han gjort fyrearbeid i matematikk som skulde vore reint fram­ifraa, arbeidde lenge tidleg um morgnane, fyrr andre var uppe, paa dette, men vart so tvinga av helse­knekken til aa slutta, diverre.) - I matematikk var han ein meister til aa gjera alt klaart. Men fort skulde det gaa, og trøyste den som ikkje greidde halda fylgje! I soga laga han sine eigne hugselistor, som læresveinane laut skriva upp etter diktat. I grammatikk fylgde han kanskje alra mest sine sermerkte vegar og synte med teikningar paa tavla kvar dei ymse ord høyrde heime og korleis dei hang isaman fraa fyrst til sist. Alt kom med fynd og klem og med slike lentor og kvasse ord imillom at det sveid etter. Men lærde gjorde me, og age stod det av han, endaa han stundom kunde vera baade hastig og einvis. Loga harmen fyrst upp i han, laut han faa brusa ut mot syndaren, det hjelpte ingi bøn soleis. - Men kunde ein snildt leggja eit ord til bate for den som hadde forset seg, naar fyrste harmen var yver, so var han og snart god att. Ikkje var det all pædagogikk som fann naade for hans augo heller, og det hende rett nokon kvar av oss at me fekk vita at me hadde stade so lenge og stappa i "kalvagarden" (eit ærenamn han gav ymse skular), at me no snaudt aatte ein skikkeleg tanke i hausen. - Men merkeleg nok, dei fleste tolde mest kva det skulde vera av Bergh; for dei var glade i han, trass i all skuring. Og han aatte ei forunderleg magt yver dei, eg kjem berre i hug det vesle kvike morostykket "Livet er en skole" skrive um og for læresveinar av skulen der han fekk desse læresveinane til aa parodiera seg sjølve, syna fram kvar sine løgnaste sidor. Det skulde ein Paul Bergh til aa faa folk til slikt. Elles like [sic] han at ungdomen leika seg, men han lika ikkje at leiken gjekk lenger enn at læresveinane kunde møta kvike og upplagde naar skuleklokka lydde um morgonen. Vanta der nokon dagen etterpaa, fekk dei gjerne høyra kor merglause og dug­lause ungdomane var no mot daa han var ung. - Eg tykkjer endaa eg ser han med det lange tette haaret yver den høgkvelvde panna; dei kvike talande augo bak brillone, den kvasskorne nosi og den noko spitige munnen med munnskjegget, den heile høge nokso ulenkelege skapnadn [sic] i dn [sic] lange svarte frakken, og dei blanke, høge knestyvlane, like uskiljande fraa Bergh i sol og i søyla - soleis var totalbilætet av denne forunderlege man­nen. Han kunde ikkje berre gløda i "begeistring", brusa i harm, eller flengja i spott; han kunde og graata i vonløysa, og han kunde læ so hjartegodt som faae andre. Ordskifte lika han framifraa, og i ordskifte paa skulen lika ha [sic] seg best dimeir motsegn han fekk. Baade han og Lavik tok livande part i ordskifti vaare um laurdagskveldane. Og so hadde me "lapskausen" til fyrerett! Ja dette bladnamnet høvde framifraa; for ja menn var det eit ruskomsnusk og. Kvike dikt, slagsmaal um alt og inkjevetta, ertingar og skrjonor og smaa­stykke av ymse slag, imillom retteleg bra ting, slik var dette handskrivne bladet vaart. (Av di at der var ymist sterkt personlegt i det som helst ikkje burde koma utum skuleveggjene, so døydde desse aargangane baaldauden daa skulen slutta). Det var mange gaaverike imillom desse læresveinane, men eg veit heller lite um deira seinare lagnad; berre sume hev eg frett av seinare, kaptein Martin Kindem, styraren av underoffisersskulen i Bergen, overlærar Anders Nummedal, Kristianssund N., namnkunnig forngranskar, overlærlar Jon Øie, Moss, overlærar Arnt Næss, Kristiania, millomskulestyrar Sendland, Drøbak, millomskulestyrar Johannes Eggen i Ullensaker, fylgde ei tid seinare Otto Sverdrup til Kuba, sokneprest Johannes Ristesund, proprietær Gert Heiberg i Sogn, skulestyrar Sjur SeIland, Granvin, dr. Kaia Myhre, Bergen, postmeister Kjær, Voss, og folkvisedansaren Arne Hatlestad, Bergsdalen. Dette er daa berre ein liten brøkdel av oss; men som sagt, det er ikkje godt aa faa greida paa ein sovoren flokk 30 aar etterpaa. (Bokskrivaren Nils Collett Vogt er ogso ein av Berghianane, men fraa ei eldre tid, truleg fraa den tid Bergh hadde skule i Kristiania). Studentfabrikken paa Voss sjølvdøydde daa Bergh vart sjuk og døydde ut paa vaaren 1890. Han heldt ut so lenge han orka, maatte sistpaa berast i sengi si inn i skulesalen, der han med si siste kraft las med læresveinane mest som vanleg, mn [sic] so snart timen var slutt, var han og ferdig, tolde ikkje det minste staak ikring seg, seig beintfram ihop. Og daa han var burte, var det berre dei best fyre­budde som trudde seg upp til eksamen, resten spreiddest for alle vindar. Bergh og vesle dotteri kviler i ei grav paa Voss kyrkjegard, men ikkje so mykje som ei malmtavla merkjer ut gravi, (rart at ingen av læresveinane sette seg i brodden for ein minnestein) berre graset gror der "stridt og stivt" slik som Ibsen fortel um gravi aat Terje Viken. Fruva og borni flutte til Kristiania, der sonen er kontormann og dotteri Paula er lærar. Ho skal vera namngjeti for sitt sterke minne og sine reknegaavor, og det eg hev lese um ho, minner so livande um faren og hans maate aa prenta inn i minnet det me turvte hugsa.

- Johannes Lavik fraa Eksingedalen, 1856, studenteksamen 1877, var i 1878-81 i Amerika der han millom anna var lærar ved Augsburgs Presteseminar, tok so filologisk embættseksamen i Kristiania 1886. Ein likso sermerkt som dugande lærar i sine fag (i millomskuleklassa tysk og engelsk) kvass og streng mot likesæla og gaaløysa millom elevane, han heldt i so maate taumane ein god mun fastare enn Bergh, totte no eg, men han var og sværande vyrk for læresveinane sine, so vyrk som eg snaudt hev set nokon lærar for vakse folk, det var ei mest moderleg vyrksemd at dei ikkje skulde frjosa eller ha det ilt paa nokor vis. Han var som ein eldre bror i flokken, greid og beintfram. Diverre slutta han til jol 1882, og me fekk daa Mandius Berntsen, f. 1864, fil. embættseksamen 1889, no rektor i Stavanger. Ein gild og samvitsfull lærar, men for ung og urøynd til aa halda styr paa ein slik folkk [sic] av ville unggutar daa Bergh vart so ring. Han, kaptein Ingvoldstad og res. kap. Hesselberg var det daa som las fram - dei faae som torde seg upp til eksamen vaaren 1890.

Av bøker utanum fagskrifter av Bergh: "Laus­øyre - 4 trøysame og forvitnelege skissor paa landsmaal". "Livet er en skole", - einvendings­skodespel desse tvo - fraa um lag 1888. Og dessutan fraa yngre aar farsen "Zula Zug" og studentkomedien nr. 17, desse vart offentleg spela; men ikkje prenta. "Kristian Statuen", spelstykke som vart negta uppført av politiske grunnar, 100 skrø­ner, ein bundel dikt, "Tunge Toner", so og ein del gatevisor o. s. frametter hev vore prenta.

 

 
Frå For Bygd og By. Sundag 26. Januar 1919. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad