Brita Bjørgum

(Minneord, 1919)

Av Jenny Arnesen

Naar ein fer etter vegen millom Granvin og Voss kjem ein gjenom sværvaksen skog framum ein sideveg som ber fram til den einbølte garden Bjørgum i Voss. Der under Bjørga-nolten ligg den sermerkt væne gamle garden der same ætti no hev budd i umlag 200 aar. Stamfaren til denne ætti skulde vera fraa Hallingdal og heita Ivar, fortel ættarsegni. Der vart Brita Josefsdotter Bjørgum fødd 11. mars 1858 som den næstyngste av 11 sysken. Mari-Brita Larsdotter var gardgjenta paa Bjørgum, ei djupt religiøs og i alle maatar sermerkt kvinna. Minst 8 elder 9 forsterborn ol ho frametter aari upp, - heilt eller deilvis, ved sida av sine eigne. Og tanken um aa skipa ein Barneheim paa Voss vart fostra i hennar heile og vart boren fram so langt ho orka. (No 13 aar etter hennar død stend Barneheimen der i full drift). Josef Bjørgum fødd paa Bryn i Voss var og ein sermerkt givnadsrik man, han var millom anna dugande sylvsmed og hadde mykje sans for ættarsoge. (Ættarsogur skrivne av han og dotteri Brita skal endaa vera i ætti). Brita vaks upp paa den einbølte garden, utan andre leikesysken enn ei noko eldre syster, dei andre syskeni som livde upp var mykje eldre og ein bror mykje yngre. Desse tvo systerne leika og drøymde i lag frametter aari og ein av draumarne deira gjekk um kor i all verdi dei skulde naa i noko meir av kunnskap enn den umlag 12 vikurs umgangskule hadde aa bjoda dei. Vegen til kunnskap var ikkje lett i dei dagar, allvisst for kvende. "Me lyt faa ein gamal prest til aa lesa med oss", meinte ho Brita halvt paa skjemt. Nokon prest vart det no ikkje som kom til aa læra ho, men ho for til fyrste amtskuleskeidet paa Utne i 1878. Vetteren etter for ho og systeri paa lærarinneskule i Ølve, hjaa Kullmann, fyrste skeidet. Brita var der daa berre etter nyttaar men tok likavel den laagare lærarinneprøva med gode vitnemaal vaaren 1879. Ho var ikkje noko skuleljos som vekte aatgaum, ho arbeidde jamt og i all stilla. (Eldste broren Lars var derimot eit av desse fljote borni som lærde lesa mest fraa han kunde tala reint. Det fortelst at han millom 3 og 4 aar gamal sat paa presten sitt kne ved ein skuleeksamen og las innantil i bok aat han. Ogso fleire av denne ætti hev synt meire enn vanleg givnad [1]). Nokon fast skulepost torde ho ikkje binda seg til, dertil var helsa hennar for veik. Men ho var vikar i turevis so for ein og so for hinn læraren frametter aari. Heller ikkje greidde ho tungt gardsarbeid. Og so vart det lesing, skriving og handarbeid det meste ho dreiv med. Daa hugen til handarbeid fyrst var vekt (paa amtskulen) leita ho upp gamle mynster i kvitsaum og perlearbeid og arbeidde etter deim, utan nokor retteiding [sic], so gamal mest avgløymd kunstsaum atter blømde rikt og vart livande millom folket. Ho heldt sterkt paa alt det gamle, ho vetle Brita Bjørgum, som ho jamnast vart kalla til skilnad fraa mori. Ho var stokk konservativ i sumt, heldt sterkt paa alt gamalt i sed, maalbruk og klædebunad, vilde ikkje byta det røynde gamle ut med det nye og prøvde. Men ho kunde og vera radikal, logande raud radikal paa andre umkverve. Eg gløymer aldri daa den Castbergske tanken um ervelovene fyrst kom paa prent, kor heilt ho var med. Me gjekk att og fram paa Bjørgebøen, ein sundags fyremiddag og tala um dette, augo loga, kinni brann, naar ho tala um den sociale urettvisa mot dei skuldlause borni. Og som ho ikkje tolde urettvisa mot borni tolde ho det helder ikkje mot dyri. Ein hestehandlar som var hard med dyri sine so Brita saag paa, fekk so fjerre skrapa av den elles faamælte gjenta at han freista seg ikkje uppatter med Brita var i nærleiken. Og gamle veltente husdyr i heimen heldt ho handi yver so langt ho kunde; dei gamle trutenarar burde ikkje fara paa rek som handelsvara, dei skulde faa døy for ei kula elder eit slag, i sin gamle heim. At det var sume som fann aat henne for dette, liksom det var sume som undra seg yver at ho den eldre gjenta fraa ein gamal haugianarheim stod i det frilynde ungdomslaget, kjæra ho seg mindre um, ho gjekk si beine leid soleids, utan aa sjaa til leds etter kva andre totte. Og der ho eingong var med, der var ho med heilan hug. Elles var det vel mest maalsaki og vinstreleidi aa takka at ho vart med i det frilynde ungdomsarbeidet. For i landsmaalet bygd paa det livande bygdemaalet kjende ho seg heime som i ein bunad som høver ein, og paa det skreiv ho si einaste prenta foreljing "Kari Lidi" [2], eit fint lite bygde-interiør, striden millom morselsken og ungdomselsken hja ei gjæv bondekvinna, ein strid som mest sprengjer den fine varm-hjarta kvinna. Ymse dikt og bladstykke saag og ljoset frametter aari (mange i "Unglyden"), no er det vel vandt aa ha greide paa det alt. Men hennar handskrivne ættarsoga burde verta prenta so ho ikkje kom burt. Enno ei liti soga lyt eg fortelja daa det sermerkt byrge og faamælte laget hennar Brita kom so klart fram. Ei gong paa ei ungdomstemna kom ein mann (som no sit i ein av dei største tillitsposterna paa Vestlandet) burt og skøytte prat med oss Vossegjentorne. Meg hadde han litt kjenskap til fraa fyrr og so vilde han nytta høvet til ogso aa verta kjend med Brita Bjørgum. Men dei augo ho mælte han med og dei faamælte svari freista han ikkje til aa hala "audiensen" ut nett. Og etter nokre faa "replikkar" snudde ho seg fraa han, byrg som ei dronning. Mannen vart baade snipp og snaud, snudde seg so mot den tridje gjenta i laget, ei vanleg gladvær gjenta og radlen gjeng snart kvikt millom desse tvo. Men eg som kjende laget hennar Brita lo so smaatt med seg sjølv og tenkte: "Du skulde ikkje vore so sjølvtrygg, kar, men fare smaatt og lirka deg innpaa noko der ho var heime og uppglødd, daa hadde du kannhenda fenge set den rette Brita Bjørgum". - Det sisste aaret elder vel so det, var ho svært helsering, og den 16. januar 1906 slokna ei av dei mest sermerkt nationale bondekvinnor som vestlandsfylkingen i dei dagar aatte.

[Notar:]
[1] Uppfinnaren Nils Bjørgum og den kjende bondeføraren Olav Bjørgum er brørne hennar.
[2] Utgjevi av "Den 17de mai" i 1895, no utseld.

 


Frå Ung-Norig. Nr. 11. November 1919. Risør 1919. Side 185-188. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad