I Montenegro

(Forteljing, 1899)

[side 11]
 
Vil du reise liv
saa dø for det.
Kristendommen fik sit af korsei, [sic]
fædrelandet af de faldne.
Ingen fornyelse uden gjennem døden.
 
Ein må tenkja paa desse ordi av Bjørnson, naar ein reiser i Montenegro.
 
Graae nakne fjell, stein paa stein, berre her og der ein liten dal, ein liten grasflekk, armodslege hyttor i smaa krullar, smaa aakerlappar, og engslaatter rudde upp av steinrøysarne.
 
So ser landet ut. Og me vert forundra naar me høyrer, at dette landet med den bø-vidd det hev, etter maaten høyrer til dei folkerikaste land i Europa.
 
Her er liv, liv ved alle dei fallne. Her er kristendom. [side 12] Her er eit fritt land og eit fritt folk. Her er blodfâr for kvart eit fet. Eit halvt tusenaars blodige soge, som fortel um heltemod og uppofring paa kvart eit blad, paa kvar ei line.
 
Heile Montenegro-soga er ei einaste lang forteljing um den reinaste fedrelandselsk; ho er eit einaste heltekvad. Og i song til strengeleik syner montenegrinarne sjølve fram si kløkkjande soga. Ho skal høyrast, naar ein sit kringum aaren, og guzla-strengjerne dirrar.
 
Kararne røykjer, røder og syng. Kvindi sit med handteinen elder spytet. Dei sit der gjerne for seg sjølve.
 
Baani set seg fyrst ned, naar foreldri hev gjeve dei lov. Er der framandfolk tilstades, held dei seg bljuge eit stykke ifraa.
 
Som alle fjellfolk er montenigrarne svært glade i song og spel, og ein hev ikkje sete lenge, fyrr verten tek guzlaen ned av veggen og bed dei syngja ein song.
 
Guzlaen er montenegrinen si harpe, eit uvandt spel som jamnast vert brukt berre til aa setja farge paa ordi. Sjølve songen er tidt berre eit stev utan korkje rim elder rytme. Ofte er det gamle heltekvad som vert framsagde. Dei hev kanhende gjenge ifraa munn til munn, fraa slegt til slegt i hundrad av aar.
 
Men ofte vert dei laga paa staaande fot. Montenegrinarne skal vera meistrar til aa stevja.
 
Maalet dei talar, er gamall-serbisk, reint og ublanda. Det er mjukt, rikt og fagert og høver utifraa til skaldemaal.
 
Dei største serbiske og sudslaviske diktararne er daa og montenegrinar.
 
Guzlaen vert stemt, og me ser oss um i krinsen. Sterke menner, rake som soldatar, sit dei paa steinar elder laage krakkar.
 
Der ligg noko forunderlegt djervt, ofte barskt over dei. Dei gneistrande myrke augo i dei solbrende andliti stirer kvast, mest tirrande paa ein.
 
Klæde-bunaden er ofte baade fjong og flott og tek seg svært godt ut, og det skin av dei blanke vaapni i beltet.
 
Guzlaen er stemt; han vert lagt paa knei, og ein tek til aa høyra dei fyrste bogestroki. Syngjaren stirer ein augeblink fram fyre seg liksom han leitte etter emne aa syngja um, elder for aa koma i rette lone. – – – So med eit ka-[side 13]star han nakken attover, bogen fer over strengjerne, ein høyrer nokre skurrande, skerande laat, og med eit villt rop slær han til ljod.
 
«Aa, Tsernogorschi! De svartfjell-søner, høyr songen min!» lyder det.
 
Elder:
 
«Sæle deg fedreland! Um deg vil eg syngja. Du eig alt, mitt liv og mitt blod, min siste tanke. Deg hev eg vigt min daad, du fedreland!»
 
Med gløande fargar, med eldande ord vert landsens vidunderlege soge skildra, striden mot overmagti, kvar den stordaad av folket som av einskildmann, slag og tilburdar.
 

Frå Kaptein H. Angell: Svartfjell-Sønerne. Kristiania. Utgjevi av «Den Nationale Forening». 1899. Side 11–13. Elektronisk utgåve 2006 ved Jon Grepstad