Alle lyt vera med! (Ja alle saman me med lyt vera)

(Song, 1931)

Av Olaus Alvestad

Ja alle saman me med lyt vera
til folket, landet vårt fram å bera;
kvar hev sin lut av det arbeid fått,
ein i det store og ein i smått.

Og kvar lyt gjera kva han kan makta;
om smått det vert, fær du ikkje akta.
Når alle små-tak i hop vert lagt,
det veksa kann til ei verdensmakt.
 
Sjå berre ut på det vide havet:
av småe dropar er heile kavet;
tak ein for ein av dei dropar bort, −
det store havet vil verta turt!

 


Tekst: Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag. 2. utg. Oslo : Cappelen, 1931. Side 7.
Melodi: Nystev-tonen, A 227.
Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2007.