Fedraheimen

Avisa Fedraheimen (1877-1891) var den første store nynorskavisa etter Dølen, som gjekk inn i 1870. På denne sida legg vi ut alle nummer av avisa, i fulltekst. Under peikarane til avisårgangane finn du artiklar om avisa, om sentrale medarbeidarar, og om korleis dette prosjektet har blitt til.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum.

Fedraheimen

Arbeidet med å leggja ut all tekst frå Fedraheimen (1877-91) er delt mellom Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum. Ei av dei viktige språkkjeldene til NO 2014 er Nynorskkorpuset, der store mengder viktig tekst frå nynorsk skriftkultur er samla. Sidan det i dag finst få eksemplar av avisa, og sidan papiret i avisa ikkje ville ha godt av skanning eller kopiering, blei løysinga at all teksten blei tasta inn manuelt.

Etter to rundar med korrektur blir årgangane sende til Nynorsk kultursentrum, som har oppgåva med å leggje teksten til rette for Internett. Kvar fil frå NO 2014 inneheld teksten frå ei heil utgåve av avisa. Denne fila må delast opp i eigne filer for kvar artikkel, og vi har òg gjort nokre endringar: Vi har utheva ord som er s p e r r a i Fedraheimen, for å gjere lesinga lettare, og vi har sett til ei overskrift i klammer i dei artiklane som mangla overskrift i avisa. Vi har følgt rettskrivinga i avisa, men har retta openberre skrivefeil.

    Artikkellesar