Upproparpolitikk.

Chr. Bruun masar med sitt -: det er Fritenkjaranne, som vil ha Sverdrupsstyre burt, fordi Sverdrupsstyre ikkje hev hjelpt dei med aa øyda Kristendomen.

Sverdrupsstyret byrjad med tvo Teologar. Tvo fullgode, full strenge Teologar, Jakob Sverdrup og Blix. Ingen kunde venta Fritenkjarhjelp av slikt eit Styre. Like vel studde Fritenkjaranne det – baade Sars, Nyt Tidskrift og Dagbl. og V. G. og dei andre studde det, - av all Magt studde me det (Dagbl. var Regjeringsorgan!) langt, langt framigjenom. Bohêmarne (eg i ”Brennevinsforedraget” mitt) var dei fyrste, som skreik upp (eg berre mot Jakob); men daa var me alt so langt komne, at frilynde Kristne og tok til aa fala for Prestebakstræv og anna Svik (Kiellandssaki, Politimagt mot Bøker, Kyrkjeraadsstræv); og desutan, dei andre Fritenkjaranne fulgde Sverdrupsstyret endaa eit godt Stykkje lenger. Ja endaa etter Kyrkjeraadssaki var mange av Fritenkajranne med; men daa tok Dagbl. og V. G. for Skams Skuld til aa krevja, at Jakob iallfall skulde gaa, - Upphavsmannen til heile Ugreia.

Aa nei. Av eit Riksraad med ein Sokneprest og ein teologisk Salmediktar i Flokken sin venta me nok ikkje Hjelp mot Dogmatikk eller Salmebok! Me venta av Sverdrupstyret det same som anna Folk venta: Truskap mot det Folkestyre, som daa etter den lange saare Striden skulde vigjest inn; og no, daa Sverdrupstyre svik dette Folkestyre ende beint uppi Augo paa Folke, so at ingen lenger kan forsvara det, som hev eit Grand politisk Ære aa tape, - no segjer me Fritenkjarar det same som alle andre ærlege Vinstremenn segjer: ned med alt Fusk og Fals!

Ned med Johan Sverdrup!

Arne Garborg.