Torskefiskja

Torskefiskja held paa endaa. Dei fiskar paa brotet endaa i garnom, dei, som hev glaskavl.

Og veret er no so utmerkt fint, at det er ein hugnad aa sjaa.

Dampbaatarne av Aalesundet hev dagleg komet att med millom 2 og halvfjorde tusund. Skøyterne kom alt laurdagen med fraa 3 til 10 tusund.

Det er no uppfiskat gode 5 millioner; segjer ”Søndmørsposten”.

I Lofoten var uppfiskat 14 og ein halv million den 18de marts. Men det er garnbaatarne, som er storefiskarar der som her. Med line og snøre er det yver maatte smaat der.

(Vestm).