Snøjomfrua

Snøjomfrua stend staut og stram; attkjeik i Ryggen, smal um Livet, stutt sagt: ei ægte Karljohans dame.

Det er Visdal, som hev laga ho, og han hev ikkje vori greid; det er Liv i Kona.

Folk strøymer til aa legg sine 10-øyringar i Byrsa. Naar Fatikdomen er i Helgepuss, og ein kann gjeva Augo sine eit Maaltid paa same Tid, daa er dei med. Der kjem det ein vælfødd Flossemann vaggande fram; fyrst gleinar han paa Jomfrua, so grip han i Lumma, og ei Halvkruna kanskje detter ned i; so er han ferdug med Fatikdomen og Nauda ei lang Rid han. Der kjem ein fin innlukka Slede. Den stanar. Innafyre Glaset tittar fram eit vent Kvendeandlit. Ho gjer Tekn aat Tenaren; han hoppar ned og let upp; ho ut, innballa som ho er i Skinnty og anna. So trippar ho burt, og Fatikdom og Naud døyvar ho med ei Krone hell tvo; so er ho fornøgd, ho nøyter seg innatt og kosar seg, so godt ho kann, for no hev daa ho gjort sitt for dei, som frys og lid vondt.

Det gjeng som ein rein Leik dette. Den eine etter den andre. Dei er so godhjarta og vil so gjerna hjelpa, maatru.

Men so kjem Sola. Ho steikjer og tiner Jomfrua til berre Vatn, og Folk er mest sinna paa Sola.

Men Sola ho steikjer og steikjer ho; for ho veit kva ho gjer. Ho gjeng ikkje slik som me og tullar med nokre Herkebøter paa Fatikdomen. Ho er Rothoggar Sola. Ho tek nok dei 2 Kronurne fraa ho Mor Hansen. Men so gjev ho Hansen sjølv Arbeid, og det er det han vantar.

Han hev venta lenge nok paa Sola og Sunnavinden.

(Rogalands Bl.)