Liestøl

Liestøl skulde heimsjaa seg i departementet sitt Bureauchefen fylgde han.

Men so vart B. att ein stad, for aa rettleida noko; mea gjekk Liestøl um i eit rom aaleine. So vart han møtt med dette: ”Det var rigtignok ikke noget fortidlig, om De kom engang nu, for vi holder nu paa og røke os i hjel jo”.

Liestøl: ”Ko mainar De?”

Skrivaren: ”Ja, er det ikkje mureren?”

So kom Bureauchefen og floken vart klaar. Men du kann tru, han fekk seg ein god laatt Liestøl den gongen. Han log vel, so det huska i han daa, tenkjer eg.