Jakob Sverdrup

No hev han Jakob Sverdrup det godt.

Han hev den gamle Ukse i Baasen framanfyre seg til aa verja seg offentleg. Privat hev han berre aa senda ”gamlen” iveg og so fara ikring og sanka saman ”de svage”. Gamlen fær svida, han. Og me, som kjenner Jakobs Agitationspraksis, me veit, korleids han ”bondevenlig” for omkring fraa den eine til den anden, fint, fint forstaar seg, for sidan aa krabba upp paa deira Rygg til Sjølvtrygd og Vinning.

W. S. Dahl hev kallat Jakob Sverdrup ”Ræv-i-Zionsdepartement”. Eg laut læ, daa eg saag dette. Han er ’kje so verst denne W. S. Dahl. Han maa vera noko gløgg. Men kvifor steig han daa fram i Tinget og forsvarar denne Mannen i Zions Departement?

Eg kjenner mange Menn, allvist bland Politekarar, som segjer eit privat og eit annat offentlegt. Og, naar daa nokon kjem fram med dette private, vert dei galne. Men eg trur jamt, at det er den sanne Meiningi, som kjem fram privat! Slike Folk maa ha tvo Slags Moral, ein privat og ein offentleg. Men slike burde aldri veljast til Tillitsmenner. Nei, ein maa altid vera seg sjølv lik privat og offentleg. Og det er alle samvitsfulle Folk.

A. O.

Vossebl.