Frie Gjentur.

Eg er so fælt ”fri” av meg eg, hev eg ordet for daa, so det stundom gjeng yver alle grensur.

Men so hev eg ei syster, skal eg segja deg, som er so fælt ”snerpet,” dei kallar; henner er eg daa altid saman med, kann du vita og fær soleids mang ei skrape, for eg er so ”altfor fri”. – Her ein gong i vetter var baade eg og ho – ja, mange fleire med – bodne i dans til Fjellstad. Me gjekk daa me tvo. Just som me kom framum Bø, stod han Nils utor dyri. Me helsad. ”Skal du og i leik?” sa eg. ”Ja, eg skal det! venta no litt, so fær eg fylgje.” Men daa fekk ho Helga det annsamt med aa slita i stakken min – ho var nemleg so bljug, ho stod attum meg, ho, og so vilde ho, eg skulde snu meg, so ho kunde faa segja, at me ikkje skulde venta, men eg forstod, kva det var, og so lest eg aldri gaa det, alt det ho sleit og sleit; men eg svarad han Nils: ”Jau, me vil daa gjerne venta. Men her vil me ikkje staa, lat oss gaa inn i romet ditt!” ”Ja vist ja!” No snudde eg meg mot Helga, men andlitet hennar! Aa du søte øl og graut! Tenk! inn i romet hans daa, der som stod daa baade seng og annat; men eg vilde eg, og so laut ho. Inne sat ho med ei mine, som eg kann tenkja meg, ein konge vilde taka paa, um han datt ned til Grisen. Men eg daa det var, som log det i kvar lem paa meg, so glad var eg, og eg sette meg beint ned paa sengi hans Nils – var aldri det slag bljug. Eg tenkte aldri yver sjølv eingong, at det kunde vera so fritt, fyrr enn eg høyrde andre sa det, etter at Helga hadde fortalt dei det. Ho kunde no gjerna latet voret aa sagt det og; sagta kunde ho tagt still, ja, um ikkje for annat, so for den gode drammen, ho fekk av’n Nils. Eg saag nokk, kor ho snudde og vende paa glaset; men eg trur no, ho likad drammen godt, lell. Me vart daa endeleg ferdige der, og so bar det avstad. Dansen var alt byrjad, daa me kom fram. Utfyre dyri stod han Per Person, kallad, han ventad visst paa meg, for han hev lenge havt eit godt auga til meg, det hev eg forstadet; men han er av desse bljuge, som skal venta med aa segja det, til det vert for seint. Ja, der stod han daa, og me var so folkeleg, me helsad, me, og vart standande der og røda. So byrjad det slita i stakken min att. Hm! det var vel fritt aa standa der og røda og veit eg! – serleg naar Helga var meir huga dansa – Jaja, Herregud! Eg tok armen hans Nils eg, og so sa eg: ”no vil me dansa! Tak no du Per Person Helga sin arm” – Men meiner du ikkje ho var so livande rædd for den armen sin; at ho tok spranget, kvarhelst saag eg ikkje, for eg og Nils me var alt i ein god vals me. Naar den var ferdug, sette me oss ned, eg sat naturligvis ved sida hans – daa vart eg vis med eit andlit i dyri, som eg tyktest kjenna. Saag so vælare etter, - jau, det var Helga, men ho saag fælt so forskræmd ut. Liksom kjuklingen, naar han hev vinglat seg burt frå Høna. Eg laut daa ropa paa henner, kagla, liksom høna, og so kom ho flaksande. ”Set deg ned paa fanget mitt”, sa eg. Nei, ho vilde daa ikkje det held. ”Kvifor ikkje?” ”For det, du sit ved sida aat Nils,” kviskrad ho, og so kunde snart _ _ _

Ha, ha, ha, eg laut lægja! Aa du saftige tid, sa eg med meg sjølv, og so let eg hennar staa der eg, sidan det og skulde vera so fritt – so. – Um morgonen skulde me heim att, klokka var alt tri; det trefte seg so heppet, at me fekk fylgje med Nils daa og. Naturlegvis tok eg han under armen, og vilde ho skulde gjera det sama; men nei, dett slapp du? Ho vilde ha min Arm, men daa slapp ho daa. ”Anten armen aat Nils, held etter, held fyre oss, aaleine, sa eg. Lukka den, ho var so myrkrædd, at ho tykte, svartemannen tok i hennar; rett som det var, og so vart det no so paa resten, at ho heldt seg med tvo og ein halv finger i armen hans.

Daa me kom til Bø, var eg frosi, og det var visst dei andre og. ”No vil me ha ein dram av deg, Nils”. ”Ja, fylg med inn”. Men daa glatt det sterke taket hennar Helga i Armen hans, ”Nei, veit du kva! dette gjeng væl vidt”! ”Langtfraa,” sa eg ”drammen gjeng slett ikkje vidare enn i kroppen og der gjer han godt.” Ja, det var no det ja, men dette her var no fritt, lell. Kors ja! Reisa inn til han Nils kl. 3 um morgon og drikka ein dram. Huttetu san! Eg byrja faa ”skrupler” – so smaatt berre daa, forstend seg. So meinte Nils, ho kunde gaa heimatt daa, vilde ho ingen dram ha. Men daa vilde ho daa.

”Naar ein er i det komen, fær ein i det vera,” sa eg, eg hadde drukket mange drammar og var lystug no vil me sitja her og spila kort til ljose dagen”.

”Nei! Nei! ”Aa tig stille med deg. Naar eg vil, so vil eg, og so skal du”!

Ja, Nils hadde kort og han, og paa bordet kom dei. Klokka var aatte um morgoen, daa Helga og eg ruslad ned etter vegen.

Men daa kann du tru, ho preikad. Preikar slik for meg um noko, som var ”frivolt”, noko, som var usømeleg og noko, sem var imot den ”gode tone”, o. s. fr. Hu, det var fælt!

Nei skam ta, so trur eg ikkje; klokka er alt ti daa, og eg som skali tidlig upp morgon og so til kjyrkja. Paa ettermiddag skal eg gaa til han Nils, og det aaleine og – berre det ikkje er ”altfor fritt?”

Kesdosj Solborg.

____________________