Fraa Volden. (Sunnmøre.)

Gode Fedraheim! Eg hev no alt lengje etlat meg til Tynsæt for aa helsa paa deg; men neimen um det hev komet til seg fyrr no.

Og naar eg no kjem er det av di eg gjerne vilde faa segja deg takk for kva du er, og ynskja deg helse og lukke i framtidi.

Du hev no vener her vest ogso, um dei er no faa, so trur eg no dei kjem sigande smaatt um senn, og kjem dei, ja so vil dei ikkje so braatt svika, for lærer ein fyst aa kjenna fjellguten fraa Tynnsæt tenkjer ein ikkje so braatt paa aa skjilja laget.

Her i Voldi er dei no ikkje plent dei beste bussarne i maalvegen, storhopen daa, for her er no so aa segja, som eit lite kaninreid, og daa veit du ein skal no ikkje venta so mykje, for ein fær no ikkje meir enn tre mærker av ein trebukk ser du.

Her i Voldi hev me ogso fenget eit maalblad i gang no, heiter ”Vestmannen”. Det var student Steinsvik som byrja daa gjeva det ut i november 87. Dette er eit lite gild blad, som alle maalviner maa gjera seg kjende med. Det er no so, at me hev no ikkje fleire maalblad, enn det trengst væl at me hjelper up dei faa me hev, og her er nettup eit blad som er verdt aa hjelpa. ”Vestmannen” kjem ut ein gong um vika og innheild forteljingar aat ungdomen utgreidingar um politikk og andre nyttuge ting, rispur o. s. l. Han er det einaste vikeblad umfram Fedraheimen som er skriven paa norsk maal*), prisen er berre 65 Øyre fjordingaaret, alle maalmenn maa tinga honom. Ja det var no det eg vilde segja, at dette bladet er no reint ein syl i augat paa dei innfødde kaniner, dei gjeng no berre og niste og jamrar seg og græt yver den fagre gullalderen sin, som no trugar med aa taka ende. Nei det hjelper lite alt det dei skrik paa fritenkjing og gudløyse (for det er so ser du at den som les eit maalblad t. d. Fedraheimen han hev no forspilt sin rett til kristennamnet) det geng no fram jamt, fridomsarbeidet kjem nok til aa sigra ogso her, um det so gjeng i smaa stig.

Her er menn som baade hev mod og hjarte for si sak, naar dei berre fær studnad. Eg ser me skal ikkje faa pengar til maalskule i Voldi dette aar. Det vart ein saknad for ungdomen her naar me fekk høyra dette, for so hugnadsame dagar, som det var paa maalskulen aat Per Riste og student Steinsvik i fjor sumar kann me ikkje minnast. Nei me lyt nok lita paa oss sjølve me maalmenner, aa venta paa hjelp fraa høgre krinsar, det er no liti hjelp i alvist medan han Johan dinglar med statskassen.

No maa du liva væl Fedraheim, haldt fram som du stemner og helse og lukke paa vegen.

Voldi 20-3-88. Heimdal.

_______

*) Jau Normannen ogso. Bladst.