Fraa Austagder.

No er her alt langt fram paa vaaren; men like kaldt er her, og snjoar gjer her ei liti rid mest kvar dag.

Det ser hardt ut for folk, som hev lite høy att no, allvist daa her lite hell ikkje er aa faa kaupt hell. Eg kann ikkje tru her hev voret nokon vinter, folk hev tala so mykje um linnver og kome so lite. No trøyster dei seg med den von, at naar det eingong slær seg laust, gjeng snjoen som skom, og so er det sumar med same; men det er ikkje aa lite paa nokon ting no for tidi.

I politiken ser det og harbale ut. Det gjeng etter kvart upp for folk, at det er boret av i ei gali leid; men det er ikkje greitt i ei snar vending at finna seg tilrettes i slik ei røre, som me no er komne upp i. Tridie paaskedag vart det haldet politisk folkemøte i Søndeled. O. Johnsen fraa Barbu og Bjørnsgaard fraa Risør var dei, som talte mest. Etter at ein ordstyrar vart vald, heldt Johnsen indleidningsfyredrag. Han igjenomgjekk fyst i stutte drag Norigs stortid fyre einevoldsstyret vart innførd. Derfraa gjekk han yver til vaart aarhundrad og synte fram dei vigtugaste sociale og politiske spursmaal, som hev voret uppi her i landet sidan 1814. Med stor Dugleik heldt han fram, at den fridomsramme, som vart skipat i 1814 og som inneheld vor grunnlog, ikkje paa langt nær enno er utfyld; men at det vert den fyst, naar kvar mann og kvende vert sjølvstendug og seg sjølv kjend som borgar av samfundet. So sluttad han fyredraget med ei utgreidning um den politiske stilling som ho no er.

Av ordskifte, som fylgde etterpaa, kom serleg fram misnøgjet med Johan Sverdrups styring. Der var eit par, som vilde dekkja yver ho so godt dei kunne, men det gjekk ikkje. Nei, dei tek seg sanneleg paa eit hardt arbeid dei, som freistar aa forsvara regjeringis handlingar i den seinste tidi.

Naar dei berre fekk istand fleire slike møte vilde mykje klaarna, som no ligg og sviv i skoddi. At dei reine vinstre er i fleirtal tvilast ikkje trur eg, naar berre dei kunne verta samstelte og halda møter einkvar gongen; men arbeidast maa he hell so gjeng det galet, det er like so vist. Og no lid det so langt, at det er ikkje fortidleg aa byrja tenkje paa valet til hausten.

Nokre nye karar maa her fraa Austagder til næste ting, og so lyt me verta samstelte um nokre, som er heilhugad og urædde, som kann gjera like fyre seg og som ikkje vendar kaapa etter som vinden blæs.

Slike maa her daa vel finnast i Aust-agder og.

5te april 88. H.