Fraa Asker seminar.

Det er lengje no sidan Fedrah. høyrde noko herifraa. Han hev liksom ikkje vore regtig kjend her, dei hev ’kje vist, kva det budde i den guten. Ikkje hev det vel vore stort hjarterom helder; no er det litt likare i so maate.

Ihaust vart det skipa maallag her ved seminariet. Dette hev til fyremaal aa gjera det norske maal kjent blandt læregutarne, so dei kan lesa og skriva det. Det var au tankjen at maallaget etterhandi skulde faa seg ei boksamling paa norsk, so det var høve til aa lesa landsmaal for den, som vilde, for i seminariets boksamling finst det ikkje mange paa maalet. Men det er smaatt for pengar, so me ikkje hev havt raad til aa kaupa vidare. Til aa byrja med hev laget meldt seg inn i det ”norske samlag” og fenget nokre bøker derifraa. 21 læregutar er med i laget. Møte skulde haldast kvar 14de dag, men her er lite tid og lite samhug, so det ikkje hev vorte so jamleg. Paa møti skiftest det millom orkasting, skriving og upplesing av maalstykkje. Maallaget held Fedrah., og han vert upplesen paa møti.

Men det vantar samhug med maalet. Mange trur det er tøv fraa ende til annan; men mengden held seg utafor, dei er korkje med eller mot. Det er ”pugg” som upptek dei; slik ter det no altid nok av.

Til aa friska oss litevette hev me havt nokre fester, og i februar hadde me premiskirenn. Det var kaldt den dagen me hadde det, so skine gjekk ovgodt. Det møtte fram baade karar og kvende, som skulde sjaa paa og faa seg ein god laatt, og det vanta helder

ikkje paa det. Me hadde eit drustehopp, som sende oss høgt tilvers, og sume kom ned paa hovudet, sume paa føterne og einkvar prøvde au den blaute snøhaugen, fyrr han kom paa hoppet; men det var no berre slike, som aldri hadde sett ski, fyrr dei kom hit, som for slik aat. Mange greidde hoppet godt og kom tolelig langt.

Fyri paaske var her basar til inntekt for ein ny fane til seminariet. Den gamle hev vorte so skral paa det siste, at han ikkje lenger kan gjera tenesta. Der var ovmykje folk, og yver 400 kr. kom inn, so den nye drustelege fanen kan løysast me ein gong. Seminaristarne spila fleire smaastykkje, blant dei ”En godmodig mand” og ”En katekisation i Heidals kirke”: So hadde me livande bilæte, tableau dei kallar paa framandt maal. Av disse var ”Mumle Gaasegg” det beste. Daa folk saag Mumle stinga hovudet upp or egget og høyrde han skrika etter sill og velling, daa skratta dei overlag.

Maalvenner ved Asker seminar helsar Fedrah. so mykje; men me er ’kje lommeutgaave av presten og gamle einvise munkar, som du sagde ivinter.

Asker seminar, 4de april 1868. O….v..

 ____________________________