Engelsk i Folkeskulen.

(Sjaa Verdens Gang No. 78.)

Han er sinna no Bjørnson lell, um enn Garborg hev mist Trua paa, at han kann bli det. Men skulde ikkje ein Mann som Bjørnson bli sinna, naar Stortinget vaagar aa gjeva Pengar til Maalskular, tross i at han, Bjørnson, mislikar det, so laut han daa vera taa Stein. ”Maalskularne utretter ikke engang saa meget, at Lærerne selv lærer Maalet”, segjer han, endaa han i den vesle Boka si rødde noko um, at Folk kunde koma so lett til Landsmaale som berre ved aa lesa lite Maallæra og skriva noko Stilar. Nei Engelsk skulde me ha i Folkeskulen, Engelsk kunde Lærarar so godt læra paa tri Maanar og læra fraa seg attaat, so korkje dei sjølve elder Læresveinane deira stod i Beita, naar dei kom til Amerika. ”Engelsk? Englands, Nordamerikas, Kanadas og Australiens og andre store og smaa Koloniers Nybyggere er fødte i det engelske Sprog. – Det bærer ind til Jordens mest frisindede Bokavl, og det bryder Vei til Jordens rikeste Nybygge.”

Det er bere leitt, at ikkje me ogso er fødde i det engelske Maal og høyrer til Englands Nybyggje; men er me det ikkje, lyt me sjølvsagt freista aa bli det paa fljugande flekken, naar Bjørnson segjer, me skal. Og naar so Folkeskulegutane er vaksne, og dei ikkje hev full Nytte av all Engelsken, dei hev lært, so fær dei vandra ut. No ja, vandra ut gjer dei fulla no au, men 30,000 um Aare er vel forlite, tykkjer Bjørnson; det var væl betre, at heile den norske Herkemugen strauk sin Kos, so Svenskekulturen retteleg kunde trivast her, og Landet liggja opet, um svenskarne skulde auka for stygt.

”Det er paa denne Vis, at vi paa mere end en Maade trygger vort Arbeide for at bli et fritt og selvstændigt Folk,” meiner Bjørnson. Ein kunde rivna ende yver som eit Trog taa aa høyra slikt. – Men tru, kven skal vinna, anten dei, som vil brjota ned all Norsk og rydja Vegjen for eiet framandt Maal og føra oss inn i ein framand Bokavl og fremja Utvandringi fraa Landet, elder dei som vil byggja paa Grunnen, som no er lagt? Eg spør i same Ordelaget som Bjørnson og ”gamle Overlærern” og er likso stød paa Svaret mitt som dei tykkjest vera paa sitt.

Nils Kjær.