Ekspeditionssekretær som Statsraad

Ein Ekspeditionssekretær sit no paa Ministerbenken og ”deltager i Storthingets Forhandlinger”.

Dei hev fengja dette til ved aa ”konstituere” Mannen til Statsraad – han heiter elles Olsen – istadenfor Haugland, som er ute aa bøter paa Helsa si.

Mange trur, at det er reint mot Grunnloven, at slik ein Ottedags-Statsraad skal møta fram i Thinget; men Sverdrups Regjering er komi so langt no, at ho er ikkje blug for slikt.

Og Storthinget -? ”Vak som Ørnen om sin Yngel” skulde det vaka yver Grunnloven vor; men trur du ikkje dei sit og læt dette gaa for seg?

Underhuset i England vilde kasta ein slik Fyr ut. Det gjorde so med ein mykje gildare Mann enn Olai Olsen og for ei Sak, som var meir ”Formsak” enn denne; - men det var i England det, m’a. Det var i England, der Folk hev Sjølvkjensle, det.

Fær no sjaa, um Thinget gjer noko ved dette sidan. Der skal vera ”Interpellation”, ser me; - aa jau, det plar vera fræge Karar til aa interpellera! Dei hev no iallfall bedet Odelstinget taka seg av Saki. Alltid noko.