Arbeidarmøte.

Det 4de norske Arbeidarmøte skal haldas paa Hamar 4de Juli iaar.

Rett til aa møte hev Utsendingar fraa Arbeidarsamlag elder Medlemer; andre Arbeidarar maa søkje um Lov, skal dei vera med.

Samtaleemne: 1. Skattestelle, 2. Normal-arbeidsdag. 3. Kven skal Arbeidarane skydje ved Vale, naar dei ikkje kann faa Stemmerett for alle paa Programme? 4. Rett for Husmenn til aa faa kjøpt Jorda, dei brukar. 5. Fri Retshjelp for Smaafolk. 6. Full Kontrol med Innføring, Seljing og Tillaging av Matvare. 7. Tilslutning til Vedtak paa det fyrre Arbeidarmøte. a. Stats- og Kommuneval paa Fridag, endeframt og i mindre Valringar. b. Alderdomsforsyting for Arbeidarar med Statshjelp. c. Faren pligtar aa forsyte Lausungar. 8 a. Skal Staten gjeva Pengar aat andre Slag Skular enn Folkeskulen? b. Religion i Skulen. 9. Bör Arbeidarane krevje Del i Arbeidsavdraatten? 10. Skal Utlendingen faa fritt Lov til aa koma aat Lande paa Arbeid? 11. Nedsetning av Embætslönene, so Arbeide ikkje blir betalt meir enn det er verdt.

Social-Demokraten klandrar med full Rett Fællesstyre for Arbeidarsamlaga, at det ikkje hev teke upp til Forhandling det Emne, som det no gjeld um mest: kva ein skal gjera til aa avhjelpe den aukande Arbeidsløysa.