Tobakstollen,

som dei sette upp, trur sume skal gjeva innpaa ein Million i Statskassa, men andre trur, at dei reknar gale.

Folk hev no vorte rike av Paalegge, ja, soleis var det ein Kristianiahandlar, som paa ein Dag tente 160.000 Kr., ved det at han fekk toll-leggja den vara, han hadde liggjande paa Tollbua, etter den gamle Prisen. Men Arbeidaren blir ikkje rik, han som brukar Tobakken mest. Anten kjem han til aa gjera Streik mot Storkarane, som aukar Skatten hans elder so sluttar han med Tobakken, og for det fær Statskassa svi.