Til Arne Garborg.

Du tek i siste ”Fedraheimen” fat i det, eg skreiv um di og Jæger si Bok. Du likar ikkje, eg gjer Skiland millom dei, og du segjer, at um ikkje ”Bohemen” var komen fyst, hadde ”Mannfolk” vortet meir Bôhemebok, enn ho er.

Det kann godt vera, du hev Retten paa di Sida. ”Bôhemen” er polititeken, det er raadlaust aa gaa nærare inn paa ho. Fedraheimen kunne verta polititeken han og daa. Eg vil berre halda fram det Inntrykket dei tvo Bøkerne gjorde paa meg.

”Mannfolk” er det mykje raatt i; men ho gjer Inntrykk av aa vera skrivi ut av eit godt Hjartelag, av ein, som hev set seg fælen paa alt dette raae, og som vil arbeida for aa faa det burt. Ho er eit Innlegg i Striden um Fatikfolks Rett til aa vera til og njota Livet tilliks med dei hine. Difor ligg Hovudinnhaldet i desse Ordi um Julie Lindner (S. 119):

”Ho høyrde paa hans Visdom med heilag Tru; det, han sagde, var so klaart, at alle maatte forstaa det. Det kunde ikkje vara lengje, fyrr me fekk sjaa den nye Verdi, han spaadde um, den underlege Verdi, daa alle skulde arbeida og alle vera like, so ingen fekk Raad aa kjøpa den andre, og ingen hadde Naud paa aa selja seg. Og alle skulde ha Upplysning, og alle skulle vita, at Kjærleik høyrde med til Livet so væl som Mat, og at Kjærleiken hadde si rette Tid i dei Aari, som no vart burtøydde i Sedløsya og Sut, fordi Folk ikkje hadde Raad til aa gifta seg.”

Det var desse Ordi, som gjorde meg glad i ”Mannfolk”.

”Bôhemen” derimot gav meg eit heilt anna Inntrykk. Boki hev mange gode Sidur og er skrivi med ein meiestarleg Pen. Men naar Jæger skildrar Raaskapen, gjer han det paa ein sovoren Maate, at iallfall eg fekk ei Kjensla av, at han fann ein Hugnad i han. Eg hev ikkje leset Boki meir enn ei Gong, so det kan lett vera, eg fekk ei gali Meining um ho. Men dette var, som sagt, Inntrykket.

At eg ikkje likad, Politiet tok ho, veit du fyrr.

Stavanger, 29de Febr. 88.

L. Stavnheim.