Styret for ”det norske Samlaget.”

Det er lite Framferd i Samlaget tykkjer Folk, og der er vist noko i det. Bøkerne kjem so seint og sjeldan, at ein gløymer, at Samlaget er til mest, fraa Gong til Gong.

Slikt er til stor Skade for den heile Drift, som alle kann vita, og altso til Skade for heile Maalsaki.

Ingen skal segja noko paa Styret; dei Mennerne, som der sit, og som sit der utan Løn og, for den Skuld, - dei hev vist kvar paa sin Kant nok aa gjera, so det var ikkje ventande, dei skulde hava svært stor Arbeidskraft att aat Det norske Samlaget.

Men derfor er det helder ikkje verdt aa lata dei same Mennerne sitja for lengje um Gongen i dette Styre; det vil friske paa, at det jamt kjem nye Folk inn.

No er det ein av Styrarane, som gjeng ut sjølvsagt, av di han er reist fraa Byen, nemleg Ivar Mortenson; - han er no hellest ikkje eldre i Selen, enn at han kunde ha stae ei Stund til, han. Men dermed er der no ingi Raad.

Um Formannen, Hølaas, kann ein derimot trygt segja, at han hev tent si Verneplikt. Det er mange Aar no, at han hev havt dette Maset; Gong etter Gong hev han ynskt aa sleppa fraa det sjølv, men maatte staa lell, daa ingen annan kjende seg dugleg til det elder vilde.

No, daa han ikkje er so sterk aa slita paa helder lenger som fyrr, er det reint Synd aa leggja paa han dette Yrkje. No kunde andre koma fram no og tena likso trutt som han, - so fekk dei sjaa!

Gjeng me ut ifraa, at Hølaas bør vera fri no, vert her altsaa Rom i Aar for tvo nye Menn. – At Prof. Seippel bør staa ei Rid til, er greidt; han er ikkje gamall i det, og det vil dessutan vera godt for god Samanheng.

Og det kan henda, at tvo nye Menn inn i Styret no kunde vera ei høveleg Forføting av den Styvelen.

Kven skulde me so taka att? – ja der er no ein, som er sjølvskreven, etter som me no hev fengje’n til Byen, og det er Bonden Lars Liestøl, Sæbyggjen; honom tarv eg vel berre nemna.

Men so er der ein annan god Gut, eg gjerne vilde ha inn, og det er ein av dei gamle, - redaktør Holst. Han er av den unge sterke Flokken, som rykte fram under Fjørtoft, og han hev voret trufast til denne Dag, so at her ifjor, under den ”siste Maalstriden”, var han ein av dei, som møtte best upp til Forsvar for ”sin Ungdoms Kjærlighed”.

Samlaget burde taka Lars Holst.

Det vilde vera godt paa ein annan Maate og det. Statsraad Liestøl og Opposisjonsmann Holst saman i Samlagsstyret, - det vilde vera som eit Merke paa og ei Meining om, at Maalsaki er i Aand og Sanning – ein Samlingstanke. For det er ho.

Altso – her er Lista:

Professor Seippel.

Statsraad Liestøl.

Redaktrø Holst.

Gamall Samlagsmann.