Sosialismen.

Bladet Social-Demokraten set upp som Maale for Arbeide sitt desse Setningane:

Arbeide er Kjelda til all Rikdom, og heile Vinninga bør den ha, som arbeider.

Staten bør taka paa seg Produksjonen.

Fri og samfelles Undervisning i Statsskular og offentlige baanefostringshus.

Normalarbeidsdag.

Burt med all Ulikskap i Samfunde.

Beintfram Valrett for alle, som er yver 22 Aar.

Fritt og offentlegt rettstell.

Folkevern i Staden for Herstelle.

Statshjelp aat gamle, sjuke og uføre Folk.

Religionen er kvar Mans Sak, som Staten ikkje hev noko aa gjera med.

Dette er i mange Maatar eit heilt og greidt Program. Det meste, som me hev imot det, er at dei vil gjera Staten for stor. Me er imot Statsskulane, og me er rædde for korleis det skal gaa, naar all Produksjon skal greidast av Staten. Sjølv um Folke vel Styremennerne, so blir det ei dyr og mannsterk Regjering, som ofte vil administrera burt og øyleggja dei beste Saker. Me trur ein greider seg best, naar alting gaar sjølvstyrt foruta Regjering so mykje som mogeleg.

Men det kann ogso tenkjas at Sosialismen fær fram Hovutankane uta dette store Regjeringsstelle.

Til Upplysing um Tankegangeg millom Sosialistane skal me taka inn noko av eit Stykkje i S. D.

Store Hopane gaar og svelt, samstundes som det ligg udyrka store Landsluter, som kunne gjeva Mat aat Folk i Tusenvis.

Folk bur i kalde Kot og likevæl er det Timmer nok i Skogen. Men Handverksfolke fær ikkje so mykje Arbeid, at dei kann tena Føda.

Folk vantar Sko, Skomakaren vantar Arbeid. Og likevæl er det Skinn og Ler nok.

Det er baade Raaemne og Arbeidskraft nok, og likevæl er det Arbeidsløyse og Sveltihel.

Maa ikkje dette faa Folk til aa tenkja paa, at her maa vera gale Stell.

Arbeidaren gaar allstad og høyrer etter, men kann ingen Stad faa Arbeid.

Kvifor fær han ikkje Arbeid? Forid det er fullt upp av Vare og Avsætninga er lita.

Men korleis kann daa Avsetningen vera lita, naar Stordelen av Folke vantar baade eit og anna?

Sosialismen svarar:

Fordi Arbeidaren ikkje arbeider beintfram aat den, som brukar Vara; fordi det er ei Rekkje med Millommenner imillom, som alle skal lite Vinning, so at Vara blir for dyr, fyr ho kjem aat den, som skal bruka ho, og det blir helder ikkje noko vidare att aat den, som hev arbeidt ho upp. Og daa Arbeidsfolka er dei fleste og difor brukar mest Vare, so blir Kjøpeevna deire lita, Avsetninga blir mindre enn Tilverkninga, Lagerroma blir standande fulle av Vare og ingen hev Bruk for Arbeidsfolke.

Det som gjer Skaden er soleis dette, at Arbeidaren ikkje arbeider beintfram aat den, som skal bruka Vara, men aat Fabrikanten, Meistaren, Storhandlaren, Agenten og Kjøpmannen, og desse skal alle ha sin Del af Arbeidsvinninga, so at Arbeiaren og Brukaren fær ikkje stort anna en Utlegge.

Sosialismen krev, at Arbeidaren skal ha den fulle Vinninga av Arbeide sitt. Og dette kann berre gjeras paa den Maaten, at den, som brukar Vara, fær kjøpt ho av den, som hev gjort ho, uta at nokre Millommenner gjer ho for dyr.

Men dette kanne ein ikkje naa, fyrr Arbeidaren sjølv fær Jorda og Vatne (Produksjonsmidlane) til sin Eigedom. Som det no her, hev nokre faae Eigedomsrett til Jord og Vatn, og so maa Arbeidaren stræva for det desse byd honom, og so blir det Naud og Arbeidsløyse. Men naar Produksjonsmidlane vart Allmenning, daa vart det annleis. Og det er berre Rettferd imot Fleirtale, at desse faae gjev ifraa seg Retten til slik Eigedom, som urettferdige Samfundsforhold hev late dei tilsnikja seg.

Naar Staten fekk yvertaka Produksjonen, daa kom den, som arbeider og den som brukar Vara til aa finnas. For med ”Staten” meiner me heile Folke.