Norsk bokavl.

Det var hitt året, då Huseby skreiv um, at den norske bokhandelen var so syrgjeleg liten at mange folk av målflokken vart fælt harme på Huseby, for han hjelpte på ein måte høgre mot målsaki, meinte dei.

Og radt fritt for sanning var no ’kje det held.

Men då var der burti i Sunnfjor på vestlandet ein ung gut, som vart harm – ikkje nett på Huseby – men på, at det skulde vera so låkt med den norske bokheim og boksal, og han lova med seg sjølv, at han vilde prøva å gjera alt, han kunde for den sak.

Han meinte, der hadde voret snakkat meir enn nokk, so fekk der gjerast nokot au.

Denne guten heiter Mons Litlere. Han bur no i Bergen.

Det er ein av dei likaste gutar, eg hev lært å kjenna. Norsklynd og frihugad er han, som få. Ein dugande kar er han, men det, som er det største ved honom, er ”den sødheit og ”karakterstyrke”, som ikkje vik tilsides, um det ser keidt ut, men seigt held fast på det, som han er viss um er godt og arbeid verdt.

So stød og greid hev han voret, frå han var berre gutungen; men då han kom til amtskulen i Nordfjord og trefte Elias Melvær, fekk han vita um mangt, som var verdt å arbeida for, og som han fyrr ikkje kjende til.

Nokot av det, han kom til å vermast mest for, var arbeidet for det norske målet.

Og sidan den tid hev han voret ein tru arbeidar. Han er no ei av dei beste styttor for norsk bokavl i landet.

Når han no hadde lovat seg sjølv å arbeida for norsk bokavl, so var eg viss um, at det ikkje vart med berre ord, men at han au tok åt.

Lasse Trædal i Nordenfj. Tid.