Keisar Wilhelm,

den store tyske Mannadreparen, er daaen 92 Aar gamall. Han var klent upplærd fraa fyrstundes og brydde seg ikkje um stort anna enn Soldatar.

Slaas gjorde han med Danmark, med Austrikje og med Frankrikje. Og slaas gjorde han mot sine eigne Landsfolk; han brydde seg ikkje um aa gjera Folk lykkelege, berre han kunne gjera dei tyske, meinte han, det laut vera Lykke god nok. Tyskerar skulde

Folk bli, um dei vilde elder ikkje, anten dei so var Franskmenner, Polakkar elder Danskar, berre dei var i hans landvunne Rikje. Han spurde aldri um kva Folk vilde sjølve, Keisarens Vilje skulde alle lyda. Og han vilde gjera Tyskland stort og Heren megtig, han vilde tyna Sosialistar og alle Fridomskarar, som kunne hjelpa upp Folke.

”Keisaren er død, Keisaren live!”

No er Sonen nemnd til Keisar, Fredrik III. Det skal vera ein snild og fredlynd Mann, som let Kjeringa styra, og ho er kome fraa England. Men han er so laak i Halsen, at dei spaar Feigda hans Tid for Tid. Og daa kom det att ein Krigar, Sonesonen aat Wilhelm, som døydde.