Högre og Oftedølene

blir betre Vener til kvar Dag. Naar det er eitkvart Val i Stortinge, so gjer dei Samlag um aa byta likt millom seg.

Nyleg var det soleis fire Val, som dei samdes um aa greida soleis:

I Valkomiteen Högremannen Stang.

I Lagtinge Högremannen Bugge.

I Fullmagtkomiteen Oftedölen H. E. Berner.

Til Stortingssekretær Oftedölen Eskeland.

Dei tri fyste fekk dei fram med 48-54 Røyster. Men til Vale av Eskeland spilde dei nokre Røyster, han fekk berre 44, Blehr fekk 45.

Samlagskarane er soleis 44-54 Mann, ikkje fullt Fleirtal ein Gong, og desse er det daa, som skal styra i Stortinge.

I Pengesaker torer likevæl ikkje Oftedølene anna for Veljarane enn aa røysta imot Regjeringa. Dei røyster imot ho i dei einskilde Saker, men gjev ho likevæl Tillitsvotum, naar det blir Spursmaal um det.

Dette visar, at Sparepolitikken likevæl ikkje ligg dei so hardt paa Hjarta. Naar det gjeld aa stydja Regjeringa, røyster dei baade for Kongevogner og alt som er.