Geitenatur.

Aasmund Vinje hev dikta tvo Vers um Hest og Geit, som er slike: Fyst er det um Hesten:

 

Han gjenger seg fast og han aldri kann snu.

og Motgang hans Tanke ei mognar.

Han skifter ei Meining, som Folk skulde tru.

Han brester, men aldri han bognar.

 

Slik sjelden er Geiti, det veit eg so plent:

ho er liksom vittig og braatenkt,

og aandfull, so tidt ho er ”inkonsekvent”,

og snur, naar ho ser det er faafengt*).

 

Eg skal vaaga, at Tanken hans Vinje hev fare djupare med desse Versa enn berre aa skildra Dyrelynde. Det er nok Tanken paa dei tvo Slag Huglynde i det norske Folke, som her fær Strengjene hans te aa laata.

Vinje var ein Geitenatur heilt igjenom, men han stod som klumsa, full av Age for Hestenaturen, som ”vantar paa Vit til aa venda”. ”Er det ’kje grovt med den Hestenatur”, segjer han, ”som soleis skal vera til Sinnes?”

Hesten er for Vinje eit Merkje for Austlendingen og Geita for Vestlendingen.

Det er noko han likar aa faast med ofte det, denne Skilnaden millom austlandsk og vestlandsk tankegjerd.

Soleis skriv han ein Stad:

 ”Naar Vestlendingen fær Hug til Boki, so les han mykje i Bibelen og andre gamle Bøker, helst Historie. Av Bibelen fær han den Merg og Bilætrikdom, som maa vera Grunnlaget for kvar ein, som der skal verta noko stort av. Og av Historien fær han og ein god Grunn.

Men so kjem han sjeldan lenger fram. Han har ei Slags Meining um den gamle Tid, men den nyare kjenner han lite elder inkje til. Aviser og Politikk kjenner han som tidast berre av Namn.

Austlendingen les no nettupp mest av det, som Vestlendingen minst les. Han tek Kunnskapen mest frå Toppen, han.

Vestlendingen kjem sjeldan lenger enn til 1814, til Grunnloven. Og der byrjar nettupp Austlendingen. Gamle Skinnbøker naa ikkje lenger fram enn knapt til 1814, og med det tek Smaabøker og Aviser til. Vestlendingen kjenner soleis godt Snorre og Holberg og Keiser Carls Krønike, og dei gamle Kjempe-Visur og Peder Syv.

Vestlendingen bur meir einbølt, han, og maa strida seg fram i Fjell og Udyrkje med Vind og Ver. Dette kvesser hans Tanke og snur den meir inn mot seg sjølv. Det gjer, at han aldri er raalaus, og viklar ut eit leikande Løgje og – ”Bondefulhed”. Han nøydes som Reven til aa gjera Krokar.

Austlendingen er meir snudd ut mot Livet, som er meir livande kringum honom.

Dette gjer honom mindre djuptenkt og meir open. Difor er han helder ikkje so ordviss og løgleg. Det gneistar og sprakar Vit av Vestlendingen i hans norske Maal”*).

_________

Det er i Grunnen dette same Tvidrage millom vestlandsk og austlandsk Upplysing, som er framme i Vinstrepolitikken no um Dagen, det er Hesten og Geita, som kappas. Hesten strævar ende fram, er seig og godlynd, skifter ikkje Meining, men held fram paa den Vegen, han hev funne er den rette, alt til han møter ei Hindring so stor, at han ikkje paa nokon Maate kann koma lenger, daa legg han seg helder til aa døy der han er komen. Alle Smaamein, som legg seg i Vegen hans, trakkar han berre ned og vyrder ikkje alle ”Hensyn”, alle Høydottar, Mosetappar og Riskvister, som Geita heftes ved og skal burt aa nappa i kvart Augeblik. Nei han kan berre bresta ”men aldri han bognar”.

Men denne vestlandske Geitenatur, som no er komen i Høgsæte, den kann aldri halda ein bein Veg, det er ikkje anna enn Bøyg og Bogar all Tida, den rivs hit og dit av alle Slag ”Hensyn” og gløymer Tru og Lovnad, men det same Handa er gjeva.

Det er aldri nok aa lita paa, naar ein slik norsk Geitebukk lovar noko, det er fyst naar han ogso lovar, at han vil halda det, han hev lova, at han kan vera truande.

”Vi faar bruke Lirkemetoden”, sae Jak. Sverdrup, daa han var Prest i Sogn.

”Ein fangar ikkje Reven,” sae Lars Liestöl.

Ja med Sæbyggen Lars Liestøl er det, at Geitesyne kom inn i Kongsgarden.

Hev det ikkje vore synt fyrr, so vart det greidt dei siste Dagane, han var paa Tinge, at det var Geiteslag i Politikken hans Liestøl.

Fyst var han med paa Forslage hans Blekastad, som Sverdrup sae det um, at vedtok Tinge dette, so maatte han og heile Regjeringa gaa av. Sea var han med paa Dahls Tilltisvotum, og nokre Dagar etter gjekk han sjølv inn i den Regjeringa, som han hadde vore med paa aa velta ned.

Sparemannen, Republikanaren, Embætshataren, Prestefienden gaar inn i det Ministerium, som kjæler for Kongen og let Presten styra, som aldri veit og spara og driv med Embætsstyring likso gale som fyrr.

Ja slik er han Liestøl, eg veit det so plent:
han er liksom vittig og braatenkt
og aandfull, so tidt han er ”inkonsekvent”,
og snur, naar han ser det er faafengt.

 

No sit det i Kongsgarden baade Geitar og Kaninar attaat nokre Høgrebjønnar, men dei trugne Arbeidshestane dei maa standa utafor i Snøhaugen.

________

Vinje segjer det, at ”ved Vestlending meiner eg ikkje eingong dei reine Vestlendingar paa Jadren og Lister, men eg tek med i dette Namn dei, som ikkje bu aust paa det flate Land og kring Byarne i store Bygder. Eg kunde derfor setja Fjellbue og Flatbue mot ein annan.”

Ja det er og soleis, og difor sleng det Bondefulingar og Geitenaturer austigjenom alle Fylkje, der det ber sopas til Fjels, at Geita trivs.

Det er Fjellbondens presteridne, innknipne og mistenksame Livssyn, som no skal vera det fornæmste.

Longe sea hev dette Livssyne vore prist i Kunst og Dikting, men me trudde aldri, at det ogso skulde koma soleis fram i Politikken. Det kjem for seint, kor som er. Ungdomen baade i Fjellbgydene paa Austlande og paa heile rette Vestlande hev alt kasta Geitehamsen fraa seg og byrjar tenkja og tala, liva og føra seg, og jamvæl faa moralsk Andsvar som Kulturmenneskje.

Gode Vegjer, Dampskip og Jarnbanar og eit likare Poststell legg det aandelege Geitebeite under Mannadyrking. Vinstreforeiningar og Samtalelag fører Folk saman og gjer dei meir kjende med kvarandre, so dei blir mindre ljosrædde og meir motige til aa tala beint ut, kva dei meinar, uta Krokvegjer.

Jamvæl dei beste Geitelende burti dei tronge Fjordane kjem nok til aa folkas, fyrr nokon veit um det. Ein Brevsendar burtifraa dei verste Bergkluvene og Holene der vest fortel, at ”alt det, som er ungt og friskt her i heile Fylkje er heilt ut Vinstremenner. Det er berre ein Treff aa finna Oftedøler blant Ungdomen”.

Geitenaturen og Geitevegen er væl gamall og nasjonal her i Norig.

Men skal det bli Folk av oss, so maa det likevæl bli den støe Hestenaturen, som sigrar, den ”som vantar paa Vit til aa venda”, den som brester, men aldri kan bogna.

Soleis som jamvæl Per Sivle, song, den Tid han var Kar:

”Aa det er det store,
og det er det glupe,
at Merkje det staar,
um Mannen han stupar”.

__________

*) Lenda, Norske Dikt, Side 210.

_________

*) Sjaa Vinjes Skrifter i Utval, 1ste Bande, Side 55-56.